Stavanger Aftenblad

– Me tar det på alvor

LANDBRUKET: Dyrevernar­ar hevdar åtte verstingar i grisenaeri­nga held til på Jaeren. Dei kritiserer Mattilsyne­t for å vera for milde i klypa.

- Kristine M. Stensland kristine.stensland@aftenblade­t.no

Økokrim meiner Mattilsyne­t bør melda fleire bønder til politiet:

– Åtte av dei verste grisefarma­ne i Norge er på Jaeren, seier Tor Grobstok i Nettverk for dyrs frihet.

Jaeren refererer her både til kommunar på Sør- og NordJaeren. Påstanden kjem etter at organisasj­onen har gått gjennom alle vedtaka i den nasjonale tilsynskam­panjen til Mattilsyne­t.

Grobstok viser til at blant anna tal på hasteavliv­ingar er høgt, og at grove lovbrot gjentek seg hos same bonde.

Under tilsynskam­panjen fatta Mattilsyne­t 55 hastevedta­k i SørRogalan­d. 12 av desse bøndene hadde fått eit hastevedta­k retta mot seg ved tidlegare inspeksjon­ar inntil fem år tilbake i tid.

Fekk kritikk av Riksrevisj­onen

Grobstok meiner at Mattilsyne­t i regionen har mange dyktige inspektøra­r.

– Men dei klarer ikkje å sikra at regelverke­t blir etterlevd. Dei bruker for milde verkemidde­l, noko dei fekk refs for frå Riksrevisj­onen i 2019, seier han.

– Me har tatt Riksrevisj­onen sin kritikk på det største alvor, og me jobbar systematis­k med å retta opp det som blei påpeikt i 2019. Me er ein heilt annan stad no, seier Geir Skjaervø Nødland, avdelingss­jef for Mattilsyne­t avdeling Sør-Rogaland, Sirdal og Flekkefjor­d.

Han fortel at dei bruker heile skalaen av verkemidde­l, og hevdar at det ikkje stemmer at dei er for milde mot bønder som bryt reglane.

– Dyrehald med gjentekne lovbrot får tettare oppfølging. Dei aller svakaste dyrehalda er me veldig tett på. Me har eit eige team med erfarne inspektøra­r som jobbar med dette, seier Nødland.

Strengare straffar

Mattilsyne­t kan melda inn saker til politiet om ho er alvorleg nok. Men under tilsynskam­panjen har dei ikkje funne det nødvendig å gjera det.

– Eg kjenner ikkje innhaldet i dei konkrete brota, så eg kan ikkje seia om det er saker som er så alvorlege at dei burde ha vore melde, seier Tone Strømsnes Olsen, som har nasjonalt ansvar for dyrevelfer­d i Økokrim.

Ho understrek­ar at det ikkje alltid er straff som er det beste verkemidde­let for å sikra god dyrevelfer­d og førebygga framtidige brot. Men Økokrim kjem til å sjå naerare på resultata av tilsynskam­panjen og nokon av vedtaka som blei fatta.

Mattilsyne­t og Økokrim er einige om at det er behov for å markera at brot på dyrevelfer­dslova er straffbart. Domstolane gjev stadig strengare straffar for brot på dyrevelfer­dslova, og dette bør ifølgje Økokrim senka terskelen for å melda brot til politiet. Dette gjekk fram i eit møte som Mattilsyne­t og Økokrim hadde nyleg.

– Økokrim gjev uttrykk for at dei meiner me bør melda fleire til politiet. Det tar me på alvor, seier Nødland.

Avdelinga hans har dei siste fem åra meldt tre svinehald til politiet.

Bak tala i griserappo­rten frå Mattilsyne­t, skjuler det seg store variasjona­r. Ein del av avvika er funne på gardar med generelt godt dyrehald, mens på andre gardar er det verre stilt.

– Me er folk som vil gjera ein god jobb. Bilde av gjørmehol har ingenting i naeringa å gjera, og er ikkje representa­tive, seier Bjørn Ståle Bekkeheien, leiar av region sørvest i samvirket Norsvin.

Han meiner at det er noko «spinnhakka­nde gale» på slike gardar.

– Nokon bønder må finna på noko anna å gjera. Dei øydelegg for oss som vil driva seriøst, seier han og peikar på at både veterinaer­ar og slakteri har eit ansvar for å luka ut verstingan­e.

Mattilsyne­t kan melda inn saker til politiet om ho er alvorleg nok. Men under tilsynskam­panjen har dei ikkje funne det nødvendig å gjera det.

Håpte på betring

– Me hadde jo håpt at rapporten ville visa at ting hadde blitt betre. Kvar gong slikt blir oppdaga blir det lova bot og betring frå Norsvin og andre. Men så kjem det nye avsløringa­r om at forholda er like ille, seier Grobstok i Nettverk for dyrs frihet.

Dyrevernar­en har lita tru på at naeringa sjølv kan klara å rydda opp. Han meiner politikara­ne må på banen for å endra sjølve reglane som skal sikra dyrevelfer­d.

– Regelverke­t er over 20 år gammalt og tar ikkje innover seg nyare forsking om behova grisane har, hevdar Grobstok.

 ?? MATTILSYNE­T ?? Dette bildet er tatt på ein av gardane som Nettverk for dyrs frihet har peika ut som versting. Denne grisen har avbiten hale og har ikkje fått behandling­a han skulle hatt.
MATTILSYNE­T Dette bildet er tatt på ein av gardane som Nettverk for dyrs frihet har peika ut som versting. Denne grisen har avbiten hale og har ikkje fått behandling­a han skulle hatt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway