Stavanger Aftenblad

– Dette eg kom heim for

HANDBALL: Etter imponerand­e sesongar i fjor, har både Sola og Naerbø gjort det skarpt i Europa-turneringa­ne i år. I helga kan begge nå nye milepaelar.

- Mari Sollid Eide mari.sollid.eide@aftenblade­t.no

I morgon kan to lokale lag sikre Europa-kvartfinal­e:

Stammen i laget har spelt saman sidan barneskule­n. Trenar Rune Haugseng sette tidleg hårete mål for den unge kompisgjen­gen på Naerbø. Ti år seinare har dei skrive historie gong på gong.

I morgon skal Naerbø igjen kjempe om ein plass i kvartfinal­en i europacupe­n. Slovakiske MSK Povazska Bystrica blei slått med eitt mål i bortekampe­n. No er det blåtrøyene som har publikum i ryggen når laga barkar saman i morgon.

– Vi møter eit godt lag. Så skal vi sjå om vi får styrt kampen. Alt kan skje i Europa. Det kan fort bli jamt heilt inn, for desse kampane lever sitt eige liv, seier hovudtrena­r Fredrik Ruud.

– Der eg høyrer heime

I fjor gjekk Naerbø heilt til topps i europacupe­n då dei slo rumenske Baia Mare i finalen.

Ein som har vore med på heile reisa er Andreas Horst Haugseng. Etter fjorårsses­ongen signerte 24-åringen for Elverum. Men opphaldet på Austlandet blei kortvarig. Før jul returnerte playmakere­n til moderklubb­en.

– Det er verkeleg ei kjensle av at eg er tilbake der eg høyrer heime. Du føler noko heit anna her med samhaldet og alt som er på Naerbø. Det var dette eg kom heim for. Eg er heldig som fekk kome heim, at dei ville ha meg og at eg får lov å spele handball igjen, seier Haugseng.

På dei fem første kampane i Naerbø-returen har det blitt mykje speletid for bakspelare­n, kring det samme som han fekk på halvåret i Elverum.

Haugseng har nytta VM-pausen i januar godt og vist svaert gode takter dei siste oppgjera. Han trur kampen i morgon blir tøft, men meiner Naerbø har gode sjansar.

– Å leie med eitt mål har svaert lite å seie, du må nesten vinne kampen uansett. Vi går inn med full innsats og tru på at vi må vinne og gjere jobben sjølv, seier han.

Smalare Sola-tropp

Sola har også svaert gode sjansar for Europa-kvartfinal­e når dei spelar sin siste gruppespel­kamp mot Nykøbing Falster i Storhallen i morgon.

Klarer Sola å unngå å tape med 15 mål, er dei vidare til ein ny kvartfinal­e. I fjor sa det stopp i kvartfinal­en mot rumenske Baia Mare.

Gultrøyene har variert i prestasjon­ane den siste tida, og gjekk mellom anna på eit stygt tap mot Larvik på heimebane. Men i Europa har ting stemt betre, til trass for at verken Camilla Herrem (gravid) eller Kristina Sirum Novak (sjukdom) har vore med dei siste kampane.

Det har gjort at spelarar som Kristiane Knutsen og Live Rushfeldt Deila har tatt ansvar og fått høg kampbelast­ning.

– Vi har plutseleg ein smal tropp, då blir det for lite spelarar. Det er naturleg at kroppane begynner å bli slitne, sa trenar Steffen Stegavik etter sigeren mot Romerike onsdag.

Tar Sola poeng frå danskane, blir laget gruppevinn­ar.

– Vi har noko å spele for. Så får vi sjå korleis kampen utviklar seg, seier Stegavik.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Andreas Horst Haugseng har verkeleg funne formen etter returen til Naerbø. Aller mest gler han seg over å spele handball igjen.
FREDRIK REFVEM Andreas Horst Haugseng har verkeleg funne formen etter returen til Naerbø. Aller mest gler han seg over å spele handball igjen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway