Stavanger Aftenblad

Jesus vert freista

- Ellen Nordtun

«Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka for at djevelen skulle freista han.» Slik starta søndagens evangeliet­ekst om då Jesus vart freista tre gongen av djevelen (Matteus 4, 1-11). I forkant av freistinga fasta han i 40 dagar og 40 netter. Jesus står imot freistinga­ne og djevelen går frå han.

Det høyrer med til dei grunnleggj­ande livsvilkår­a at me møter freistinga­r. Sjølv i Edens hage, før Eva og Adam fall, var freistaren til stades.

Me har samstundes i oss både lengt etter det gode og også lysten til de vonde. Me kjenner alle kampen mellom det gode og det vonde inne i oss. Me har alle gjort ting me ikkje skulle ha gjort. Sagt ting me angra på.

Bibelen fortel at det er Gud sin fiende som står bak all freisting til å gjera det vonde.

Jesus kan og vil hjelpa oss. Han veit korleis kvar og ein har det. Han veit korleis det er å møta freistinga­r.

I Fadervår ber me: «Og lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde.» Jesus har laert oss denne bøna. Han vil at me skal be om hjelp til å stå imot freistinga­ne når dei kjem, og samtidig også be om tilgjeving når me har gjort eller sagt noko som me angra på.

Jesus vant over djevelen og han vil hjelpa oss, han vil vera saman med oss kvar dag heile livet. Det handlar om å kva fokus me har i livet.

Me er no i kyrkja si fastetid. Ei tid for å tenkja gjennom liv og tru. Fastetida er tid for prioriteri­ng. Ei tid for å øva oss i nestekjaer­leik og solidarite­t. Fastetida kan vera ei god tid til å koma i pakt med seg sjølv, til overskot, til kraft, til ny innsikt, til bøn og å søkja Gud.

 ?? ?? For lenge siden
SØNDAGSTAN­KER:
For lenge siden SØNDAGSTAN­KER:
 ?? SHUTTERSTO­CK ??
SHUTTERSTO­CK

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway