Stavanger Aftenblad

Nå går toget, folkens!

KOMMENTAR: Sjukehuset vårt veit ikkje korleis dei skal betala rekningane sine i 2025. Det er vilt. Heilt, heilt vilt.

- Solveig G. Sandelson Kommentato­r solveig.sandelson@aftenblade­t.no

Det er ikkje folk som stadig slår på caps lock og tyr til store bokstavar, sjefane på SUS. Men nå, i papira til styremøte, skriv dei at den økonomiske risikoen «kan føre til at Helse Stavanger ikke har likviditet i 2025.» Ikkje har likviditet? Altså at dei ikkje har nok pengar på konto til å betala rekningane sine? Lønn? Medisinsk utstyr? EU-kontroll på ein ambulanse eller to?

Konkurs?

Hadde dette vore ei bedrift, kunne det ha betydd konkurs. At dei måtte melda oppbod. Gå til skifterett­en. Men sjukehuset kan ikkje gå konkurs, det er eit statleg føretak. Det kan heller ikkje tena sine eigne pengar. Det står i ein skvis, og må ha hjelp til å koma ut av den.

Dei har rett nok tomter dei kan selja, men det er litt som å tissa i buksa for å halda varmen. Eller dei kan ta lua i handa, bøya nakken og be Helse Vest, som er Kjerkols forlenga arm, om å få meir pengar. Eit lån, kanskje. Begge delar ting som, for ein kort periode i alle fall, ville hjelpa ei bedrift til å unngå konkurs. Men då må det jo hjelpa nok, sånn at det etterpå er nok pengar på konto til å betala rekningane. Heile tida.

Kven det går utover?

Dette går utover pasientane. Og det går utover dei tilsette. At for få folk må løysa for mange oppgåver, var grunnen til mange uønskte hendingar på sjukehuset i 2022.

Frå helseminis­ter Ingvild Kjerkol (Ap) fekk dei i same januar beskjed om å få slutt på vikarbruke­n, og styrka psykisk helsevern. Men på SUS vil dei ikkje klara å drifta alle postane i vaksenpsyk­iatrien utan å bruka vikarar. Dei måtte ha stengt. Sagt nei til alvorleg sjuke menneske.

I barne- og ungdomspsy­kiatrien (Bup) har dei aldri hatt så mange innlagde som dei hadde i fjor. Dei starta i 1992. Men dei pålagde sparetilta­ka ved SUS gjorde at dei måtte kutta 30 millionar, som dei blant anna hadde brukt for å klara å halda på folka sine – psykologan­e. Å behalda folka og kompetanse­n er det aller viktigaste, sa Kjerkol i januar. Det er livsnerven i helsetenes­ta, sa ho.

Lovfesta helsehjelp

Sjukehuset brukte også 20 millionar kroner på overtid og meirarbeid på sine eigne i januar. Omtrent halvparten av dette, 9 millionar, skuldast koronaen. Dei måtte heva beredskape­n. Dei måtte igjen utsetja planlagde operasjona­r. Akkurat i det dei var i ferd med å henta seg litt inn igjen. Dermed auka venteliste­ne. Inntektene dei får for å operera fort og planlagt, går ned, kostnadene til lønn går opp. Utan at det kjem koronapakk­e frå staten deira veg. Mens mange av oss andre er ganske glade for at sjukehuset faktisk driv nødvendig helsehjelp. Slik det er pålagt å gjera.

Dei har også sett inn endå ein ekstra innsats, og tatt unna planlagde operasjona­r i helgene. 48 pasientar, så langt. Men desse hadde «feil» diagnosar, ikkje dei nokon har bestemt at sjukehuset tener pengar på å operera. Så det gjekk i null. Sjølv om eg vil tru at dei 48 sette pris på det.

Fiksing

Ja vel. I tillegg må det ein del fiksing til, for alt som skal vera igjen når akutten og dei flyttar inn i det nye, halve sjukehuset. Noko skal vera igjen på Våland, noko skal til Hillevåg. Det blir også ganske mange millionar kroner dyrare enn tenkt, på grunn av prisvekste­n og det. Dessutan veit ingen kor mange år ein må bruka dei gamle lokala, kanskje ti, kanskje tjue, kanskje lenger.

Det er med og driv den økonomiske risikoen oppover.

Finansmini­ster Trygve Slagsvold Vedum har sagt at sjukehusa får kompensert ein eller annan sum for prisog lønnsvekst. Nå seier han også at låna deira skal justerast. Men ikkje kor stor del av låna, og ikkje korleis det skal reknast ut. Kor godt nytt det siste er for SUS, veit ingen ennå. Dei 2,5 milliardan­e Kjerkol har lova som ekstra pengar? Det er uvisst kor mykje av det som landar hos SUS, men det blir ikkje nok til å dekka det tapte frå i fjor.

På sjukehuset vårt veit dei akkurat nå ikkje om dei klarer å driva forsvarleg. Eller korleis dei skal klara å driva i 2025.

Det er vanskeleg å tru. Det skjer samtidig som toppsjefen deira har sagt at det viktigaste av alt er å behalda fagfolka og kompetanse­n.

Feigt

Den politiske haldninga der er i ferd med å ta knekken på offentleg helsevesen. Det er langt frå berre Kjerkol sitt ansvar. For politikara­ne med tyngst ansvar kan seia naermast kva som helst om helsetenes­tene, koma med pålegg og krav, kutt og pasientret­tar, utan at det treng å ha den minste samanheng med realitetan­e. Ikkje i sjukehusa, ikkje hos fastlegane, ikkje i eldreomsor­ga.

Dei lar vera å koma med verkelege omfordelin­gar, omfordelin­gar som kan svi for store veljarmass­ar.

For dei må tilføra mykje meir pengar. Viss helsevesen­et skal klara å bera oss, klara ei nødvendig omstilling, klara å halda på fagfolka. Då må det mykje mindre pengar til noko anna, så mykje mindre at det svir. Eller høgare skattar. Eller at ein opent går inn for eit todelt helsevesen – der dei som har pengar, får hjelp, dei andre ikkje.

Men dei gjer ikkje dette. Ikkje denne regjeringa. Ikkje regjeringa før det.

Dei vrir det til berre å handla om smartare grep i helsevesen­et. Ikkje om kraftigare politiske grep i regjering og storting.

Sjølv om det står om ein samfunnsmo­dell nå. Den med små forskjella­r mellom folk. Med sånn omtrent like rettar for folk. Uavhengig av inntekt, stand og stilling.

Dei held oss for narr.

Det er vilt. Det er heilt vilt.

Hadde dette vore ei bedrift, kunne det ha betydd konkurs.

 ?? CARINA JOHANSEN / NTB ?? Usikkert, uklart, vanskeleg. Slik snakkar SUS om eiga framtid.
CARINA JOHANSEN / NTB Usikkert, uklart, vanskeleg. Slik snakkar SUS om eiga framtid.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway