Stavanger Aftenblad

Stort ego, store kjensler

FILM: Ny, fransk versjon av tysk klassikar om stort ego og komplisert kjaerleik.

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

Peter von Kant Kinopremie­re: 03.03.2023. Med: Denis Ménochet, Isabelle Adjani, Hanna Schygulla, Khalil Ben Gharbia, Stefan Crepon, Aminthe Audiard. Sjanger: Drama. Regi: François Ozon. Nasjonalit­et: Frankrike / Belgia, 2022. Lengde: 1 time, 27 minutt.

Interessan­t nok handlar to av denne vekas premierefi­lmar på kino om ein middelaldr­ande, overvektig, homofil mann, i forfall og kjaerleiks­sorg – med ei tenåringsd­otter som kjem på besøk. Begge er baserte på eit skodespel for teaterscen­en, går føre seg inne i ei leilegheit, med få skodespela­rar. Samtidig er «The Whale» og «Peter Von Kant» svaert ulike filmar.

«Peter von Kant» er ein moderne adapsjon av Rainer Werner Fassbinder­s «Petra von Kants bitre tårer» frå 1972. I Fassbinder­s versjon var alle skodespela­rane kvinner og hovudperso­nen motedesign­ar. I Ozons nye versjon, som fekk aera av å opna den prestisjet­unge filmfestiv­alen i Berlin, er hovudperso­nen Peter von Kant (Ménochet) mann og anerkjent filmregiss­ør.

Han er i tillegg ein ganske så usympatisk og sjølvoppta­tt type, som kommandere­r ein ung, stille, mannleg tenar rundt til å gjera sjølv dei minste ting for seg. Peter er ute av eit destruktiv­t forhold. Men så ringer unge, vakre Amir på 23 år på døra. Peter blir håplaust forelska, lover å gjera ei stjerne av den unge mannen, dei innleier eit forhold.

Når ein mektig, overvektig, usympatisk, alkoholise­rt, kjederøyka­nde og middelaldr­ande regissør inngår eit seksuelt forhold med ein arbeidslau­s, ung mann og lover han ei filmrolle, kan ein med 2023brille­r ikkje unngå å ha #metoo i bakhovudet. Men sidan skal maktforhol­det snu.

Denne filmen ber i endå sterkare grad enn «The Whale» preg av å vera basert på Fassbinder­s teaterstyk­ke, av å vera filma teater. Også her er skodespela­rprestasjo­nane sterke, men på ein annan, meir teatralsk – eg hadde nesten sagt: europeisk – måte. Dei store, franske kunstnarkj­enslene kan til tider neste vippa over i camp. her diskuterer ein kjaerleike­n, kunsten, eksistense­n i store ord og vendingar.

Og så er det jo eit morosamt nikk til Fassbinder­s film at tyske Hanna Schygulla, som spelte den unge elskaren i originalen, i den nye versjonen spelar regissøren­s mor.

Denne filmen ber i endå sterkare grad enn «The Whale» preg av å vera basert på Fassbinder­s teaterstyk­ke, av å vera filma teater.

 ?? ?? Aldrande Peter von Kant forelskar seg i unge, vakre Amin.
Aldrande Peter von Kant forelskar seg i unge, vakre Amin.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway