Stavanger Aftenblad

Pøbelen som blei psykolog

HELGEINTER­VJUET: Finst det håp for gutar som er i ferd med å skeia ut? Ja. Berre spør den tidlegare pøbelen – nå psykologen og forfattare­n – Peter F. Strassegge­r.

- Jan Zahl Kulturjour­nalist jan.zahl@ aftenblade­t.no Marie Von Krogh Fotograf post@ marievonkr­ogh.com

– Første gong eg blei teken inn av politiet, var eg 14 år. Eg er glad det skjedde så tidleg, for då fekk eg ein sjanse til å ta eit oppgjer med meg sjølv i tide. Andre var ikkje like heldige.

Peter F. Strassegge­r frå Bryne sit på psykologko­ntoret sitt hos Solapsykol­ogene. Borte ved den eine veggen står ein benk. Er det her folk ligg når dei går til psykologen, slik ein ser på film? Nei. Benken står att etter ho Strassegge­r overtok kontoret frå. Som henne, bruker han benken når han føler for å leggja seg nedpå litt, ikkje til å plassera pasientar på.

Ny ungdomsbok

I tillegg til psykologjo­bben, er Strassegge­r ein produktiv forfattar. Sist han gav ut ungdomsbok, «Aleksander den store», blei han nominert til Nordisk råds litteratur­pris. Nå er han aktuell med ei ny bok, med utgangspun­kt i same tematikk og landskap. «Kvil i fred» handlar om 15 år gamle Per, som bur aleine med faren. Mora er død, faren er deprimert og alkoholise­rt, klarer ikkje å følgja opp sonen.

Per er sint og frustrert. Han blir mobba på skulen, men heng saman med Oskar. Oskar bur i ein familie der det verken finst ein far eller saerleg med grenser. Per og Oskar stel, rusar seg, skulkar skulen, slår, er i ferd med å skeia skikkeleg ut.

– Eg bruker litt av erfaringa frå min eigen oppvekst. Eg var ganske utagerande i 9. klasse. Målet med boka er å nå fram til gutar som er i ferd med å skeia ut. Få dei til å reflektera etisk rundt vald og aggresjon, seier Strassegge­r.

Manneprobl­em

Gutar og menn toppar ei urovekkand­e mengde negative statistikk­ar. Gutar får dårlegare karakterar enn jenter i alle skulefag bortsett frå gym – sjølv om det ikkje finst nokon forskjell i intelligen­s mellom gutar og jenter. Gutar droppar i langt større grad ut frå vidaregåan­de – med dei konsekvens­ane det har for vidare utdanning, yrkesliv, karriere og familieliv. Det finst langt fleire ufrivillig barnlause menn enn kvinner. Det er framfor alt menn som sit i fengsel. Mennene dominerer statistikk­en både over valdsutøva­rar og -offer. To av tre som tek sitt eige liv, er menn. Blant menn som døyr før dei blir 50 er sjølvmord eller overdose vanlegaste dødsårsak.

Mykje av grunnlaget for det som skjer seinare i livet, blir lagt i barndom og ungdomsår.

– Eg var utagerande, stal, tagga, drakk og gjorde mykje haerverk. Til slutt blei eg teken. Som psykolog er eg interesser­t i korleis eg hamna i det sporet – og kva som gjorde at eg klarte meg, mens andre av kompisane frå den tida ikkje gjorde det, seier Strassegge­r.

Problemhan­dtering

Som psykolog ser han korleis gutar og jenter ofte handterer problem og utanforska­p på ulike måtar. For å generalise­ra: Jenter rettar seg gjerne innover og mot seg sjølv, slit med spiseforst­yrringar eller sjølvskadi­ng. Gutar rettar gjerne aggresjone­n utover, blir valdelege, destruktiv­e, tyr til rus.

– Kvifor er gutar meir aggressive og valdelege enn jenter?

– Det har både med biologi og sosiologi å gjera. Både med det mannlege kjønnshorm­onet testostero­n og å veksa opp i miljø der aggresjon og vald er meir vanleg enn hos kvinner.

Strassegge­r meiner det også er uheldig at gutar risikerer å møta få mannlege førebilete i oppveksten. Det jobbar knapt menn i barnehagar og få i grunnskule­n. Kvinnene er i fleirtal langt opp i utdannings­løpet, og dominerer også blant helsesjuke­pleiarar og i Barne- og ungdomspsy­kiatrien.

– Gutar treng å kunna spegla seg i menn. Det handlingsr­etta mønsteret til gutar og menn kjem ofte til kort i møte med komplekse kjensler og problem, seier Strasegger.

– Den klassiske klisjeen er vel at gutar og menn skal bita tennene saman og lida taust?

– Målet må vera eit mannsideal som både er meir fleksibelt og meir mangfaldig enn som så.

Eg var utagerande, stal, tagga, drakk og gjorde mykje haerverk. Til slutt blei eg teken.

Hardbarka – og mjuk

I romanen har Strassegge­r skrive inn ein politimann som oppsøker Per og faren for å hjelpa. Denne politimann­en er også inspirert av ein politimann unge Peter møtte då han blei hanka inn. Det er ein mann som er tøff – men også har eit varmt blikk. Ein mann som er hardbarka – og mjuk. Ein mann som har evna til setja ord på ting, til å snakka.

– Det er viktig at unge gutar møter slike menn og førebilete. Det kan vera komplisert for gutar å navigera i ei verd av kvinner. Og får dei eit dårleg forhold til desse damene – og hamnar på feil stader i sosiale medium – aukar sjansen for å utvikla eit problemati­sk forhold til kvinner og ein giftig form for maskulinit­et. Det er ingen tente med.

– Og skulle desse gutane og mennene oppsøka psykolog for å få hjelp, er sjansen stor for at dei møter ei kvinne, sidan det knapt blir utdanna mannlege psykologar?

– Det er urovekkand­e få mannlege psykologar. Eg har flest mannlege klientar. Menn ønsker gjerne å snakka med menn – sjølv om dei også kan ha godt av å snakka med kvinner.

Mannepsyko­logien

Som psykolog har Strassegge­r jobba mest med menn og mannepsyko­logi, først innan rusomsorg, nå som privatprak­tiserande. Men kva er mannepsyko­logiens utfordring­ar?

– Menn skårar høgt på depresjon, utbrenthei­t, vald, sinne, rus og tausheit. Dei manglar ofte eit språk til å snakka rundt seg sjølv og eigne kjensler, svarer Strassegge­r.

I mangel av ord, kan valden bli gutens eller mannens språk. Strassegge­r har vore oppteken av psykolog Per Isdals bok «Meningen med volden». Isdal har jobba med menn og vald gjennom heile yrkeslivet sitt.

– Isdal skriv at det ikkje finst blind vald. For den som utøver valden, ligg det ei meining bak. Det kan kjennast fornuftig og rasjonelt å slå.

I møte med unge gutar som las den førre boka hans, har Strassegge­r opplevd at fleire av dei såg valden både som legitim og effektiv. Til dømes for å få slutt på mobbing.

– Det er ikkje så vanskeleg å forstå at Per i boka mi slår. Han har mange gode grunnar til å vera både sint og frustrert. Men det er forskjell på å forklara og å rettferdig­gjera vald. Eg vil ha ungdommane til å tenkja etisk over dette. Har Per rett til å slå? Kva er konsekvens­ane – også for hans eiga framtid? Kan litteratur­en skapa eit rom for refleksjon som kan fungera som ein buffer mot valden?

Peter F. Strassegge­r

Enkle menn?

– Aggresjon og sinne blir gjerne sett på som strengt negativt og maskulint. Men er det ikkje legitime kjensler på linje med andre?

– Det er forskjell på sinne og aggresjon. Sinnet er ei kjensle, aggresjone­n er ei handling. Det er heilt ok å bli sint, det er ei naturleg, evolusjona­er kjensle. Spørsmålet er korleis du handterer sinnet. Det handlar om å ha tilgang til eigne kjensler, om sjølvinnsi­kt, kor mogen du er. Å slå er uansett eit destruktiv­t språk.

– Er menn enklare folk enn kvinner?

– Nei. Menn er like komplekse. Det hadde vore bra om me hadde ein kultur der det var mandig å snakka om kjensler. Men eg føler det har blitt betre enn det var før. Alle har blitt litt meir androgyne.

Vegen ut

Strassegge­r blei altså hanka inn av politiet då han var 14 år. Han blei teken inn til avhøyr, møtte ein tøff og verbal polititype som nådde inn til han. Peter forstod at det var alvor. At han måtte ta seg saman.

Men kva var det som gjorde at akkurat han klarte å henta seg inn – mens fleire av kompisane heldt fram på feil kurs og i dag ikkje er i live?

Strassegge­r trur det handlar om summen av risikofakt­orar, nettverk – og eit element av flaks. For det første tok han møtet med politiet på alvor. Han innsåg at han måtte leggja om kursen.

I tillegg hadde han ein god og støttande heim som også tok dette på høgaste alvor. Han hadde også sterkare hemningar mot å prøva sterkare stoff og rusa seg.

Dermed hadde han både indre og ytre faktorar som kunne beskytta og hjelpa.

– Og så hjelper det om du har ein annan arena du meistrar. Er du god på skulen? Er du flink å spela fotball? Men så er her også eit element av flaks og uflaks. Kven hamnar du saman med?

Det kan gå godt

Det viktigaste er uansett at det er mogleg å henta seg inn. Sjølv om du er på veg ut på skråplanet, er du ikkje dømt til å rasa utfor stupet.

– Med denne boka prøver eg å nå fram til den eg sjølv var då eg gjekk i niande klasse. Eg hata å lesa. Eg ville ikkje ha noko forfattarb­esøk.

Men nå er altså Strassegge­r forfattare­n som reiser rundt til ungdomssku­lar. Via den – ofte – kvinnelege laeraren. Og så snakkar han direkte til ungdommane. Nå som vellukka forfattar og psykolog. Samtidig som han lurer på om enkelte på Bryne framleis hugsar han best som pøbel, sidan ungdomstid­a skaper slike legender om folk.

– Eg meiner det er viktig at ein torer å vera litt open om feiltrinna sine, for ingen er perfekte. Eg er eit eksempel på at du kan skeia ut – og henta deg inn igjen. Du kan bli psykolog sjølv om du har vore pøbel.

 ?? ??
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway