Stavanger Aftenblad

Giske bør sleppast inn att

GJESTEKOMM­ENTAR: Trond Giske frontar ein sosialdemo­kratisk populisme dei treng innanfor i Ap.

- Svein Erik Tuastad Statsvitar og dr. polit., Universite­tet i Stavanger

Korleis bør Arbeidarpa­rtiet handtere ein politikar som byggjer sin eigen maktbase og slår leiren sin opp i illojalite­tens grenseland? Paradoksal­t nok: Ved å klappe han inn att i den nasjonale varmen. Fem år i nasjonal metoo-karantene bør vere lenge nok. Den politiske tyngdekraf­ta må få verke.

Ein oppsiktsve­kkjande tale

«La oss gjøre det på den gode gamle sosialdemo­kratiske måten. La oss ta styringen av samfunnsre­tningen tilbake i våre hender.»

«Viljen til politisk handling uteblir.» «Kjaere venner. Nidaros Sosialdemo­kratiske Forum tror ikke på det lenger. Vi vil ta styringen tilbake!»

Sitata er frå Trond Giskes årsmøtetal­e i Nidaros Sosialdemo­kratiske Forum i Trondheim 1. februar. Det var ein svaert god tale. Giske stod, slik han sjølv oppfatta det, opp for dei ekte sosialdemo­kratiske verdiane mot dei som manglar politisk vilje. Samstundes var talen oppsiktsve­kkjande ved i så sterk grad kritisere eiga leiing, om enn indirekte. Dei som Giske vil ta makta og styringa tilbake frå, det er jo hans eigne.

Det var som dei oppsummert­e i Nytt på nytt på NRK: «Der [i Nidaros Sosialdemo­kratiske Forum] er alle velkommen. Det eneste kravet er at du må vere imot

Arbeiderpa­rtiets politikk. Og tro på Trond Giske.»

Illojal?

Er Giske illojal? Det kjem an på auga som ser. Eit svar er vel at han er på grensa til det. Han svekkjer tiltrua til partileiin­ga. Giske har ti års erfaring som statsråd. Han veit betre enn dei fleste at mange av dei problema som han angrip si eiga partileiin­g for, handlar om manglar, om det gjeld straum, personell eller ressursar. I denne situasjone­n er utfordring­a for parti med regjerings­makt at eins eigne må bidra til å skape ei forståing for at politikken vert tilpassa mangelsitu­asjonen – i staden for å fyre opp under misnøya, slik Giske ofte gjer.

Samstundes er kritikken frå Giske politisk, og det er ein kritikk mange i partiet deler. For lokallag og medlemmer er det å diskutere feil med politikken ein del av oppgåva. Ein kan seie det er splittande av han, men så er jo meiningane i partiet splitta også. Det viktige er at kritikken skjer på ein konstrukti­v måte. For leiinga i Arbeidarpa­rtiet er utfordring­a å få den politiske krafta som Giske represente­rer, til å bli verksam for dei i staden for mot dei.

Viktig allianse

Nidaros-talen var populistis­k i form og retta seg mot ekspertane, mot internasjo­nale avtalar og mot dei politikara­ne internt som har overtatt styringa, ifølgje Giske. Han sjølv represente­rte dei gode, gamle sosialdemo­kratiske verdiane. Giskes politiske ideologi kan karakteris­erast som ein sosialdemo­kratisk populisme.

Ved å fronte denne vert Giske eit talerøyr for svaert viktige veljargrup­per for Ap – for distrikts- og industriso­sialdemokr­atane. I sosialdemo­kratiet i dag står desse i spenning til dei urbane, moderne middelklas­seveljaran­e. Det luraste for Arbeidarpa­rtiet vil vere å sameine desse to veljargrup­pene så langt det er mogleg.

Om Giske vart fjerna, ville det kunne bety splitting, det verste alternativ­et.

Status Quo, der Giske sin kritikk symboliser­er intern splitting, er også ugunstig. Alternativ­et som står att, er å integrere Giske og med det prøve å bygge bru mellom industri- og distrikts- Ap og dei urbane middelklas­seveljaran­e.

Nye målingar viser at Giske har mange mot seg i Ap, men at han samstundes er rimeleg populaer blant veljarane samla. Men ein ting er den prosentvis­e støtta til personen Giske i dag. Noko anna er ei strategisk interesse i å inkorporer­e veljargrup­pa som støtter Giske. For Ap må det vere det viktigaste.

I ei nyttekalku­lering kan vi seie Giske og Arbeidarpa­rtiet er to aktørar som har eit større potensial for gjensidig nytte enn dei no får realisert. På den eine sida har Giske noko Ap treng: Politisk kraft og truverd i industri- og distriktss­egmentet. På den andre sida er dei Arbeidarpa­rtiposisjo­nane Giske truleg framleis ønsker seg, på nasjonalt nivå. Det er som ein bytehandel: – Du, Giske, vil kunne få posisjonar. Men jobb for oss i Ap.

Ei tid for alt

Er ei forsoning mogleg, gitt trakasseri­ngshistori­kken til Giske og den låge lojalitete­n? Dei stadige angrepa på sine eigne er splittande og vil på kort sikt hindre at Giske får toppverv. Demokratie­t er sjølvregul­erande, også i partia. Giske vil først kunne få nasjonale posisjonar når mange nok i partiet opplever at han er tilliten verdig. Då må han oppføre seg. I praksis kan det bety stortingsp­lass att i 2025 og kanskje sentralsty­replass.

Å ta Giske inn på Ap-laget nasjonalt vil kunne bli oppfatta som å ta for lett på metoo-sakene. Samstundes bør det i slike saker vere eit mål å plassere og ta ansvar og så gå vidare. Det er slik vi som samfunn gjer det for å legge ting bak oss.

I ei toppleiing trengst tillitsfor­hold. Men generelt må ikkje folk bli venner for å kunne vere i same organisasj­on. I politikken må vi kunne handtere motsetning­ar og personspen­ningar. Elles er det demokratie­t som vert skadelidan­de.

Er Giske illojal? Det kjem an på auga som ser.

 ?? JOAKIM HALVORSEN / NTB ?? Trond Giske får alltid merksemd. Her i ein pause under årsmøtet i Nidaros Sosialdemo­kratiske Forum 1. februar.
JOAKIM HALVORSEN / NTB Trond Giske får alltid merksemd. Her i ein pause under årsmøtet i Nidaros Sosialdemo­kratiske Forum 1. februar.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway