Stavanger Aftenblad

Å vere forelder er samfunnet sin viktigaste jobb

FORELDRE: Du som er forelder, veit du kor viktig du er? Veit du at nettopp du er den viktigaste for ditt barn? I den store debatten om utanforska­p og psykisk helse blant unge høyre vi svaert sjeldan om kor viktige foreldre er.

- Anne Kristin Bruns 1.kandidat Rogaland KrF

Dei er kjernen i livet til borna og ungdommen, desse mødrene og fedrane som kvar einaste dag gjer det dei kan for at barna deira skal ha det best mogleg. Med jamne mellomrom kjem det fram utfordring­ar som barn og unge slit med. Det kan vere utanforska­p, aukande vanskar med den psykiske helsa eller aukande kriminalit­et og vald.

Sjå til Island!

Vi som foreldre kan av og til bli redde for at vi ikkje skal klare oppgåva. Det er ikkje så rart, når denne viktige jobben ikkje er noko du nødvendigv­is får opplaering i, men som ein veks inn i, men eg meiner at det er mykje som både samfunnet og den einskilde kan gjere for å hjelpe foreldre til å bli tryggare i si rolle.

Island har gått føre og gjort vellukka tiltak for å trekke foreldre med og ansvarlegg­jere dei i det førebyggan­de arbeidet mot rus og kriminalit­et. I 1998 var Island versting i Norden når det handla om rusbruk blant unge. 42 prosent av 15-16- åringane hadde drukke seg fulle i løpet av den siste månaden. Forbruket av cannabis var også høgt. Saman med ei storsatsin­g på fritidsakt­ivitetar, var det viktigaste tiltaket i strategien å styrke relasjonen mellom foreldre og ungdommane deira.

Landet innførte ein felles regel for innetid som gjorde at foreldra var ansvarlege for at ungdommane ikkje «rak gatelangs» på tidspunkt dei skulle vere heime. Konsekvens­ane vart at foreldra på ein heilt annan måte blei gjort ansvarlege, og dei fekk meir tid med ungdommane. Det sette både ungdommane og foreldra pris på. Resultatet er ikkje til å ta feil av. På 15 år var talet som hadde drukke seg fulle den siste månaden gått ned frå 42 til 5 prosent.

Foreldra må involveras­t!

Då KrF var i regjering vart fritidskor­tet innført i enkelte kommunar, nettopp etter modell frå Island. Dessverre vidareført­e ikkje den noverande regjeringa dette tilbodet. Samtidig har det vore vanskelega­re med ansvarlegg­jeringa og involverin­ga av foreldre, nemleg å auke tida foreldre brukar saman med barna og ungdommane sine.

KrF meiner at det er på tide med eit skifte i politikken frå arbeidslin­ja til familielin­ja. Frå at alle skal springe i same takt, til å verdsette at farten kan variere i ulike stadier av livet. Forsking viser også at måltidsfel­lesskap der ein har felles måltid fleire gonger i veka førebygger eteforstyr­ringar, aukar sosial kompetanse og styrker psykisk helse. Vi må ha tid til kvarandre. Ungdommane treng oss. Vi må ikkje sleppe sykkelen for tidleg!

 ?? SHUTTERSTO­CK ?? KrF meiner at det er på tide med eit skifte i politikken frå arbeidslin­ja til familielin­ja. Og i familien er felles måltid viktige.
SHUTTERSTO­CK KrF meiner at det er på tide med eit skifte i politikken frå arbeidslin­ja til familielin­ja. Og i familien er felles måltid viktige.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway