Stavanger Aftenblad

NRK, Rema 1000 og Sophie Elise

KOMMENTAR: Rema 1000 frys samarbeide­t med influensar­en Sophie Elise. Det gjer ikkje NRK. For NRK er jo ikkje akkurat Rema. Eller?

- Solveig G. Sandelson Kommentato­r solveig.sandelson@aftenblade­t.no

Ja vel. Det var sikkert ikkje meininga at den der vesle plastposen med kvitt pulver skulle koma med på det bildet. Eller på det utsnittet av det bildet. Altså det influensar­en Sophie Elise la ut på instagramk­ontoen sin i helga, den kontoen som har 580.000 følgjarar. Der ho poserer saman med ei venninne, som også er influensar, og har 71.700 følgjarar på Instagram.

I handa, akkurat med i det eine hjørnet av bildet, held venninna ein pose med eit kvitt pulver i. Det kan fort sjå ut som kokain, eller det kan vera litt vanleg melis. Ein veit jo aldri når ein kan få bruk for litt melis. «Livet blir ca. en milliard ganger morsommere når man bare gir faen», slår teksten til bildet i alle fall fast.

Det låg visst berre ute nokre få minutt på kontoen hennar, det bildet, før det blei sletta. Men lenge nok til at influensar­anes moralske vaktbikkje, Mads Hansen, fekk det med seg og fekk tatt ein skjermdump. Dermed tok det av. Moralske Mads har 512.000 følgjarar på Instagram, og er blant anna profilert programlei­ar for VGTV. Veldig mange folk får med seg kva som skjer på kontoen hans også.

Til samanlikni­ng har instagramk­ontoen til prinsesse Märtha Louise fattige 215.000 følgjarar, mens sjaman Durek sin har 260.000. Kor mange av alle desse hundretuse­nvis av følgjarane som er dei same folka rundt forbi, det veit eg ikkje.

NRK

Torsdag har NRK mottatt over 2400 klagar. For Sophie Elise har sidan i fjor haust laga podkast for NRK, saman med Fetisha Williams (med beskjedne 38.000 følgjarar på Insta). NRK ville trekkja fleire unge jenter til seg, og gav difor dei to oppdraget med å starta podkast. Podden deira ligg som nummer ti over dei mest populaere i Norge, og som nummer seks av dei mest populaere blant NRK sine. «Hele historien», som toppar lista, er lytta til på 207.000 unike einingar, Sophie og Fetisha (for podden heiter sjølvsagt det) har 63.000.

Podden blei lansert i september i fjor, og som alltid når NRK skal lansera noko, toppa dei det med eit intervju hos Anne Lindmo på fredagskve­lden. Og hos Lindmo må du ha ei historie å fortelja. Gjerne svaert personleg, gjerne ein kamp, og helst ein kamp du har vunne og er ferdig med. Sophie Elise fortalde om sin kamp mot rusen – mot pillemisbr­uket. Om det lågaste punktet – innlagt til avrusing, på rehabilite­ringsklini­kk. Den historia fortalde ho også i den aller første episoden av podden same veka.

Det er ein teknikk som jo ikkje skil seg så veldig frå slik dei fleste av oss i media gjer det. Vi fortel historier. For å engasjera, for å få opp kjenslene rundt ei sak eller eit tema. Eller for at du skal kjenna deg igjen, kjenna at dette er viktig, for deg også. Eller for å trekkja ein flik til sides, og visa det veldig menneskele­ge ved eit veldig kjent menneske.

Influensar­ane

Borte hos influensar­ane er dei, i tillegg til alt dette, privatprak­tiserande reklamebyr­å. Dei driv for seg sjølv, og dei bruker seg sjølv. Heile tida. Kropp og privatliv, meir eller mindre velregisse­rte bilde og historier, frå både oppturar og nedturar. Delinga har blitt sjølve kontrakten med følgjarane, og den kan vera ganske brutal: Du deler – følgjarane gir likes, støtte, oppmuntrin­g, eller kjem med reine karakterdr­ap på deg og ditt. Om brysta er for store, for små, for slappe, for rare, om rumpa burde ha implantat eller ikkje implantat, om det er eit problem med høgt hårfeste bak øyra. Om psykiske problem, om vanskar med sjølvbilde, om å akseptera sine eigne kjønnslepp­er som dei er, eller ikkje.

Sophie Elise tente i 2021 over sju millionar kroner. Ho er ein kommersiel­l suksess, og ho har i stor grad bygd den opp sjølv.

Rema 1000

Neste veke, melder TV 2, skulle Rema 1000 ha lansert nytt godteri. Snop. Sophie Elise sitt. Under namnet «Candygirl by Sophie Elise».

Etter det med plastposen og alt oppstyret det førte med seg, frys Rema den lanseringa. Internt har dei gitt beskjed om at alt sal av denne merkevara er sperra.

Det er ikkje så vanskeleg å forstå. Sophie Elise er eit levande reklamebyr­å, alt ho iscenesett eller publiserer om seg og sitt liv, er ein del av den kommersiel­le merkevara Sophie Elise. Trør ho feil, kan annonsørar og samarbeids­partnarar trekkja seg, og slik ta avstand frå det dei ikkje ser seg tent med å stå naert.

NRKs dilemma

Men NRK? Dei har snakka med Sophie Elise, og fortset samarbeide­t.

NRK betaler vi jo alle for, via skatten vår. For at dei skal sikra at også innhald som ikkje kan overleva kommersiel­t, blir publisert. Dei er jo ingen kommersiel­l aktør, dei kan vel ikkje gjera det like enkelt for seg sjølv som Rema?

Dei gjorde jo det. Dei betalte for å knyta merkevara Sophie Elise til seg, og brukte delar av privatlive­t hennar – rusavvenni­nga – i sjølve lanseringa av produktet: podkasten. Som dei håpa skulle trekkja fleire unge jenter til seg. Omtrent slik Rema ville selja meir snop.

Influensar­ane er privatprak­tiserande reklamebyr­å. Dei driv for seg sjølv, og bruker seg sjølv.

 ?? TERJE PEDERSEN / NTB ?? Influensar Sophie Elise (28) skulle lansera snop hos Rema neste veke. Men Rema har lagt det på is.
TERJE PEDERSEN / NTB Influensar Sophie Elise (28) skulle lansera snop hos Rema neste veke. Men Rema har lagt det på is.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway