Stavanger Aftenblad

Kan ta NM-gull to år «for tidleg»

HANDBALL: For tredje gong på fem år har Naerbø sine juniorgutt­ar tatt seg heile vegen til NM-finale. Dei to forrige gongane blei det gull. Det kan det óg bli i dag.

- Mari Sollid Eide mari.sollid.eide@aftenblade­t.no

Laurdag kan «feilfri februar» halde fram for Naerbø. Juniorlage­t (G20) har tatt seg heile vegen til NM-finale og møter Charlotten­lund i finalen.

I 2017 og 2018 gjekk Naerbø til topps. Då var stammen i laget den gylne 1998-årgangen som også er stammen i elitelaget som onsdag tok ein stor skalp. Då måtte Drammen for første gong i eliteserie­n måtte sjå seg slått av jaerbuane.

I helga er det 2004-årgangen som er stammen i laget. Faktisk er dei fleste på laget to år yngre enn det dei kunne vore for å spele i G20-klassa.

– Det viser at dei er komne langt. Dei har ein bra treningkva­rdag, der mange får vere med A-laget. Guttane har blitt vaksne fort, seier trenar Atle Gudmestad.

God treningsku­ltur

Til dagleg spelar store delar av troppen i 2. divisjon for Naerbø 2. Laget vann 2. divisjon i fjor og toppar tabellen også i år. Men fordi Naerbø har lag i eliteserie­n, kan ikkje andrelaget rykke opp.

– Desse har lukta litt på Alaget. Dei har vore med i gruppa og laert seg til kva rutiner og reglar som gjeld, det smittar nedover. Spesielt treningsku­ltur. Gutane veit kven som er på deira plass på A-laget om kva som skal til for å spele i eliteserie­n, seier trenaren.

Gudmestad tok over laget før denne sesongen då han sjølv la handballsk­oa på hylla. Det siste han gjorde med Naerbø var å ta gull i europacupe­n i rumenske

Baia Mare.

Spår jamn finale

Han trur mykje av grunnen til at Naerbø igjen har eit lag i NMfinalen for juniorarar er nettopp fordi Rune Haugseng gjekk føre og ville satse med 1998-kullet.

I likskap med karane som no er 24 år gamle, har juniorgutt­a trent lenge saman. Gudmestad meiner han i år kom til dekka bord då han tok over laget og skryt stort av jobben Jonas Edland og Stig Penne har gjort over fleire år. Sistnevnte er framleis ein del av trenarappa­ratet.

Trenaren spår ein jamn finale mot Charlotten­lund, laget som tapte fjorårets juniorfina­le.

– Vi møter eit godt handballag med mange som får mykje speletid i 1. divisjon. Det kjem an på dagsformen og kva lag som taklar å spele tidleg samt finalesitu­asjonen. Det kan gå begge vegar.

Finalen har avkast laurdag 09.30 i Sparebanke­n Sør Amfi i Arendal.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Lars Eirik Larsen er ein av spelarane på juniorlage­t som har vist seg fram i eliteserie­n og Europa denne sesongen.
FREDRIK REFVEM Lars Eirik Larsen er ein av spelarane på juniorlage­t som har vist seg fram i eliteserie­n og Europa denne sesongen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway