Kampen om folka
KOMMENTAR: Stavangerregionen treng fleire kompetente folk. Det startar med dei unges val.
Denne veka gjekk søknadsfristen for vidaregåande utdanning ut. For mang ein 15–16-åring kan det kjennast som eit kjempealvorleg og livsviktig val. Som om ein ved denne tidsfristen skal avgjera kva og kven ein skal bli, for resten av livet.
Som jo ikkje stemmer. Ein av fordelane ved å vera 16 år er at du har god tid og rikeleg med rom både for å prøva og feila – slik alle me andre har gjort. Resten av livsvegen blei ikkje lagt ferdig 1. mars 2023. Det kjem fleire viktige vegkryss i livet.
Viktig for alle
I den andre enden av det vidaregåande utdanningsløpet står eit minst like spent samfunn og ventar på dei unge. Frå høgare utdanningsinstitusjonar til naeringsliv og kommunar.
For utdannings- og livsval er ikkje berre viktige for ungdommane sjølv. Dei er heilt avgjerande for oss alle. Vil det vera nok varme og kvalifiserte hender til å yta helse- og omsorgstenester i ei naer framtid der talet på eldre – og dermed sjuke – aukar dramatisk? Vil det bli tilstrekkeleg mange til å fylla alle dei ledige plassane i eit naeringsliv som skrik etter kvalifiserte fagfolk? Vil mange nok av dei – ikkje minst unge kvinnene – som reiser ut for å ta høgare utdanning i dei største byane, koma tilbake? Til Suldal? Til Nord-Norge, slik at det framleis bur folk i heile landet?
Eller vil dei koma til Stavanger-regionen? Kan det tenkjast at vår region klarer å lokka nokon hit for å studera? Og deretter få jobb og bli verande? Få (mange) barn og hindra at folketalet går ned?
Har Stavanger-regionen sjanse til å konkurrera om dei beste hovuda og hendene i kampen med dei store universitetsbyane og arbeidsmarknadane i Oslo, Bergen og Trondheim?
Store spørsmål
Dette er ikkje berre teoretiske spørsmål i ein aviskommentar. Det er store spørsmål utdanningsinstitusjonar, kommunar og naeringsliv baksar med kvar dag. Går du inn på Stavanger kommunes nettsider, er noko av det første som møter deg ein kampanje frå Stavanger Business Region, som blir driven av kommunens naeringsavdeling. «De kom for jobben. Men ble for livsstilen», står det. Og så får me møta fire unge menneske som har valt Stavanger.
Ei av dei, Vilde Økland Drønen, har du også møtt i Aftenbladets spalter. For mens nesten alle vennene drog til Oslo, valde altså bergenske Vilde Stavanger, for jobb og eit aktivt fritidsliv på bølgjer og snø.
Men Vilde er dermed «kjerringa mot strømmen», som det står i Aftenbladets reportasje. For Stavanger-regionen slit med å tiltrekka seg folk. Naeringsavdelingas eigne, breie, nasjonale undersøking viser at 70 prosent har svaert dårleg eller nokså dårleg kjennskap til regionen. Over halvparten svarer at dei ikkje kjenner til jobbmoglegheitene her.
Dramatisk situasjon
Slike tal har konsekvensar. Sist veke sa presidenten i Norges ingeniør- og teknologiorganisasjon (NITO), Trond Markussen, at kompetansekrisen her i regionen er så dramatisk at han ikkje forstår korleis me i Rogaland søv godt om natta. For sjølv om rogalandsøkonomien – på grunn av olje og gass – går betre enn både Bergen og Oslo, slit me altså med å skaffa nok ingeniørar.
«Arbeidsplasser har aldri vaert et problem i Stavanger. Men det som vi ser er at byen av en eller annen grunn ikke er attraktiv nok å flytte til […] som andre storby-distrikter», sa seniorforskar Knut Hareide ved Telemarksforskning til Aftenbladet. Han har over lang tid sett at Stavanger er ein by folk flyttar frå, saerleg til Oslo, Bergen og Kristiansand. Han trur det kan skuldast manglande bustadbygging og at Stavanger ikkje er like godt etablert som universitetsby som Oslo og Bergen.
Størst vekst
Alt dette skulle, reint logisk, kanskje tilseia at folketalet i Stavanger-regionen og Rogaland gjekk nedover. Men då Statistisk sentralbyrå (SSB) nyleg presenterte sin ferske befolkningsstatistikk, viste den ein svak auke i folketal.
Vel så interessante er tala som blei lagt fram tidleg i januar, der SSB presenterte folketalsutviklinga i det dei omtaler som tettstader. Altså ikkje byar eller kommunar, men område med samanhengande busetting. Der hamnar Stavanger/Sandnes, med våre 231.693 innbyggjarar, på tredjeplass i befolkning, etter Oslo (1.064.235) og Bergen (267.117).
Men så, til mi milde overrasking, viser det seg at Sandnes/Stavanger har hatt den største prosentvise befolkningsveksten av alle dei ti største byane og tettstadene i Norge dei siste 20 åra, med heile 39 prosent frå 2002 til 2022.
Det er, med andre ord, ganske mange som syns det går an å leva ålreite liv i vår region – trass i dritvêret.
Alt dette skal regionens 15–16-åringar enn så lenge sleppa å tenkja på. Eg har full forståing for nervøsiteten, forventninga, spenninga, frykta og gleda over å måtta ta store val. Eg håper folk vel ulike ting, ut frå eigne interesser og evner. At dei finn seg sin plass og sin livsveg, om enn via nokre omvegar.
Og så håper eg dei finn seg ein fin stad å landa, byggja seg ein heim og eit liv. Veldig gjerne i Stavanger-regionen. For me treng folk.
Prosentvis har Sandnes/ Stavanger har hatt størst befolkningsvekst av dei ti største byane/tettstadene i Norge dei siste 20 åra.