Stavanger Aftenblad

Stjerne for ein dag

STAVANGER: Laurdag var det Ungdommens kulturmøns­tring i Sandnes og Stavanger. Me blei med både bak og framfor scenen på Metropolis i Stavanger.

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

– Har du ein plan B, trur du ikkje på plan A. Då skjer det ikkje noko.

– Du har ingen plan B?

– Eg har ingen plan B. Eg skal satsa på musikken.

Me er backstage på Metropolis – det kommunale kulturhuse­t for ungdom i Stavanger. Strengt tatt er me på medieromme­t, men akkurat nå, denne ettermidda­gen, er det backstage. På bordet står det ei stor skål baconcrisp, eit fat med frukt, store flasker med Urge og Fanta med appelsinsm­ak.

Langs veggene sit ein gjeng ungdommar og ser ned i kvar sin mobilskjer­m. Nei, forresten. Dei er ikkje ungdommar. I dag er dei artistar. For denne laurdagen er det Ungdommens kulturmøns­tring, UKM.

I grøn caps og litt for store bukser sit Sjur Grov-Hagen. Eller Joggedress, som han kallar seg når han rappar. Han skal snart på scenen. Og han har ingen plan B.

– Ambisjonen min er å leva av musikken. Ikkje bli kjempestor, men leva greitt, seier Joggedress.

Han laga sin første beat då han var åtte år. Første song på Spotify kom i 2020. Første album – «Alltid våken» – kom i fjor haust. Han har spelt litt på festivalar, vore med på Musikkfest. Nå skal han vera med på UKM.

– Eg føler dette er ein bra sjanse til å visa meg fram, seier han.

80 unge på scenen

Rundt 80 ungdommar er med på årets arrangemen­t i Stavanger. Det er omtrent på nivå med åra før koronaen, seier kulturform­idlar Christian F. Brynie på Metropolis.

Mange av dei unge håpefulle kjem frå kulturskul­en, andre spelar i band på ungdomskul­turhuset. Her er alle slags kulturuttr­ykk: Musikk, kunst, dans, drama.

– Juryen plukkar ut nokre som går vidare i konkurrans­en. Men mest av alt handlar UKM om å ha det moro, møta andre ungdommar som driv med kultur – og få oppleva meistringa som ligg i å opptre på ein proff scene, seier Brynie.

Straight outta Storhaug

Joggedress heiter altså til dagleg Sjur. Han er – enn så lenge – 15 år og går i tiande klasse på Naerbø ungdomssku­le.

– Er det mykje å rappa om på Naerbø?

– Eg går berre på skule og er der i vekene. Men elles held eg meg på Storhaug.

– Er det mykje å rappa om på Storhaug, då?

– Eg er med i SOS-kollektive­t –

Straight Outta Storhaug. Me driv vårt eige plateselsk­ap, har ein produsent frå Grimstad, seier Sjur og peikar bort på ein kar i grå hettegense­r i sofaen, og held fram:

– Og så har me eige studio rett her oppe. Eigentleg bruker me det mest til å henga ut. Men planen er å spela inn musikk.

Ambisjonen min er å leva av musikken. Ikkje bli kjempestor, men leva greitt.

Joggedress/ Sjur Grov-Hagen

Joggedress er ikkje den einaste rapparen som skal på scenen denne dagen. Før han leverer Tazani ein runde afro hip hop, mens Hj1 framfører ein rapp om laget sitt.

– Tusen takk til alle som kom, seier Hj1, lukkeleg når han er ferdig.

– Vaer så god, seier ein barnestemm­e i publikumme­t av håpefulle familiemed­lemmer og kompisar.

Rett før Joggedress skal på, går 13- og 14-åringane Wragh frå Mariero på og leverer eit stykke sjølvkompo­nert tung rock med stort alvor.

Har Joggedress ein strategi nå når det snart er hans tur? Korleis skal han imponera på UKM?

– Eg har eit bra show. Eg skal imponera. Mange andre er betre enn meg på synging. Eg er best på rapping og har valt ut ein sårbar song folk kan kjenna seg igjen i.

– Kva skriv du om?

– Eg skriv om å vera kid på

Storhaug. Om damer. Pengar. Overtenkin­g. Eg speglar meg sjølv.

Showtime!

Så er det Joggedress sin tur. Før han går på scenen, blir han intervjua backstage av to av dei unge programlei­arane. Intervjuet blir strøyma inn på tv-skjermen i konsertlok­alet.

Sjur fortel at han begynte med å laga konsertar med playmofigu­rar. Men så oppdaga han OnklP og fann ut at det gjekk an å rappa på norsk.

– Har du nokon du ser opp til, spør dei unge intervjuar­ane.

– Eg ser opp til far og mor. Og til alle som er høgare enn meg sjølv, svarer Joggedress, før lyset i salen bli dempa og det er showtime.

Han framfører songen «Alltid våken». Det er ein song om kjaerleiks­sorg. Han rører seg sjølvsikke­rt rundt på scenen. Det er bra med liv på første rad.

Så er det over. I gangen på veg tilbake til backstage får han ein diplom i hendene, det synlege provet på at han har vore med på UKM 2023, avdeling Stavanger. – Koss syns du det gjekk?

– Eg syns det gjekk bra, svarer Joggedress, før han blir omfamna fysisk og verbalt av den hettekledd­e produsente­n frå Grimstad:

– Du killa.

Ny sjanse

Seinare på kvelden fell dommen. Publikumsp­risen går til Wragh. Men så har fagpanelet valt ut fire utøvarar som går vidare til fylkesfina­len i Sandnes 21.–23. april. UTB jazz går vidare med låten «Goose BUMPS». Déja Vu Team Girly skal til Sandnes med sitt dansenumme­r. Baeko går vidare med kunstverka sine.

Men den siste utøvaren som skal til Sandnes for å prøva å nå heilt fram til landsfinal­en i Trondheim i juni, heiter Sjur Grov-Hagen. Aka Joggedress.

 ?? JON INGEMUNDSE­N ?? Joggedress i aksjon på årets Ungdommens kulturmøns­tring i Stavanger. Der fekk han god uttelling.
JON INGEMUNDSE­N Joggedress i aksjon på årets Ungdommens kulturmøns­tring i Stavanger. Der fekk han god uttelling.
 ?? JON INGEMUNDSE­N ?? Eit kort intervju før han skal på scenen.
JON INGEMUNDSE­N Eit kort intervju før han skal på scenen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway