Stavanger Aftenblad

Lang dags ferd tilbake til Stavanger

TEATER: Etter over 22 år er tidlegare teatersjef Eirik Stubø tilbake på Rogaland Teater for å regissera ein av dei verkeleg store, moderne klassikara­ne: «Lang dags ferd mot natt».

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

– Eg trur eg har vore to dagar i Stavanger sidan eg drog for 22,5 år sidan.

– Liknar det på seg sjølv her på teateret, eller har det endra seg mykje?

– På ein måte er det som om eg berre eg har vore borte på juleferie. Samtidig har jo tida gått og ting har skjedd. Men eg kjenner meg igjen sjølv om det har kome nokre nye gangar og nye rom her, seier Eirik Stubø.

Stubø kom til Stavanger som ung regissør midt på 1990-talet, og blei teatersjef i 1997. Våren 2000 reiste det unge stjernesko­tet til Oslo for å bli teatersjef på sjølvaste Nationalth­eatret. Det stoppa ikkje der. Stubø skulle seinare bli sjef både ved Stockholms Stadsteate­r og sidan på sjølvaste Dramaten.

Dermed er me ved ein av fleire sider ved onsdagens premiere på Euguene O’Neills «Lang dags ferd mot natt» som bit seg sjølv historisk i halen: Teaterstyk­ket hadde nemleg urpremiere på Dramaten i Stockholm.

– O’Neill hadde eit naert forhold til Sverige etter at han fekk Nobelprise­n i litteratur i 1936. Han var ein stor fan av August Strindberg, ifølgje Stubø.

Skulle ikkje på scenen

Men då stykket hadde urpremiere i 1956, hadde O’Neill vore død i tre år. Han fekk dermed sin fjerde, prestisjet­unge Pulitzer-pris posthumt. Eigentleg ville ikkje O’Neill at verket skulle setjast opp på ein teaterscen­e nokosinne, men givast ut som bok 25 år etter at han var død.

Teksten handlar nemleg om O’Neills eigen familie. Og dette er på ingen måte noko lystspel. Dramaet handlar om ei familie der faren og dei to sønene er tungt alkoholise­rte, mens mora rusar seg på morfin.

– Dette er O’Neills store meisterver­k. Etter å ha eksperimen­tert med form og masker tidlegare, skriv han så sant han kan om sin eigen familie. Det er ei tøff historie og O’Neills forsøk på å møta sine døde og forstå dei, seier Stubø.

Denne realistisk­e skrivemåte­n skulle danna skule for ein haug seinare dramatikar­ar og dermed få tyding langt utover dette stykket.

Veteranen

Her kjem neste punkt der historia bit seg sjølv i halen: Då Stubø kom til Stavanger som fersk regissør, spelte Even Stormoen i det første stykket han sette opp, Ionescos «Privattime­n».

Nå møtest dei to igjen. Stormoen spelar den tungt alkoholise­rte faren i familien.

– Utfordring­a er at dette stykket er skrive om igjen av mange dramatikar­ar etter O’Neill. Og endåtil parodiert. Vekta av alt dette ligg på oss når me skal gjera dette sannsynleg på scenen i 2023, seier Stormoen.

Sjølv om det som går føre seg på scenen er ganske mørkt, ser han likevel lyst på det.

– Me har det moro på jobben. – Moro å treffa Stubø igjen? – Ja. Me har eit godt utvikla repertoar av anekdotar. Og han har jo klart seg ganske godt.

Debutanten

Malene Wadel blei fødd same år som Stubø blei teatersjef i Stavanger. Ho har naturleg nok mindre teatererfa­ring – sjølv om mange kjenner henne både frå «Lykkeland» og «Evy og alltid» på tv.

– Eg har jo utdanna meg i og spelt teater før. Men dette er første gong på Rogaland Teater, seier Wadel, som spelar hushjelp i den dysfunksjo­nelle familien.

– Kva er den viktigaste forskjelle­n på å spela på teaterscen­en og tv?

– Teater krev eit større formspråk. Tv er intimt og tett på. På teaterscen­en må ein ha større kroppssprå­k og høgare stemme.

Torbjørn Eriksen spelar eldstesone­n i familien.

– Eg mistenker at problema me viser fram i dette stykket

meir utbreidde enn folk veit om. Dei fleste liker jo ikkje å visa fram sånt som dette, slik me gjer på scenen, seier Eriksen.

Off Broadway

Stubø har følgt Rogaland Teater litt på avstand i åra som har gått sidan han drog.

– Eg har fått med meg at det har gått bra. Det er ikkje overraskan­de. Det var eit bra teater då eg kom også.

– Samtidig ligg jo Stavanger litt off Broadway, samanlikna med dei store i Oslo og Stockholm. Kva er fordelane og ulempene for eit slikt teater?

– I ein større by kan ein kanskje ha større ressursar, breiare repertoar, større publikumsg­rupper. I ein mindre by er det viktig å laga teater i tett dialog med publikum, men eg har alltid opplevd Stavanger som ein open by, seier Stubø.

Som ung teatersjef kunne han frustreras­t noko over at det ikkje kom så mange på det smale, mens lokale klassikara­r som «Maktå på Straen» var populaert. Utfordring­a er å få til balansen.

Og så har eit regionalt teater som Rogaland éin stor fordel, ifølgje Stubø:

– Som ung kan du koma her, få jobba mykje, få langt større roller langt tidlegare enn på større teater. Det skaper ein dynamikk og vitalitet rundt teateret og bidreg til at Rogaland Teater er så anerkjent i Teaternorg­e.

Og nå sit altså ein ny debutant klar. Malene Wadel.

– Gruar eller gler du deg mest til premieren?

– Godt spørsmål. Eg er nervøs. Spent. Eg gruar meg ikkje. Men det blir nok eit større adrenalinr­ush enn ein tagning på eit filmsett.

 ?? JARLE AASLAND ?? Tidlegare teatersjef Eirik Stubø er tilbake i Stavanger som regissør for «Lang dags ferd mot natt». Even Stormoen (t.h.) spelar faren i den dysfunksjo­nelle familien, Torbjørn Eriksen eldstesone­n. Malene Wadel spelar hushjelpa mens Marianna Nielsen er mora.
JARLE AASLAND Tidlegare teatersjef Eirik Stubø er tilbake i Stavanger som regissør for «Lang dags ferd mot natt». Even Stormoen (t.h.) spelar faren i den dysfunksjo­nelle familien, Torbjørn Eriksen eldstesone­n. Malene Wadel spelar hushjelpa mens Marianna Nielsen er mora.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway