Stavanger Aftenblad

– Sjølvsagt mogleg å kopiere fjoråret

HÅNDBALL: Ein knallsterk siger søndag sikra Naerbø kvartfinal­e i europacupe­n. No har laget begynt å drøyme om ein kopi av fjorårets store bragd: Gull i Europa.

- Mari Sollid Eide mari.sollid.eide@aftenblade­t.no

Optimisme på Naerbø etter ny Europa-bragd:

– No er vi det same laget som vann i fjor, i tillegg til at vi har forsterkni­ngar med Kasper (Lothe) og Gustav (Bergendahl). Det er sjølvsagt mogleg å kopiere fjoråret. Men vi skal vere heldige med laga vi trekk. Vi veit kor gode vi er på heimebane, det begynner å sjå bra ut.

Tord Haugseng var høgt oppe etter søndagens siger mot slovakiske MSK Povazska Bystrica i kvartfinal­en i europacupe­n. Triumfen føyde seg inn i rekkja av sigrar i 2023. Faktisk har ikkje blåtrøyene tapt ein einaste offisiell kamp dette året.

Naerbø fekk ein trå start på årets eliteserie­sesong, men har etter fleire sigrar klatra til 8.-plass i eliteserie­n som betyr plass i sluttspele­t. Ein av forskjella­ne på laget no kontra det som starta sesongen er at Andreas Horst Haugseng er tilbake i Naerbø-drakt.

– Det er godt å ha Andreas tilbake. Det er eit heilt anna trykk med ein ekstra senior. Så er det er fint at vi har den breidda i laget, seier søskenborn Tord Haugseng.

Sterk breidde

Trenar Fredrik Ruud har sett framgang i laget den siste tida. Han meiner det har blitt ein ro over heile troppen. Samstundes trekk han fram ei sterk breidde.

– Laget har begynt å bli komplett. Det er gledeleg å sjå. Rollene sett seg gradvis. Spelarane veit sine oppgåver og kjenner på korleis vi handterer ting undervegs. Vi står fram som solide, det syns eg vi har gjort i det siste. Så kjem det til å kome kampar vi taper, men vi begynner å gjere det vanskeleg for lag å slå oss, seier Ruud.

Trenaren, som kom til Naerbø før årets sesong, meiner alt kan skje i Europa no som laget er klar for kvartfinal­e, men vil ikkje snakke i like store ord som Tord Haugseng.

– Alle laga som er igjen er gode lag. Naerbø var grisegode i fjor, samstundes slapp dei Minsk i kvartfinal­en (lag frå Belarus og Russland blei utestengde av turneringa grunna krigen i Ukraina). No er det steintøft. Det handlar om kven som har dagen og heime-/bortebane. Men sjølvsagt, vi er eitt av laga som kan stå igjen til slutt. Vegen er endå trongare no enn den har vore, seier trenaren.

Trekning tysdag

Tysdag blir trekninga av kvartfinal­en gjennomfør­t. Der kan Naerbø møte lag frå Kroatia, Tsjekkia, Slovenia, Serbia, Sverige og Norge. Ruud håpar å unngå det andre norske laget, Runar. Både fordi han helst vil oppleve lag han ikkje møter i eliteserie­n, men òg fordi det er bra for den norske rankinga i Europa at to norske lag tar seg så langt som mogleg.

Så trekkjer trenaren fram at spelarane får energi av å spele i heksegryte­r, det same gjer trenarane. Difor er han ikkje redd for ei vanskeleg bortebane.

Kvartfinal­ane blir spelt 18./19. mars med returkamp helga etter. Før den tid ventar viktige oppgjer i eliteserie­n.

Onsdag skal Naerbø igjen i aksjon når Drammen gjestar Sparebanke­n Vest Arena. Då skal Naerbø forsøke å slå drammensar­ane for første gong i eliteserie­n.

 ?? JON INGEMUNDSE­N ?? Halvor-Elias Naerland var enorm i Naerbø-buret søndag kveld og enda på ganske spinnville 50 prosent redningar.
JON INGEMUNDSE­N Halvor-Elias Naerland var enorm i Naerbø-buret søndag kveld og enda på ganske spinnville 50 prosent redningar.
 ?? JON INGEMUNDSE­N ?? Tord Haugseng markerte seg med fleire susarar mot slovakaran­e søndag.
JON INGEMUNDSE­N Tord Haugseng markerte seg med fleire susarar mot slovakaran­e søndag.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway