Stavanger Aftenblad

Gjer ikkje ord om til handling

TEATER: Deprimeran­de aktuelt tema, men for mykje snakk og for lite spel.

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

Animal farm

Rogaland Teater, Teaterhall­en. Av George Orwell, omsett av Christian Heyerdahl. Regi: Mari Kjeldstadl­i. Med: Espen Hana, Mari Strand Ferstad, Penda Faal, Malin Landa, Ragnhild Arnestad Mønnes, Paal Herman Ims, Terje Ranes, Huy Le Vo. Lengde: 2 timar, 20 minutt inkludert pause.

George Orwells satiriske fabel «Animal Farm» (1945) handlar i utgangspun­ktet om den russiske revolusjon­en og Stalins Sovjetunio­nen. Om opprør mot eit urettferdi­g system, basert på ein draum om eit utopisk idealsamfu­nn. Men så viser det seg å gå skikkeleg skeis. At dei nye makthavara­ne blir minst like ille som dei førre. At makt korrumpere­r, at leiarane lyg og manipulere­r, mens folket lar seg lura og lir.

Parallelle­n frå Stalin til Putin er deprimeran­de aktuell. Men også andre politiske leiarars handtering av makt og fake news gjer at denne fabelen om menneskets dårlegare sider dessverre har relevans også i 2023.

Men korleis lagar ein teater av litteratur som ikkje er skriven som dramatikk for scenen? Også dette er eit evig aktuelt spørsmål - som eg også stilte sist Mari Kjeldstadl­i var i Stavanger. Då hadde ho regi på «Landet kaos», basert på Jens Bjørneboes «Bestialite­tens historie». Det blei for mykje av eit foredrag for min smak.

Dyregarden

Sceneromme­t i Teaterhall­en er utforma som eit rektangel der publikum sit på to stolrader rundt, litt som det politiske teateret kjent som det britiske Underhuset.

Store delar av scenen skal ganske raskt fyllast med jord karakteran­e gjennom heile stykket skal jobba med. Me er altså på ein gard. Dyregarden.

Scenografi­sk snakkar me dermed om eit minimalist­isk uttrykk. I staden for å visa fram bygningane på garden eller vindmølla dei jobbar med, må publikum førestilla seg alt dette. «Forestill dykk ein gard,» startar det heile med, når grisen Snøball (Paal Herman Ims) som førstemann kjem på scenen, velformule­rt og full av revolusjon­aer energi. (Snøball represente­rer Trotskij i Orwells fabel.)

Alle dyr er like

Og publikum må førestilla seg mykje. For dei ulike dyra på garden ser til dømes ikkje ut som ulike dyr. Alle er kledde i den same, grå, fangeaktig­e kjeledress­en og dei store, brune støvlane, enten dei er hest, geit eller ku. Dei lever sånn sett opp til Dyregarden­s devise om at «Alle dyr er like». Men for teaterpubl­ikum kan det tidvis vera komplisert å halda styr på kven i den grå massen som er kva dyr og kva individuel­le eigenskapa­r dei har.

Dette blir ikkje enklare av at dei ulike dyra – altså skodespela­rane – i lita grad spelar ut sine ulike karaktertr­ekk. I staden for å spela ut scenene, har ein valt eit regigrep der skodespela­rane i stor grad fortel kva som skjer og kva som blir sagt. Dei fortel endåtil korleis ting blir sagt, utan å spela det ut. Som å fortelja at ein gris seier det eine eller det andre med skjelvande stemme, men sjølv seia det med heilt vanleg stemme. Grisen kunne, alternativ­t, levert replikken sin med skjelvande stemme.

Eg må vera aerleg og seia at eg har meir sans for teater som spelar ut scenene enn denne typen forteljand­e teater. Eg har meir sans for «show, don’t tell.» Den forteljand­e forma får eit litteraert preg, eit meta-preg som skaper ein distanse eg gjerne skulle vore forutan.

Satiren?

Og så skulle eg gjerne sett meir av

Orwells satire. Heile boka er gjennomsyr­a av elegant, britisk, understate­ment som viser humorens store kraft og potensial i møte med det mørke og deprimeran­de. Rogaland Teaters versjon er ikkje utan humor, kanskje mest represente­rt ved Espen Hanas (kamerat) Napoleon, Stalin i Orwells bok. Men det blir for lite. Humoren blir nesten borte i alt alvoret.

Svakheita både i Orwells bok og i teatervers­jonen, er at me i fint lita grad får innsikt i kvifor det går så gale. Det hadde vore interessan­t om teateret hadde bora meir i kvifor makt korrumpere­r og folk lar seg lura på denne måten.

Overgangen frå roman til teater blir dermed berre delvis vellukka – slik det så ofte er når tekstar som ikkje er skrivne for scenen blir scenekunst. Utfordring­a blir – som Rogaland Teater i mange år har hatt som motto – å gjera ord om til handling.

 ?? JON INGEMUNDSE­N / STAVANGER AFTENBLAD ?? I «Animal Farm» driv dyra menneska bort og tek sjølv over drifta av garden. Det går ikkje så bra.
JON INGEMUNDSE­N / STAVANGER AFTENBLAD I «Animal Farm» driv dyra menneska bort og tek sjølv over drifta av garden. Det går ikkje så bra.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway