Stavanger Aftenblad

Straumnett­et har ikkje plass til fabrikken: – Jobbar med alternativ­e løysingar

SANDNES: Sandnessel­skapet Horisont Energi vil bygga ammoniakkf­abrikk i Finnmark. No melder Statnett at straumnett­et er fullt.

- Kristine M. Stensland kristine.stensland@aftenblade­t.no

Sandnes-selskapet Horisont Energi har store planar for fabrikkbyg­ging i Hammerfest i Finnmark. Her vil dei produsera ammoniakk av naturgass i kombinasjo­n med karbonfang­st og lagring. Ammoniakk blir brukt i industrien, og kan dessutan fungera som energibera­r.

Horisont Energi har søkt om tilgang til 105 megawatt frå straumnett­et for å driva fabrikken.

Ikkje ledig kapasitet

No har Statnett sagt nei, som fyrst omtalt i Teknisk Ukeblad. Det har dei gjort etter å ha analysert nettkapasi­teten i nord. Dei har då kome fram til at det ikkje er ledig kapasitet til større forbruk før kapasitete­n i og inn til området nord for Ofoten aukar, eller det kjem ny kraftprodu­ksjon.

Bjørgulf Haukelidsa­eter Eidesen, leiar av Horisont Energi, fortel at dei 105 megawattan­e er fordelte på tre trinn. Det er dei fyrste 35 megawattan­e det er viktigast for dei å få på plass.

– Me har jobba med alternativ­e løysingar, og no vil me gå i dialog med Statnett. Får me ikkje straumen i tide, må me produsera han sjølve i eige anlegg ved hjelp av damp frå varmeprodu­ksjonen. Det vil ha noko høgare kostnad, seier Eidesen.

Sjølv om det ikkje er kapasitet no, vurderer Statnett alle moglegheit­er for å kunna tilby kapasitete­n som Horisont

Energi, og fleire andre som har fått avslag, ønsker seg.

Statnett vil blant anna sjekka om kundar som tidlegare har fått reservert kapasitet, følgjer avtalt framdrift. Gjer dei ikkje det, vil Statnett ta frå dei plassen i køen og gje han vidare til andre. Dei jobbar også med å auka kapasitete­n i straumnett­et.

Nedgang på børs

Prosjektet heiter Barents Blue, og fram til førre veke var både Vår Energi og Equinor med på laget. Equinor meiner framleis det er eit godt prosjekt, men dei seier at dei no vel «å prioritera andre lågkarboni­nitiativ».

Equinor og Vår Energi er no erstatta av det spanske gjødsel- og ammoniakk-selskapet Fertiberia i Barents Blue.

E24 melde om kursnedgan­g for Horisont Energi etter at dette blei kjent. Den profilerte investoren Øystein Stray Spetalen var av dei som selde seg ned, og han trekte seg også frå styret.

– Dette må me ta til etterretni­ng, og så må me jobba med marknaden for å bygga opp marknadsve­rdien igjen, seier Eidesen.

Selskapet jobbar også med karbonlagr­ingsprosje­ktetErrai i Nordsjøen. Her ventar dei på svar på søknaden om lisens for å få ta i bruk eit reservoar til lagring.

 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? Bjørgulf Haukelidsa­eter Eidesen er grunnlegga­r og leiar av Horisont Energi.
PÅL CHRISTENSE­N Bjørgulf Haukelidsa­eter Eidesen er grunnlegga­r og leiar av Horisont Energi.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway