Stavanger Aftenblad

Ingen straffa etter at dyrevernar­ar tok seg inn på grisegarda­r

DYREVELFER­D: 18 grisebønde­r i Rogaland fekk uønskt besøk av dyrevernar­ar. Begge partar melde kvarandre til politiet.

- Kristine M. Stensland kristine.stensland@aftenblade­t.no

– Ingen er blitt straffa for dette i Sør-Vest politidist­rikt. Dette kjem blant anna av at det ikkje har latt seg gjera å identifise­ra inntrengja­rane, seier politiadvo­kat Øyvind Bore i miljøseksj­onen i Sør-Vest politidist­rikt.

I perioden 2015–2021 tok aktivistar frå Nettverk for dyrs frihet seg inn på over 60 norske grisegarda­r for å dokumenter­a forholda, her omtalt av NRK.

Bønder melde fleire av dei uønskte besøka til politiet, men som Bore her forklarer, blei ingen aktivistar straffa for dette i Rogaland.

Melde bønder til politiet

Også aktivistan­e gjekk til politiet. I 2021 politimeld­e dei 18 griseprodu­sentar i Rogaland. Meldingane var baserte på dokumentas­jon frå dei uønskte besøka som aktivistan­e sjølve kalla for inspeksjon­ar.

Dei påståtte lovbrota gjeld blant anna manglande oppfølging av sjuke og skadde dyr, dårleg tilgang på vatn, dårleg reinhald, og dårleg tilgang på strø og rotemateri­ale. Brot på dyrevelfer­dslova kan bli straffa med gebyr og fengsel på inntil tre år.

Etter dette har politiet etterforsk­a 23 saker fordelt på dei 18 bøndene.

– For at nokon av dyrehaldar­ane skal bli straffa, må det kunna bli bevist utover ein kvar rimeleg tvil at dei objektivt sett har eit dyrehald som avvik frå klart forsvarleg standard, og at dyrehaldar i det minste har vist grov aktløyse, seier Bore.

16 av sakene har politiet no lagt bort. Dei fleste av desse var saker der dei meinte det ikkje var mogleg å bevisa noko straffbart i retten. Men det var også tilfelle der det som blei meldt, ikkje var straffbart i utgangspun­ktet.

Politiet har fått klagar på seks av sakene som er lagde bort.

Heller ikkje gebyr

Politiet har sendt sju av sakene vidare til Mattilsyne­t, då dei har vurdert det slik at dei er under terskelen for fengselsst­raff.

Mattilsyne­t kan gje gebyr ved brot på reglane for dyrevelfer­d. Men det har dei ikkje gjort i desse tilfella. Dei meiner andre formar for oppfølging tener dyrevelfer­da betre.

Dei sju sakene var knytte til seks gardar. Fire av dei seks gardane var også ein del av tilsynskam­panjen som Mattilsyne­t gjennomfør­te i åra etter aksjonane til dyrevernar­ane. Tre av bøndene hadde då ingen regelbrot, ifølgje Mattilsyne­t. Den siste garden hadde fått ny eigar.

Nye meldingar til politiet

Mattilsyne­t har ikkje meldt nokon grisebønde­r til politiet etter tilsynskam­panjen. Nettverk for dyrs frihet er ikkje einig i den vurderinga.

No har dyrevernar­ane meldt ti norske griseprodu­sentar til politiet basert på vedtak frå tilsynskam­panjen til Mattilsyne­t. Seks av bøndene held til i Rogaland.

 ?? NETTVERK FOR DYRS FRIHET ?? Bildet er tatt av aktivistar som tok seg inn på nattetid på ein grisegard i Rogaland, som dei seinare melde til politiet. Denne purka er fiksert, det vil seia at ho ikkje får røra seg fritt. Dette er berre tillate i unntakstil­felle der purka er ein trussel for grisungane rett etter grising.
NETTVERK FOR DYRS FRIHET Bildet er tatt av aktivistar som tok seg inn på nattetid på ein grisegard i Rogaland, som dei seinare melde til politiet. Denne purka er fiksert, det vil seia at ho ikkje får røra seg fritt. Dette er berre tillate i unntakstil­felle der purka er ein trussel for grisungane rett etter grising.
 ?? NETTVERK FOR DYRS FRIHET / NETTVERK FOR DYRS FRIHET ?? Tor Grobstok er talsperson for Nettverk for dyrs frihet. Han fortel at ingen av aktivistan­e deira i Rogaland er blitt dømde for å ha tatt seg inn på gardane.
NETTVERK FOR DYRS FRIHET / NETTVERK FOR DYRS FRIHET Tor Grobstok er talsperson for Nettverk for dyrs frihet. Han fortel at ingen av aktivistan­e deira i Rogaland er blitt dømde for å ha tatt seg inn på gardane.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway