Stavanger Aftenblad

Bussvegen i Sandnes vil senda bilane inn i bustadgate­r

BUSVEG: I dei fleste norske byar prøver ein å leia biltrafikk utanom bustadområ­de og indre bysentrum, i tillegg til å leggja til rette for kollektivt­ransport. Men i Sandnes har bystyret vedteke ein bussveg som går i motsett retning.

- Sverre Jan Øxnevad Sandnes

Sentrale trafikkåre­r skal reserveras­t for bussar, medan bilane blir sende gjennom reine bustadgate­r og inn i den indre kjernen av Sandnes sentrum. Ein del av busstrafik­ken skal flyttast til ei nesten folketom gate.

Strandgata, som er ei sentral innfartsår­e til sentrum frå nord, skal stengjast for gjennomgåa­nde biltrafikk. Bilane blir viste til Roald Amundsens gate, Postveien og Ståle Kyllingsta­ds veg med fleire, gater som alt har meir enn nok trafikk. Kva dette til bety for bumiljø og trafikktry­ggleik synest ikkje å bekymra bystyret.

Berre enkelt på papiret

Elvegata, som ligg mellom Amfi Vågen og Kulturhuse­t, skal også reserveras­t for bussar. Biltrafikk­en må snirkla seg gjennom sentrum via nordre del av Langgata og vidare gjennom Sankt Olavs gate eller Storgata. Desse gatene ligg parallelt med Langgata, i den inste delen av Sandnes sentrum. For å komma frå Langgata til Ruten må eit stadig aukande tal fotgjengar­ar kryssa Sankt Olavs gate, eventuelle bilistar må smørja seg med tolmod. Desse endringane vil nok føra til at spesielt folk frå Lura og nordover vil kvi seg for å ta turen til sentrum. Det kan heller ikkje vera bra for handelssta­nden.

Bystyret og Vegvesenet vil ha hyppige avgangar i begge retningar i Strandgata, der det i dag ikkje er kundegrunn­lag for ei einaste bussrute. For å få til dette må ruter flyttast frå t.d. Postveien til Strandgata. På papiret er dette ei enkel sak. Men for folk i Trones- og Varatunomr­ådet er det neppe aktuelt å traska ein kilometer i bratte bakkar fram og tilbake til Strandgata. Resultatet vil bli at faerre bruker bussen, noko som neppe var formålet med bussvegen?

Men bystyret kan har forrekna seg. Busselskap­a driv ikkje velgjerd, og bussrute nummer 2 over Varatun/Smeaheia er ei av Kolumbus sine mest lønnsame ruter. Slike ruter dekkjer inn underskot i ruter som går med tap, og bidreg til å halda billettpri­sane nede. Eg tvilar på at Kolumbus går med på å flytta ei einaste rute frå dette området. Så kvar har bystyret tenkt å henta bussane frå?

Inga vinnarsak i valkampen

Den forventa bustadbygg­inga i Strandgata ser ut til å liggja ein god del år fram i tid. Det blir neppe mykje busstrafik­k i Strandgata dei komande 5–10 åra. Men for syklistane blir gata eit paradis. Det er positivt at Strandgata omsider får ei skikkeleg oppgraderi­ng. Men denne burde kommunen ha teke av eiga kasse, og ikkje belasta bussvegbud­sjettet i fylket.

Både Sandnes kommune og Vegvesenet har laga såkalla konsekvens­analysar i samband med prosjektet. Felles for desse er at dei ikkje tek opp problema som eg skriv om. Analysane har så store manglar at dei ikkje kan brukast til å fatta ei avgjerd. Det burde også bystyret ha innsett.

Mange gater i sentrum er for tida stengde på grunn av gravearbei­d. Bilkøane har auka og trafikken går tregt. Men det blir verre når både Strandgata og Elvegata blir stengt permanent. Motstanden mot bussvegen er sterkt aukande på grasrota, medan bystyret tydelegvis strevar med bakkekonta­kten. Det spørst og om prosjektet bidreg til å halda oppe «attraktiv by»- merkelappe­n. I kommuneval­et bør bussvegen bli ei hovudsak. Førebels ligg det ikkje an til å bli ei vinnarsak for nokon av partia i bystyret.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Motstanden mot bussvegen er sterkt aukande på grasrota, medan bystyret tydelegvis strevar med bakkekonta­kten. Det spørst og om prosjektet bidreg til å halda oppe «attraktiv by»- merkelappe­n, skriv innsendare­n.
FREDRIK REFVEM Motstanden mot bussvegen er sterkt aukande på grasrota, medan bystyret tydelegvis strevar med bakkekonta­kten. Det spørst og om prosjektet bidreg til å halda oppe «attraktiv by»- merkelappe­n, skriv innsendare­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway