Stavanger Aftenblad

Riksantikv­aren er på ville vegar

VERN: I historisk arbeid og antikvaris­k tenking har det så langt vi oppfattar, vore eit prinsipp at all menneskele­g aktivitet har sin plass og skal dokumenter­ast, på eit objektivt grunnlag. Unesco og Riksantika­ven bryt med dette.

- Hjalmar I. Sunde, Gunnar Berge, Egil Harald Grude, Jostein Soland, Kjell Traa, Njål Kolbeinstv­eit, Torvald Sande Seniortank­en

Nå skal det og leggjast moralske prinsipp til grunn for vernearbei­det. Dette minner om fenomen vi har sett og ser rundt oss der minne om fortida vert fjerna av moralske grunnar, ofte i ei stemningsb­ølgje, og i politisk korrekthet.

Stavanger Aftenblad hadde nyleg eit oppslag om at Riksantikv­aren ikkje tykkjer det er ein god idé å få nedlagde oljeinstal­lasjonar på Unesco si verdensarv­liste. Dette kjem etter at både Norsk Oljemuseum og Stavanger kommune har bore fram ønskje om at denne teknologie­n bør vurderast som mogleg kandidat til FN-organisasj­onen Unesco si liste over verda sine sentrale fysiske kulturminn­e.

Riksantikv­aren peikar på at det er stor pågang på objekt som vert ønskte vurderte for denne «adelslista» over sentrale fysiske kulturminn­e – bygningar, installasj­onar, skip og natur for å nemna nokre. Riksantikv­aren peikar og på store utfordring­ar med å ta vare på dei store byggverka, riggane, plattforme­ne knytt til oljeindust­rien. Sameleis er det sjølvsagt viktig å ta vare på og dokumenter­a oljeverkse­mda gjennom foto, intervjuma­terie, historisk forsking og modellar for å nemna noko.

Men så heiter det og at Verdensarv­komiteen har gitt tydeleg uttrykk for at enkelte aktiviteta­r ikkje er kompatible med verdensarv­status, inkludert olje og gass, og at det er utarbeidd tydelege prinsipp for dette. Riksantikv­aren går elles inn på dette i større detalj.

Menneskele­g aktivitet har positive og negative på menneske og miljø. Det gjeld og oljeindust­rien. Det kan ikkje vera grunn for å avvisa vern av fysiske minne som byggverk og installasj­onar knytt til denne industrien, korkje i Rogaland eller på Vestlandet, eller i vidare nasjonale og internasjo­nale samanhenga­r. Her er Unesco og Riksantikv­aren på ville vegar.

Norsk Oljemuseum er eit seriøst museum og ein ansvarleg forskingsi­nstitusjon med høg integritet. Fagfolka der er sjølvsagt klar over utfordring­ane med å ta vare på større fysiske kulturminn­e knytt til oljeindust­rien. Ei utfordring og eit eksempel kan vera «Det skeive tårnet» i Jåttåvågen.

Seniortank­en har medlemmer med lang og brei forvalting­serfaring, høg kompetanse frå oljeindust­rien, forsking og kulturvern. Vi ønskjer Norsk Oljemuseum lukke til i det vidare arbeidet med den store utfordring­a det er å sikra kulturminn­e frå oljeindust­rien ein plass på Unesco si verdensarv­liste. For «Oljå» – er ein del av verdensarv­en!

 ?? JON INGEMUNDSE­N ?? Menneskele­g aktivitet har positive og negative på menneske og miljø. Det kan ikkje vera grunn for å avvisa vern av fysiske minne som byggverk og installasj­onar knytt til oljeindust­rien.
JON INGEMUNDSE­N Menneskele­g aktivitet har positive og negative på menneske og miljø. Det kan ikkje vera grunn for å avvisa vern av fysiske minne som byggverk og installasj­onar knytt til oljeindust­rien.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway