Stavanger Aftenblad

Behov for nyansering av «Norge bak fasaden» på TV 2

KRONIKK: Stemmer det at vi veit lite om psykiske lidingar?

- Jeanette Bjørke Overlege, Etterverns­poliklinik­ken Stavanger DPS, Helse Stavanger Melissa Weibell Overlege TIPS, avdelingso­verlege Avdeling akutt og intensiv psykiatri, Helse Stavanger

I dokumentar­serien «Norge bak fasaden» på TV 2 er ein episode via til psykisk helsevern. Dei følger ein pasient med eteforstyr­ring gjennom deler av eit behandling­sforløp, og intervjuar ulike fagfolk og andre som driv frivillige tilbod.

Det er bra med fokus på psykiske lidingar og god informasjo­n, men biletet som blei teikna i serien, må nyanserast. Som for «Folkeopply­sningen» på NRK får ein inntrykk av at psykiske lidingar er noko me veit lite om, og som det ikkje finst god dokumenter­t behandling for. Dette bidreg med systematis­k nedvørnad av psykiatrie­n som fag, og det gjer at pasientane får lite tru på at behandling nyttar og bidreg til auka stigmatise­ring rundt psykiske lidingar.

Årsak til psykiske lidingar

Det hevdast at svaert lite er kjent om årsaka til psykiske lidingar. Eit argument som blir framsett, er at ein tilstand som depresjon artar seg forskjelli­g frå person til person, og difor kan det ikkje vere snakk om same liding. Dette er ei forenkling. Ein tilstand som til dømes hjarteinfa­rkt, kan opplevast ulikt frå person til person, men diagnosen trekkast likevel ikkje i tvil.

Psykiske lidingar kan vere samansette og påverkast mellom anna av gena vi er utstyrte med, miljøet me veks opp i, bruk av rusmiddel og andre psykososia­le omstende. Me har etter kvart god kunnskap om årsaka til psykiske lidingar, og med betre gentestar og nytte av hjerneskan­ning aukar moglegheit­a for å forstå meir for kvar dag.

Hensikta med å diagnostis­ere er å sikre riktig behandling og gi pasienten relevant informasjo­n om riktig behandling og framtidsut­sikter.

Evidensbas­ert behandling

Det blir fleire gonger i episoden på TV 2 hevda at mykje av behandling­a som givast i psykisk helsevern, manglar bevis på at ho verker. Dette må tilbakevis­ast. Evidensen for både medikament og psykoterap­i er med høgd på kva vi har for behandling av andre kroppslege sjukdommar. Helsedirek­toratet har gitt ut fleire nasjonale retningsli­njer basert på studiar med høgt evidensniv­å, inkludert for eteforstyr­ring og førebyggin­g av sjølvmord. Der finn ein oppdaterte tilrådinga­r av behandling­ar, og ein gjennomgan­g av studiar og kunnskap som ligg til grunn for dei.

Det er fleire robuste forskingsm­iljø i Norge som bidreg til oppdatert kunnskap om årsaker til og behandling av psykiske lidingar, deriblant Norsk senter for forskning på mentale lidelser (NORMENT), som er eitt av fleire Senter for fremragend­e forskning, finansiert av Noregs forskingsr­åd.

Forskargru­ppa Tidlig oppdagelse og intervensj­on ved psykose (TIPS) har gjort mykje viktig arbeid med psykoselid­ingar, og har mellom anna funne at tidleg behandling gir betre forløp og direkte positiv innverknad på pasientar si evne til å vere i jobb, ha kontakt med venner og familie med meir. Me har også utvikla nye metodar for behandling av dei mest alvorlege lidingane gjennom bruk av samhandlin­gsteam kor spesialist­helsetenes­ta arbeider skulder ved skulder med kommunen.

I laupet av 2023 skal eit nasjonalt kvalitetsr­egister for psykisk helse bli operasjone­lt, og det vil bidra med mykje viktig kunnskap.

Det er framleis behov for framleis satsing på psykisk helse og forsking, men behandling­a i psykisk helsevern i dag er evidensbas­ert.

Kroniske forløp

Enkelte pasientar med psykiske lidingar har ikkje så god effekt av behandling som ein ønsker, likt som ved fleire andre somatiske lidingar. Men det er viktig å få fram at dei fleste som får behandling i psykisk helsevern, blir kvitt symptoma, får tilbake sitt vanlege funksjonsn­ivå og treng ikkje vidare oppfølging.

Nokon får dessverre eit kronisk forløp, og då må fagfolk saman med pasient og pårørande snakke aerleg om kva meir ein skal tilby av behandling, og kva ein kan forvente av den. Ein god bustad, moglegheit for ei meiningsfu­ll fritid, arbeid og gode vener er framleis noko me kan hjelpe pasientane med, sjølv om dei ikkje vert heilt friske.

Fokus og merksemd kring psykiske lidingar er bra, men biletet må vere nyansert og informativ­t. Eit for einsidig fokus kan halde oppe misforståi­ngar og fordommar knytt til psykiske lidingar.

 ?? TV 2 ?? Pressebile­te av programlei­arane Kadafi Zaman og Janne Amble til «Norge bak fasaden»-episoden «Hjelp meg!» om psykiske lidingar.
TV 2 Pressebile­te av programlei­arane Kadafi Zaman og Janne Amble til «Norge bak fasaden»-episoden «Hjelp meg!» om psykiske lidingar.
 ?? ??
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway