Ullandhaug må få kortare bussruter til byen
BUSSRUTER: Gjennom mange år er det gjort store investeringar i vegutbygging, bussveg og sykkelstamveg på NordJaeren. Mange interesser er høyrt i denne prosessen, men interessene frå Ullandhaug og Universitetet i Stavanger (UiS) let til å ha kome i bakleks
Med over 12 000 studentar og 2 000 tilsette er UiS eit dagleg reisemål for veldig mange. Når nye Stavanger universitetssjukehus (SUS) står klar vil talet på tilreisande til Ullandhaug bli dobla. Samstundes gjer nybygg at tilsette og studentar ved UiS og SUS må klare seg med faerre parkeringsplassar i åra som kjem.
Utsiktene peikar dermed mot hardare press mot kollektivtilbodet, etter som talet på tilreisande vil auke kraftig, samstundes som talet på parkeringsplassar går ned. Med grøn omstilling som overordna strategisk ambisjon er det saers viktig for UiS at forholda blir lagt best mogleg til rette for at fleire kan klare seg utan eigen bil til og frå Ullandhaug.
Kortare veg viktigare enn avgangar
Det er vanskeleg å sjå at prioriteringane frå oss som held til på Ullandhaug er godt reflektert i planane for vidareutviklinga av kollektivtrafikken i området. Svaret er ikkje eit par avgangar ekstra i timen. Hovudutfordringa er nemleg at vegen til sentrum er for lang. I stor trafikk må ein i dag ta omvegen om Madla for å kome seg til bykjernen. Alternativt kan ein ta buss gjennom sjukehustunnelen til Hillevåg, og deretter køyre Lagårdsveien til sentrum.
Men me skal ikkje til Madla, og heller ikkje til Hillevåg. Og heller ikkje til Jåttåvågen, for den saks skuld. Det dei aller fleste av oss vil er å kome oss til og frå sentrum – og det raskt. Det me treng er difor ein kortare og betre busstrasé, via Mosvangen, motorvegen og ned Kannik. Spørsmålet har vore drøfta ved fleire høve, men kvar gong har ein enda opp med prioriteringar for investeringar og utbygging som er meir til gang for andre enn oss på Ullandhaug og UiS.
Ekstra viktig er det at ein i dag ikkje tek avgjerder som gjer det umogleg å korte bussvegen frå Stavanger til Ullandhaug i framtida. No legg ein planar for bussveg langs nordsida av Madlaveien, frå Kannik til Madla. Faren med planane er at ein risikerer å avskjere motorvegen som trasé for ein framtidig bussveg.
Legg bussplanar som gagnar oss
Kollektivtraséen som no er under bygging frå Ullandhaug til Jåttåvågen var heller ikkje ein prioritet frå UiS si side. Når denne står ferdig risikerer ein uansett at eit effektivt kollektivnett frå sør får ein brå slutt på Ullandhaug. Dette vil skape ein trafikkpropp rundt universitetsområdet. Difor er det saers viktig at ein no kan forsere planlegginga av ein effektiv kollektivtrasé frå Ullandhaug til sentrum.
Ved UiS legg me stor vekt på grøn omstilling. Samstundes vil me legge til rette for at Ullandhaug og UiS blir ein mest mogleg attraktiv studiestad og arbeidsplass. Me er mange som har ein felles interesser i Stavanger som arbeidsregion og studentby, ikkje minst dei som ivrar for Ullandhaug som sameint innovasjonsdistrikt. Difor er det på høg tid at interessene på Ullandhaug blir reflektert også i planlegging og investeringar rundt kollektivtrafikken.