Stavanger Aftenblad

Bjerkreim toler ikkje fleire vindturbin­ar

VINDKRAFT: Nei til vindpark på Trollåsen! Dette var Norsk Vind sin fyrste reaksjon når dei blei spurt om det var aktuelt med vindturbin­ar på Varp/Helland i Bjerkreim kommune. Årsaka var kort avstand til busetnad.

- Helge Husveg Bjerkreim

Det er ein utdatert regel som seier det skal vaera minst 800 meter mellom busetnad og vindmøller, men NVE har i seinare tid innrømma at lyden frå vindmøller kan vera skadeleg på minst to kilometer.

Eg bur på Varp og har seks kilometer til naermaste vindturbin i den nåverande Bjerkreim vindpark. Når vinden kjem frå vest og nord, høyrer eg godt duren frå vindparken. Nå ser vi kor mykje pengar har å seie for grunneigar­ane og kommune når fleire selskap kom på banen og kjempa for å gje det beste tilbodet.

Håpar fornufta sigrar

Det blei Lown Energy som vann fram med beste tilbod og seier det kan bli vindturbin­ar på 270 meter i det dei kallar Trollåsen vindpark. Eg har ikkje problem med å forstå grunneigar­ane som lar seg lokke av pengar, men eg håper fornufta sigrar til slutt.

Det er så tragisk at me må kjempe denne kampen for å bevare naturen, artsmangfa­ld, folkehelse og sterkt trua dyr, som blant anna hubroen som held til i området. Bjerkreim kommune har starta Destinasjo­n Bjerkreim, som skulle vere eit hjelpemidd­el for å lokka turistar til bygda og hjelpe naeringsli­vet med å bli synleg for turistar.

Vi har ein ordførar som tenkjer positivt om både Destinasjo­n Bjerkreim og vindturbin­ar, og då lurer eg på om han vil «lure» turistar til flott urørt natur, og så er sanninga noko anna? Det er også ønskje om å få fleire til å flytte til Bjerkreim, men det som skjer nå, er fasiten på å få faerre folk til bygda.

Vindkraft er som ein kreftsvuls­t i eit lite bygdesamfu­nn, og er eit tabu som dei fleste kvir seg for å uttale seg om. Det gjeld både for og imot, men det har øydelagt både vennskap og familiar. Eg har blitt kontakta av bygdefolk, hyttefolk og turgåarar som er glad i bygda. Felles for alle er at det er faktisk gale nok som det er med alle vindturbin­ane.

Kan du sjå meg i auga?

Bjerkreim kommune har sett av meir enn nok areal til vindkraft, der mykje av kapitalen forsvinn til investorar i skattepara­dis, slik som Iown i Delaware, USA. Om det skulle bli noko av Trollåsen vindpark på Varp/Helland, ønskjer eg å flytte frå Varp, og då ut av Bjerkreim kommune.

Derfor spør eg ordføraren: Om det skjer, kan du då stå rakrygga og sjå meg i auga og seie dette var rett? Ser du verdien av turisme, urørt natur, folkehelse, eller er det raske pengar som lokkar?

Nå må alle folkevalde «ta til vede» og tenkja seg godt om kva dei beslutter, for dette handlar om framtida til bygdefolk, og turisme som det faktisk og er god økonomi i. Me har ikkje plass til ein einaste vindturbin til i Bjerkreim kommune, som alt er ein av dei største vindkraftk­ommunane i Norge. Det er nok nå!

 ?? SHUTTERSTO­CK ?? Nå må alle folkevalde «ta til vede» og tenkja seg godt om kva dei beslutter, for dette handlar om framtida til bygdefolk og turisme. Bjerkreim har vindturbin­ar nok (Illustrasj­onsfoto).
SHUTTERSTO­CK Nå må alle folkevalde «ta til vede» og tenkja seg godt om kva dei beslutter, for dette handlar om framtida til bygdefolk og turisme. Bjerkreim har vindturbin­ar nok (Illustrasj­onsfoto).

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway