Stavanger Aftenblad

Trygg tunnel gjennom Rødsliane!

- Ingrid Fiskaa Leiar, Rogaland SV

På Rogalands mest rasfarlege veg, riksveg 13 i Rødsliane i Suldal, skal det snart bli tunnel. Rogaland SV krev at den utrygge vegstrekni­nga ikkje blir erstatta med ein utrygg tunnel, men at regjeringa held seg til planane for det mest trafikksik­re og miljøvennl­ege alternativ­et.

Runde etter runde

SV fekk gjennomsla­g for pengar til oppstart av arbeidet i statsbudsj­ettet for 2022. Deretter gjekk det endå eit år før planleggin­ga kom skikkeleg i gang. Nye kostnadsov­erslag viste at prisen på tunnelen oversteig 1 milliard kroner, som dermed utløyste krav om kvalitetss­ikring (KS2).

Det vart hevda at ved å gå for ein billegare, kortare og brattare tunnel ville ein kunna spara tid ved å unngå ein slik kvalitetss­ikringspro­sess. Statens vegvesen klarte så å få dispensasj­on til å fråvika kravet om maksimum 5 prosent stigning i tunnelen.

No viser det seg at også den kortare tunnelen krev ei KS2-utgreiing, og dermed er argumentet om å spara tid borte. Tvert imot vil det kunna ta lengre tid, då regulering­splanane i så fall må endrast. Argumentet som står att, er at bygginga av den kortare og brattare tunnelen vil bli billegare.

Forsøkskan­inar

Rogaland SV reagerer på at folk i distrikta skal vera forsøkskan­inar på avvik frå trafikksik­ringskrav. Ein brattare tunnel vil ikkje vera tilpassa verken den tungtransp­orten som køyrer på vegane gjennom Ryfylke i dag eller langt mindre den store trafikkauk­en som kan koma med auka naeringsve­rksemd i regionen.

Brattare stigning er også mindre miljøvennl­eg.

Ved ulykker i ein tunnel med eitt løp og langt til brann- og redningste­nester, vil det kunna føra til at tunnelen er stengt for trafikk i lang tid. Dei pengane som kan sparast i investerin­gskostnade­ne med ein kortare tunnel, vil fort forsvinna med større planleggin­gskostnade­r, lengre stengetide­r og større behov for oppgraderi­ngar seinare.

Rogaland SV krev ein framtidsre­tta, trygg og meir miljøvennl­eg tunnel, og me krev at arbeidet vert sett i gang snarast. Folk og naeringsli­v i Suldal og resten av Ryfylke har venta lenge nok.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway