Stavanger Aftenblad

– Ikkje bekymra

FRIIDRETT: Etter ein dryg månad plaga med sjukdom, er Jakob Ingebrigts­en i dag tilbake i konkurrans­e. Det blir første og siste løp før innandørs-EM i Istanbul i mars.

- Mari Sollid Eide mari.sollid.eide@aftenblade­t.no

Ingebrigts­en spent på formen etter sjukdom:

– Kroppen kjennast bra. Eg har trent bra, men veit ikkje om det er nok. Det er det som er det store spørsmålet, seier Jakob Ingebrigts­en til Aftenblade­t.

I går morges sette Lura-karen kursen mot franske Liévin for første konkurrans­e sidan han sprang inn til EM-gull i terrengløp i desember.

Sidan den gong har løpeesset slite med sjukdom. I fire-fem veker spelte ikkje kroppen på lag. Den einaste treninga han fekk gjort var å jogge. Stadige tilbakefal­l gjorde at han ikkje fekk trent normalt.

Ikkje bekymra

Han kan ikkje hugse sist han hadde eit like langt avbrekk frå trening. I fjor testa han positivt for korona like etter sølvmedalj­en i innandørs-VM i Serbia. Då heldt han seg i ro i eit par veker.

– Eg er ikkje bekymra for utandørsse­songen. No er det ganske lenge til konkurrans­ar. Eg får gjort mykje trening om alt går etter planen framover. Men eg kan ikkje ha så mange avbrekk. Eg må halde meg sjukdomsfr­i og skadefri, viss ikkje kan det bli risikabelt, seier han.

Ingebrigts­en forklarer at han stadig tar forholdsre­glar for å halde seg unna både skader og sjukdom.

– Av og til skjer det ting du ikkje kan gjere så mykje med, slik at begeret renn over med virus og sjukdom, fortel han.

Dobling i EM

Dei siste vekene har kroppen begynt å spele på lag igjen, og 22åringen har lagt ned konkurrans­espesifikk trening før løpet i Frankrike. Men han er framleis usikker på formen og forklarer at han tapte mykje av treninga som er grunnlaget for å skape form.

– Det er greitt med ein konkurrans­e før eg kjem til EM. Det er det som er målet – eit greitt løp og at ting fungerer bra. Så veit eg at eg ikkje har fått gjort noko av den treninga eg skulle gjort, seier han.

I fjor sette han verdsrekor­d under stemnet i Liévin. I år er målet å vinne løpet, noko han trur han «skal få til». Viss ikkje, blir han skuffa.

Løpet i Frankrike er første og siste test før innandørs-EM i Istanbul 2.–5. februar. Der planlegg friidretts­stjerna å doble, og stiller på både 1500 meter og 3000 meter.

Startskote­t for 1500 meter i Liévin går 21.47 onsdag kveld. 22.35 skal Karsten Warholm i aksjon på 400 meter.

Det er greitt med ein konkurrans­e før eg kjem til EM. Det er det som er målet – eit greitt løp og at ting fungerer bra.

Jacob Ingebrigts­en

 ?? ENNIO LEANZA / AP ?? Jakob Ingebrigts­en gjer sitt første løp for sesongen når han stiller til start i franske Liévin onsdag.
ENNIO LEANZA / AP Jakob Ingebrigts­en gjer sitt første løp for sesongen når han stiller til start i franske Liévin onsdag.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway