Gjekk frå 50 millionar i pluss til 47 millionar i minus
RESULTAT: Konkurransen i meierisektoren er skjør, og støtteordningane bør bli ikkje bli fjerna, ifølgje Konkurransetilsynet. Dermed går dei imot ønsket til regjeringa.
47, 7 millionar kroner. Det blei resultatet før skatt for Q-meieriene i 2022.
I 2021 landa dei 50 millionar på plussida, og i dei tre åra før der igjen, gjekk dei over 100 millionar i pluss.
For Q-meierisjef Kristine Aasheim er nedgangen endå eit argument mot fjerning av konkurransefremmande tiltak for mindre norske meieri. Regjeringa ønsker å gradvis trappa ned dei eksisterande tiltaka, og Aasheim er blant dei som over tid har engasjert seg i debatten.
– Dette toler me rett og slett ikkje i Q. Me har allereie eit underskot, seier ho.
Vågar ikkje bruka tilskot
Aasheim lanserer tre forklaringar på nedgangen i årsresultat. Innkøyring av nytt meieri på Jaeren
«Eksplosjon» i straumprisane Nedgang i sal av Q-mjølk
I 2021 mista Q-meieriene retten til distribusjonstilskot på 50 millionar kroner. Tilskotet er ein del av dei omdiskuterte konkurransetiltaka.
Q-meieriene har klaga på vedtaket som dei meiner at blei fatta på feil grunnlag. Eit endeleg klagesvar har dei ikkje fått, og dei får derfor framleis utbetalt tilskotet.
– Me kan ikkje bruka tilskotet me får, for om me skulle tapa klagen, må me betala det tilbake, seier Aasheim.
Derfor har dei sett seg nøydde til å setja opp prisen på mjølka med 50 øre literen, noko Aasheim no bruker som forklaring på salsnedgangen.
Direktorat: – Tine framleis sterk
Og verre fryktar Aasheim at situasjonen vil bli om regjeringa gjer alvor av å trappa ned på konkurransetiltaka.
Tiltaka er ein del av prisutjamningsordninga for mjølk. Ordninga blir finansiert av meieria sjølve gjennom avgift på mjølk.
Samvirket Tine meiner at konkurrentane deira ikkje lenger har behov for hjelp til å konkurrera. Utan konkurransetiltak vil avgifta på mjølka gå ned. Tine meiner dette vil styrka norsk mjølkeproduksjon.
Q-meieriene meiner derimot at Tine framleis er for dominerande til at dei mindre aktørane kan konkurrera på like vilkår. Dei viser til at konkurranse er eit gode for forbrukarane og for mjølkesalet, då aktørane vil konkurrera på pris og innovasjon.
Nytt sidan sist Aftenbladet omtalte debatten, er at Landbruksdirektoratet har evaluert tiltaka. Blant hovudfunna deira er at
Tine framleis har ei sterk stilling med 76 prosent av mjølkebruken, men posisjonen deira er redusert. Dette er i betydeleg grad eit resultat av tiltaka. avvikling av tiltaka vil svekka konkurransen. Med svekka konkurranse risikerer ein faerre ulike produkt basert på norsk mjølk i butikken. dersom tiltaka held fram som i dag, vil dei i 2032 kunne utgjera ein kostnad på 17,3 øre literen. ein kan vurdera om innovasjon kan bli sikra med verkeMinus middel utanfor prisutjamningsordninga
Konkurransetilsynet tilrår vidareføring
Konkurransetilsynet meiner at tiltaka bør bli vidareførte, og at det er behov for å styrka ein «skjør konkurranse».
Forbrukerrådet viser til at Tine framleis er ein dominerande aktør, og at det er for tidleg å fasa ut tiltaka.
Stortingsrepresentant Lene
Westgaard-Halle (H) viste til konklusjonane deira under ein spørjetime i februar. Ho spurte om landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) framleis ønsker å fjerna dei konkurransefremmande tiltaka, «når fagfolka åtvarar så klart om at dette kan auka matvareprisane».
Borch svarte at departementet jobbar med høyringsinnspela, og at eventuelle endringar også vil bli lagde fram for høyring.