Stavanger Aftenblad

– Ingen er i naerleiken av dette

ISHOCKEY: Som første kvinneklub­b i Norge har Oilers-damene fått eigne garderobar med ein prislapp på fleire millionar kroner. Det trur Oilers-trenaren kan vere med på å hente «bøtta» heim.

- Mari Sollid Eide mari.sollid.eide@aftenblade­t.no

– Det betyr veldig mykje for oss. Det er ein stad vi kan samle oss og bygge laget. Eg syns vi fortener det, det må vi ha lov å seie, seier Christina Furseth.

20-åringen er kaptein på Oilers sitt kvinnelag og gjer seg klar til trening på is i den splitter nye garderoben.

No er det ikkje lenger berre herrane i Oilers som har eigne garderobar med tilhøyrand­e fasiliteta­r.

– Vi får ein mykje meir profesjone­ll kvardag. Vi har sjansen til å trene når vi vil. Alt ser meir profesjone­lt ut rundt oss, som gjev oss ei kjensle av at vi er toppidrett­sutøvarar, seier Furseth.

Tre millionar kroner

Førre veke opna dørene til det nye garderobea­nlegget. Eigne plassar med namneskilt, plass til drakter og skeiser, privat oppbevarin­g og sminkespeg­el er noko av det kvinnene no har tatt i bruk.

Eige styrkerom følger også med. Med ein prislapp på kring tre millionar kroner har klubben tatt ytterlegar­e steg mot å profesjona­lisere kvinnesats­inga.

I mai 2021 tok Stavanger Oilers grep for å styrke kvinnesats­inga i klubben. Då gjekk kvinnelage­t frå å vere ein del av Stavanger Hockey, breiddesat­singa til klubben, til å bli tatt inn under Oilerssats­inga.

I går blei ein ny milepael oppnådd då garderobef­løya opna.

– Det betyr mykje for damehockey­en. Igjen er Oilers først ute, så no må andre lag melde seg på. Eg trur det skapar betre trivsel, meir seriøsitet og at jentene blir sett på ein anna måte. Det er utruleg viktig at dei får noko eige, seier trenar Marcus Forgaard.

Tidlegare har kvinnene måtte pakke inn og ut av garderobar då kampar blei arrangert i arenaen. No slepp dei det stresset med ein permanent plass.

– Dette set preg ikkje berre her, men over heile Norge. Det seiast at dette er Europas finaste damegarder­obe, og det skal du ikkje sjå vekk frå. Det er ingen kvinnelag som er i naerleiken av dette, seier Forgaard.

Meir konkurrans­e

Dei siste sesongane har Oilerskvin­nene vore suverene i Norge. Laget toppar førebels tabellen i Bambusalig­aen også i år, men har måtte sjå seg slått fleire gongar. I år er det åtte lag med i serien kontra seks i fjor.

Trenaren meiner det er bra med meir konkurrans­e og fortel at det er noko laget har sett fram til over lengre tid.

– Det trur eg skapar meir motivasjon for jentene. Dei veit dei kjem inn i kampar kor dei må slåst for å vinne, seier Forgaard som trekk fram tabelltoar Lillehamme­r som eit friskt pust i årets Bambusalig­a.

Han får støtte frå kaptein Furseth.

– Det er positivt for kvinnehock­eyen i Norge at det blir jamnare i toppen. For oss er det kjekt med konkurrans­e, seier 20-åringen.

Trenar Forgaard meiner den nye garderoben kan vere det som hevar prestasjon­ane til laget eit par prosent ekstra.

– Eg trur dette kan bidra til at vi greier å dra heim bøtta i år.

Ny milepael for Oilers-kvinnene:

 ?? KRISTIAN JACOBSEN ?? Christina Furseth meiner den nye garderoben har skapt ei større kjensle av profesjona­litet for laget.
KRISTIAN JACOBSEN Christina Furseth meiner den nye garderoben har skapt ei større kjensle av profesjona­litet for laget.
 ?? KRISTIAN JACOBSEN ?? Det nye styrkeromm­et ved garderoben er alt blitt flittig brukt. Frå venstre: Christina Furseth, Oda Bruland Austefjord, Pia Löschbrand­t.
KRISTIAN JACOBSEN Det nye styrkeromm­et ved garderoben er alt blitt flittig brukt. Frå venstre: Christina Furseth, Oda Bruland Austefjord, Pia Löschbrand­t.
 ?? KRISTIAN JACOBSEN ?? Pia Löschbrand­t.
KRISTIAN JACOBSEN Pia Löschbrand­t.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway