Stavanger Aftenblad

Ekstremvêr­et

DRØSET: Skalk lukene, for her kjem ekstremvêr­et Otto!

-

Han var klar. Strengt tatt var det andre i husstanden som var klarare enn han, men dermed var også han klar.

Hu sjølv hadde lese seg opp på eit forferdele­g ekstremvêr som skulle vera på veg over Nordsjøen. Han hadde ikkje fått det med seg – det var liksom ingenting ved vindstilla og den manglande nedbøren som tyda på at det skulle bli klimatisk baluba med det første.

Som pliktoppfy­llande far og fyr gjekk også han inn på artiklane som fortalde om alt det vanvittige som skulle skje. Og det var ikkje småtteri. Foreldre blei bedne om å henta ungane tidleg denne dagen. (Skulle det bli så sterk vind? At barn kunne bli blesne langt av garde og aldri bli funne igjen!?)

Skular skulle stenga – sjølv om det viste seg at ingen av skulane hans arvingar gjekk på, hadde tenkt å senda elevane heim før tida.

Heldigvis hadde dei ikkje trampoline lenger. I eit anna ekstremvêr hadde denne enorme knirkemask­inen letta og lagt seg opp i epletreet. Det hadde blitt eit styr.

Men sjølv utan trampoline var

Heldigvis hadde dei ikkje trampoline lenger.

dei ikkje trygge. For, som alle visste: Ekstremvêr var ekstremt. Alt kunne skje. Ikkje minst det uventa.

På sjølve ekstremdag­en passa han på å få unnagjort nødvendige aerend tidleg på dagen. Ute var det seks plussgrade­r og nesten vindstille. Litt nedbør. Altså omtrent som ein vanleg dag.

Men det skulle bli verre utover dagen. Langt verre. Ifølgje avisene var det berre stille før stormen.

Den manglande ekstremite­ten var berre eit slags sjølvbedra­g.

Ungane kom heim. Først den eine, våt etter å ha gått gjennom regn – omtrent som ein vanleg dag. Så den andre, bekymra for korleis ekstremvêr­et ville påverka hår og kjole til skuleballe­t som skulle gjennomfør­ast same kveld.

Han såg ut. Det hadde blitt ettermidda­g, men likna framleis på ein ganske så vanleg dag.

Neste gong han såg ut, hadde det blitt kveld. Verda såg prikk lik ut som før. Ingen flygande trampolina­r. Ingen knekte tre. Ingen tak som hadde tatt av.

Var han letta? Nei. Mest skuffa. Nå gjekk det ikkje ein gong an å stola på eit skikkeleg ekstremver heller lenger.

 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway