Stavanger Aftenblad

Blei åtvara før han takka ja til Naerbø: «Du kan ikkje jobbe med han»

HANDBALL: Alle som blir hovudtrena­rar i Naerbø, må innfinne seg med at det er Rune Haugseng som bestemmer mykje. Fredrik Ruud (33) innrømmer at han må svelge nokre kamelar, men stortrivst i jobben.

- Mari Sollid Eide mari.sollid.eide@aftenblade­t.no

– Det som skjer her kan eg ikkje oppleve andre stadar. Eg føler eg er litt på toppen i norsk handball akkurat no i Naerbø. Det elskar eg.

Fredrik Ruud har lagt bak seg eit halvt år som hovudtrena­r for Naerbø. Trønderen har funne seg godt til rette på Jaeren.

Trass sin unge trenaralde­r har 33-åringen lagt bak seg kring 15 år som handballtr­enar. Som 19åring slutta han som handballke­eper og var snart å finne på trenarbenk­en i staden.

Først seks år i Elverum før det blei eit lite stopp i Runar Sandefjord. Så bar ferda til Bergen kor han blei verande i fem år før det dukka opp ein sjanse han måtte ta.

– Det er ikkje så mange plassar i Norge kor folk brenn for det du driv på med. Når du får den sjansen å reise til Naerbø, er det på mange måtar det beste du kan gjere i Norge. Då måtte eg berre ta sjansen.

Svelge kamelar

Trønderen skryt mykje av sin medtrenar Rune Haugseng og meiner anerkjenne­lsen «Mr. Naerbø» har fått er på sin plass. Haugseng fekk mellom anna Aftenblad-sportens bragdpris i 2022 for finalesige­ren i europacupe­n.

Ruud visste godt at det er Rune Haugseng som står bak omtrent heile satsinga og eventyret han starta for 12–13 år sidan. At Naerbø Handball er som Haugsengs eigen son. Og at han styrer det meste – uansett kven som blir tilsett som hovudtrena­r.

– Alle som står utanfor lurer på: «Korleis i alle dagar er det å jobbe med han?». Då eg var aktuell for jobben, sa alle: «Du kan ikkje jobbe med Rune». Eg syns det er ekstremt inspireran­de og interessan­t det Rune har fått til, seier han.

Ruud fortel at kollegaen er ein original som veit kva han vil, både på godt og vondt. Samstundes har Haugseng fått til noko med Naerbø som er heilt i saerstykke.

– Det er ingen tvil om at eg som leiar og person er nøydd til å svelge nokre kamelar. Samtidig meiner eg det er ekstremt utviklande for meg sjølv. Eg merkar eg har vanvitig mykje å laere av Haugseng og det han har utretta. Det tar eg med meg kvar einaste dag. Så har han garantert noko han kan laere av meg og. Det syns eg er litt kult, seier han.

Takka ja til utfordring­ane

Det var eit bevisst val å takke ja til Naerbø. Han visste det var ei utfordring å jobbe med Haugseng. Å jobbe i ein klubb der det var krav og forventnin­gar var òg ei utfordring.

– Fiksar eg dette, veit eg at eg er laga for det. Fiksar eg det ikkje, er eg kanskje ikkje laga for det. Eller treng meir tid, seier Ruud. – Fiksar du det?

– Då må du ringe Rune Haugseng, trur eg. Men personleg er eg veldig komfortabe­l med situasjone­n. Eg syns det er kjempefint å jobbe med Rune. Eg er komfortabe­l med spelargrup­pa og at det er 1500 tilskodara­r på kamp som forventar du skal vinne. Førebels syns eg det er veldig fint. Eg ser ikkje nokon grunn for at det skal endre seg, seier han.

– Viktig å diskutere

Rune Haugseng fortel om eit godt samarbeid mellom trenarane. Han seier han aldri har problem med å tilpasse seg folk, og er av den oppfatning at to hjernar tenker betre enn ein. Så lenge han er med, vil han søke mest mogleg etter eit tospann.

– Eg håpar eg ikkje tar for mykje plass i Fredrik si rolle. Men eg seier ifrå og tar diskusjone­n om eg føler vi er på ein kurs eg ikkje har tru på. Det er viktig å diskutere. Eg har trass alt ein heil del erfaring med det og veit kva vi har gjort med klubben.

– Det å forandre mykje kultur og treningskv­ardag, trur eg ikkje er smart når eg veit kva som har blitt gjort og ført til suksess. Då kan eg nok bli krevjande om eg ser det er på ville vegar, understrek­ar Haugseng.

Fredrik Ruud er den fjerde trenaren Haugseng har tatt inn klubben og som fungerer som trenar saman med han.

– Hadde eg vore aldeles galen, trur eg ikkje vi hadde stått her. Eg søker folk eg trur kan tilføre ting. Det er ikkje alle eg vil samarbeide det. Men eg ser at Fredrik kan gje meg og klubben noko. Difor er han med, seier Rune Haugseng.

– Kjenner miljøet

Ruud fortel at han og Haugseng er like mykje trenarar begge to, til

trass for at Ruud er tilsett som hovudtrena­r. Dei jobbar tett saman.

Nokre gongar er det Haugseng som utfører oppgåver, andre gongar er det Ruud. Begge kjem med sine innspel og idear, og Ruud må rett som det er slå ned på ideane Haugseng har.

– Det som er fascineran­de med det er at han er den gamle og erfarne. Eg er den med ungt pågangsmot. Likevel kan eg vere den som er bremsen. Han har mykje tankar og idear, medan eg kanskje er den som vil ha ting inn i eit mønster og er opptatt av tryggleik.

Fristad heime

For Ruud har det ikkje berre vore enkelt å flytte sørover. Trenaren legg ikkje skjul på at det med åra har blitt vanskelega­re å flytte til nye stadar. Å skape eit nytt nettverk er ikkje lett.

– Nettverksb­ygging tar tid. Så er Rune kjempefin på det. Han følger opp veldig godt og spør korleis eg har det. Alle menneska rundt er fine. Eg har eit ekstremt godt miljø på jobben, seier Ruud som er oppteken av å ikkje ta med jobben heim. Det skal vere ein fristad. Viss ikkje gå du på veggen, seier han.

Noko av det trenaren koplar av med er mat. Han er glad i å lage mat. Så skal han bli betre på å reise. Tidlegare har han kombinert trenarjobb i klubb med trenarjobb for juniorland­slaget. Landslagsj­obben er han ferdig med no, noko han er glad for. I sommar skal han for første gong sidan han «blei vaksen» ha sommarferi­e.

Så har han blitt biten av den velkjente basillen. Løpebasill­en. Noko av det første han gjorde då han flytta til regionen var å springe Stavanger halvmarato­n. I januar sprang han mila på Solastrand­en halvmarato­n.

I sommar har trenaren sett seg eit hårete mål: Han skal slå alle spelarane på 3000 meter-testen.

Gode sjansar i Slovakia

Før den tid skal Naerbø gjennom fleire viktige kampar. Den første utfordring­a ventar i helga.

I dag skal dei regjerande europacupm­eistrane kjempe om kvartfinal­ebillett. Då ventar borteoppgj­eret mot MSK Povazska Bystrica i Slovakia. Hallen er utseld og 1500 heimefans ventar Naerbø.

Vertane er eit godt handballag, fortel Fredrik Ruud. Laget har vore overlegne i Slovakia og vunne alt som er å vinne denne sesongen.

– Det er litt vanskeleg å sjå nivået deira, for motstandar­ane er ikkje nødvendigv­is så gode. Men eg trur dei er betre enn det ser ut som på video. Så har eg god tru på at vi er betre enn dei om vi treff vårt toppnivå. I Europa kan alt skje. Det er dette vi syns er griseartig, seier trenaren.

Returoppgj­eret blir spelt søndag 19. februar i Nye Loen.

 ?? KRISTIAN JACOBSEN ?? – Det er vanskeleg å tenke at den stigen med ekstrem suksess berre skulle halde fram. Det er veldig naturleg det som skjedde den første halvdelen av sesongen, seier Ruud om den litt vanskelege starten på sesongen.
KRISTIAN JACOBSEN – Det er vanskeleg å tenke at den stigen med ekstrem suksess berre skulle halde fram. Det er veldig naturleg det som skjedde den første halvdelen av sesongen, seier Ruud om den litt vanskelege starten på sesongen.
 ?? FREDRIK REFVEM ?? Rune Haugseng og Fredrik Ruud har eit godt samarbeid. Ruud erkjenner at det har vore ein overgang å kome til Naerbø. Spesielt under kamp har han som hovudtrena­r tidlegare vore «på» dommarar og situasjona­r. Trenarduoe­n har jobba mykje med å finne ut korleis dei skal fordele oppgåvene under kamp.
FREDRIK REFVEM Rune Haugseng og Fredrik Ruud har eit godt samarbeid. Ruud erkjenner at det har vore ein overgang å kome til Naerbø. Spesielt under kamp har han som hovudtrena­r tidlegare vore «på» dommarar og situasjona­r. Trenarduoe­n har jobba mykje med å finne ut korleis dei skal fordele oppgåvene under kamp.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway