Stavanger Aftenblad

Fin fjelltur

FILM: «De åtte fjellene» byr både på utsikt og innsikt, høge toppar og djupe dalar.

- Jan Zahl

De åtte fjellene Kinopremie­re: 10.02.2023. Originalti­ttel: Le otto montagne. Med: Alessandro Borghi, Luca Marinelli, Filippo Timi, Elena lietti, Gualtiero Burzi. Sjanger: Drama. Regi: Felix van Groeningen, Charlotte Vandermeer­sch. Nasjonalit­et: Italia, 2022. Aldersgren­se: 6 år. Lengde: 2 timar, 27 minutt.

«De åtte fjellene» er en film om meningen med livet, et livslangt vennskap og deres sterke bånd til naturen og fjellene.»

Dette står i reklamen for Felix van Groeningen og Charlotte Vandermeer­schs nye fjellfilm, som stakk av med juryprisen på den prestisjet­unge filmfestiv­alen i Cannes i fjor.

Å marknadsfø­ra ein film som at han handlar om «meininga med livet», er å bruka ein klisje som legg lista høgt og raskt risikerer riv. Men filmatiser­inga av den italienske suksessrom­anen av Paolo Cognetti svever både høgt og landar på beina.

Filmen handlar om to ganske så ulike gutar og menn. Pietro bur saman med foreldra sine i Torino, der mora er laerar og faren ingeniør. Kvar sommar leiger dei eit hus høgt oppe i alpane. Der møter Pietro den siste ungen som er igjen i landsbyen, nemleg Bruno. Han går knapt på skule, lever på ein fjellgard, tett på naturen.

Dei to 12-åringane blir venner – fram til kontakten blir broten og dei går ulike vegar.

Men hovuddelen av filmen handlar om når dei møter kvarandre igjen som vaksne menn. Om livsvegen dei på kvar sin kant prøver å finna ut av. Jobb. Familie. Eit liv i byen eller eit liv i fjellet. Begge blir tiltrekte av fjellet, av det tilsynelat­ande enkle livet tett på naturen. Men begge strevar med å få det til.

Dette er ingen actionfilm. Som ein roman, går filmen sakte og stille framover, utan store ord eller fakter. Likevel lukkast filmen i å fortelja ei historie som treff emosjonelt. Du føler med desse menneska i deira forsøk på finna si meining med livet. Då skal historia både vera godt skriven og godt spelt, og her får du begge delar.

I tillegg er det – kanskje ikkje akkurat uventa sidan det handlar om grandiose fjellandsk­ap – fantastisk­e bilete. Pussig nok ikkje i det breie panoramafo­rmatet du kanskje kunne forventa, men i det langt smalare og gammaldags­e – nå visstnok også hippe – «academy ratio».

Så har du lyst på ein skikkeleg fjelltur - utan å bli verken sveitt eller anpusten - er kinosetet og «De åtte fjellene» altså eit godt tips.

Å marknadsfø­ra ein film som at han handlar om «meininga med livet», er å bruka ein klisje som legg lista høgt og raskt risikerer riv.

 ?? ?? Bruno og Pietro er venner frå barndommen. Begge blir dregne mot fjella i forsøket på å finna meininga med livet.
Bruno og Pietro er venner frå barndommen. Begge blir dregne mot fjella i forsøket på å finna meininga med livet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway