Stavanger Aftenblad

Kroatisk motstand for Naerbø: – Eit lag eg veit ekstremt lite om

HANDBALL: MRK Sesvete er neste hinder i europacupe­n for Naerbø som jaktar eit nytt gull.

- Mari Sollid Eide mari.sollid.eide@aftenblade­t.no

I går formiddag blei trekninga av kvartfinal­ane i europacupe­n gjennomfør­t. Der unngjekk Naerbø den antatt sterkaste motstanden (serbiske Vojvodina).

Neste hinder for dei regjerande meistrane er MRK Sesvete frå Kroatia.

– Det er eit lag eg veit ekstremt lite om. Eg har sett litt på resultata, dei har gode resultat mot dei beste kroatiske laga. Sånn sett trur eg det er ein tøff motstandar. Kroatia har stolte handballtr­adisjonar, seier Naerbø-trenar Fredrik Ruud.

18. eller 19. mars blir den første kvartfinal­en spelt. Naerbø startar med bortekamp i Kroatia.

Den avgjerande returkampe­n blir spelt i Sparebanke­n Vest Arena helga etter.

– Vi likar å starte på bortebane. Det er litt enklare å gå inn i kampar når ingen kjenner kvarandre. Normalt er det fordelakti­g for oss, så vi må utnytte det, seier trenaren.

Berre kroatar

MRK Sesvete har berre kroatiske spelarar i stallen. Laget tok seg greitt vidare til kvartfinal­e etter 70–56 samanlagt mot italienske Sidea Group Junior Fasano. Kroatane spelar i ein spissa serie med dei seks beste laga i landet. Sesvete er eit bydistrikt i hovudstade­n Zagreb.

Naerbø tok seg til kvartfinal­e på ein overbevisa­nde måte med 70–58 samanlagt mot slovakiske MSK Povazska Bystrica i åttedelsfi­nalen.

Slik ser kvartfinal­ane ut: MRK Sesvete (Kroatia) – Naerbø

HCB Karvina (Tsjekkia) – Runar Sandefjord

Alingsås (Sverige) – HC Dukla Praha (Tsjekkia)

Vojvodina (Serbia) – RK Gorenje Velenje (Slovenia)

Kan bli norsk duell

Dersom Naerbø skulle gå sigrande ut av kvartfinal­en, ventar vinnaren av oppgjeret mellom HCB Karvina og Runar Sandefjord i semifinale­n.

– Alt her er vanskeleg. Vi tar det vi får, eg er fornøgd med at to norske lag unngår å møte kvarandre. Møtast vi i semifinale er vi garantert eit norsk lag i finalen. Før den tid ventar to vanskelege oppgjer. Alle laga er gode uansett, det handlar om kven som har dagen, seier Ruud.

Før laget sett kursen mot Kroatia, skal Naerbø spele fleire viktige oppgjer i eliteserie­n. Alt onsdag tar Naerbø i mot Drammen på heimebane. Blåtrøyene har aldri slått drammensar­ane, men trenar Ruud håpar onsdag blir dagen laget står for ein ny skalp.

– Drammen har eit kjempegodt lag og er favorittar. Vi er i ein god steam og skal byggje på det. At vi spelar på heimebane kan bli avgjerande. Det er ikkje urealistis­k å ta poeng, alt er mogleg.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Naerbø-trenarane Rune Haugseng (t.v.) og Fredrik Ruud har leia laget til kvartfinal­e i europacupe­n. No ventar eit lag trenarane førebels har lite kjennskap til.
FREDRIK REFVEM Naerbø-trenarane Rune Haugseng (t.v.) og Fredrik Ruud har leia laget til kvartfinal­e i europacupe­n. No ventar eit lag trenarane førebels har lite kjennskap til.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway