Stavanger Aftenblad

– Vi har lange venteliste­r

CHEERLEADI­NG: Cheerleadi­ng-klubben Stavanger Diamonds er ei av gruppene som har fått merke den avgrensa hallkapasi­teten i Stavanger kommune. Klubben må vike for messer i Expo-hallen og dermed gå fleire veker utan trening.

- Mari Sollid Eide mari.sollid.eide@aftenblade­t.no

Sprengt hallkapasi­tet i Stavanger:

Luftige svev, velbalanse­rte pyramidar og rytmiske bevegelsar. I Expo-hallen på Forum er Stavanger Diamonds Cheersport-klubb godt i gong med kveldens trening.

Detaljar finpussast og synkrone bevegelsar terpast på. Om ein dryg månad er det duka for eitt av sesongens høgdepunkt: NM i cheerleadi­ng.

Før den tid veit laget at dei misser verdifull trening. Expohallen, som klubben har fått tildelt treningsti­d i gjennom kommunen, skal arrangere messe veka før NM.

– Det er ikkje bra. Då får vi ikkje førebudd oss så godt som vi kunne, seier Sunniva Gyland og Elise Bore Haaland i Pink Diamonds.

– Blir lite til oss andre

Dei siste dryge fem åra har laget trent i eit lagerbygg på Hillevåg som har fungert om lag som eit klubbhus for cheerutøva­rane.

Lagerbygge­t skal rivast, og sidan september i fjor har klubben fått tildelt treningsti­d i Expo-hallen.

Hallen i seg sjølv er optimal for å trene cheerleadi­ng. Men i Expo-hallen blir det fleire gongar i året arrangert ulike messer. Då har ikkje klubben nok tildelt tid og plass til å trene.

Klubben har fått ein «ny kvardag» å forholde seg til når dei ikkje disponerer eigen hall.

– Problemet er at det er få hallar som er prioritert­e til vår idrett og andre estetiske idrettar som turn og rytmisk sportsgymn­astikk. Dei fleste hallar er prioritert til ballsport, og det er jo mest ballsport òg. Då blir det veldig lite for oss andre, seier Sunniva Gyland.

Lange venteliste­r

Cheerleade­rane har fått tildelt fire dagar med treningsti­der av kommunen: 16.00–21.00 mandag og onsdag, 17.00–19.00 tysdag og torsdag.

– Talet treningsti­mar gjer at vi ikkje kan ha så mange lag vi vil ha. Det er blitt ein veldig populaer sport. Vi har lange venteliste­r på mange lag. Det er dumt at ikkje alle som vil begynne får begynne, seier Gyland.

Stavanger Diamonds har eksistert sidan 2008, og har kring 200 medlemmar. I tillegg er om lag 50 på venteliste.

Kevin Sinclair har sidan september vore seniortren­ar i klubben og har tidlegare trent landslaget i cheersport. Han har måtte sjå at klubben har mista utøvarar, dels på grunn av utfordring­a med treningsfa­silitetar.

Misser kontinuite­t

Då han kom til klubben, hadde laget framleis tilgang til lagerhalle­n i Hillevåg, og han såg utøvarar i hallen kvar einaste dag.

– Dei har mista moglegheit­a til å trene på det nivået no, seier trenaren.

Richard Gyland er styremedle­m i Stavanger Cheersport Klubb. Han skryt av dialogen med kommunen, men peikar på den same utfordring­a som utøvarane: At hallen stengjer for messer.

Gyland fortel at spesielt hausten er intens med mykje avbrot, då det i oppstartsf­asen og utover hausten er fleire messer. I år var hallen stengt i veke 3. Den stengjer óg i veke 10, like før NM. Så blir hallen igjen stengt i veke 15 og 17.

Han fortel at utøvarane desse vekene misser verdifull treningsti­d. Klubben har før konkurrans­ar måtte prioritere tid i gymsalar til konkurrans­elaga føre dei yngre utøvarane. Det meiner han er trist.

– Når det er ledig her er det fantastisk. Alt i alt er vi veldig fornøgde. Men du misser litt kontinuite­t, vedgår han.

– Blir betre

Idrettssje­f i Stavanger kommune, Arne Tennfjord, erkjenner at kapasitete­n i enkelte innandørsh­allar i kommunen er sprengt. Han meiner hallkapasi­teten er betre no enn for nokre år sidan.

– Vi får etter kvart fleire idrettshal­lar. Det blir betre år for år. Men det er ikkje slik at alle har tilgang i dag. Det er eit konstant tema vi diskuterer i idrettsavd­elinga, og vi prøver å fremme nye ting. Vi vil kanskje aldri oppnå full dekning på alle aktiviteta­r, seier Tennfjord.

Han fortel at Expo-hallen primaert blei bygd som ein messehall, men at det blei lagt opp til at hallen òg kan brukast til idrett. Sidan hallen er kring ti meter høg, er den populaer blant ein del idrettar som cheerleadi­ng.

– I periodar med faerre messer har idretten komne meir og meir inn i hallen, då skapar det forventnin­gar. Vi er klar over situasjone­n, seier Tennfjord.

Kommunesty­ret vedtok i januar ein temaplan for utvikling av idrettsanl­egg 2023–2039:

Formålet er å tydeleggje­re strategian­e i planen, vareta eksisteran­de behov og avdekke framtidige behov for bygging av nye idrettsanl­egg, slik at fleire kan utøve idrett og drive fysisk aktivitet.

Jentene i cheerleade­rklubben har ikkje store krav til ein stad å trene.

– Vi er ikkje kresne på plassar. Vi trente jo på eit lager. Det gjekk heilt fint, seier Iben Wetteland.

– Det er det vi gjerne vil. Står der eit gammalt lagerbygg på Forus som ein eller anna har og tenker det skal rivast om 10 år, men ønsker inntekt dei neste 10 åra. Ja, då vil vi ha det. Det er slike folk vi vil skal høyre oss, legg Elise Bore Haaland til.

 ?? ANDERS MINGE ?? Stavanger Diamonds terpar på små detaljar. Om ein dryg månad står NM for tur.
ANDERS MINGE Stavanger Diamonds terpar på små detaljar. Om ein dryg månad står NM for tur.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway