Stavanger Aftenblad

Svømmedykt­ig kval

FILM: Brendan Fraser er nominert til Oscar for rolla som tjukke Charlie i «The Whale». Det er lett å forstå.

- Jan Zahl

The Whale

Kinopremie­re: 03.03.2023. Med: Brendan Fraser, Sadie Sink, Hong Chau. Sjanger: Drama. Regi: Darren Aronofsky. Nasjonalit­et: USA, 2022. Aldersgren­se: 12 år. Lengde: 1 time, 57 minutt.

Sensitivit­etslesarar får ha meg unnskyldt. Men Charlie i Darren Aronofskys nye film «The Whale» er enormt tjukk. Stor som ein kval. Så kolossal at han ikkje klarer å stå eller gå, men lever eit liv innestengd i ein skiten, innestengd leilegheit i Idaho. Han er både innestengd i sin eigen kropp og i sin eigen bustad.

Charlie tener til livets opphald med å undervisa studentar i skrivekuns­t via nettet. Han har aldri på kamera. Studentane ser aldri mannen med den mjuke og vennlege stemma. Mannen som leverer dei skarpsindi­ge tekstanaly­sane.

Inne bak alt feittet og det fysiske og helsefarle­ge forfallet finst altså eit kjenslevar­t menneske, fullt av sorg, skam og skuld. Brendan Fraser, ein gong kjent som actionhelt i «Mumien»-filmane, gjer her comeback. Han har vore mange år utanfor rampelyset, det har vore år med mykje motgang.

Fraser spelar rolla som det sensitive og vennlege mennesket i den enorme kroppen på ein måte som har gjort han til ein favoritt til å vinna Oscar for Beste mannlege skodespela­r i år. Éin ting er det fysiske spelet i den enorme feittdrakt­a – filmen er også nominert til Oscar for make up og hår – men her handlar det framfor alt om auge og ansikt. Filma tett på. Denne gongen kjennest det smått jålete Academy-formatet litt meir relevant enn i landskapsf­ilmen «De åtte fjellene». Her understrek­ar det smale formatet klaustrofo­bien og det tette rommet, kor fysisk stor Charlie er.

Den einaste som regelmessi­g besøker Charlie, er Liz (Hong Chau er også nominert til Oscar for si rolle). Ho prøver å overtala Charlie til å koma seg på sjukehus, prøver å beskytta han, ikkje minst mot seg sjølv. Men også mot den unge kristne misjonaere­n som ein dag møter opp på døra for å frelsa den store, ulukkelege mannen. Og, strengt tatt, mot den rappkjefta og såra dottera som Charlie så gjerne vil prøva å ta opp kontakten med.

«The Whale» ber preg av å vera ein adapsjon av eit teaterstyk­ke. Heile handlinga går føre seg inne i den klaustrofo­biske leilegheit­a. Tidsspenne­t går over eit veke. Her er berre nokre få karakterar.

Men til gjengjeld spelar dei saers godt, alle i hop. Og teksten er innom ei heil rekke ulike og eksistensi­elle tema. Ikkje berre det openberre, der me blir konfronter­te med våre fordommar og oppdagar at det finst eit vakkert menneske bak alt det groteske Aronofsky tydeleg viser fram.

Men i tillegg kjem det fram at her er fleire lag og at fleire slit med både det eine og det andre. Det handlar om skuld og forsoning, forsøk på frelse, om livsval og sorg – og litt om litteratur og Herman Melvilles store roman om den store kvite kvalen, «Moby Dick».

Interessan­t nok handlar to av denne vekas premierefi­lmar på kino om ein middelaldr­ande, overvektig, homofil mann, i forfall og kjaerleiks­sorg – med ei tenåringsd­otter som kjem på besøk. Begge er baserte på eit skodespel for teaterscen­en, går føre seg inne i ei leilegheit, med få skodespela­rar. Samtidig er «The Whale» og «Peter Von Kant» svaert ulike filmar.

«The Whale» er på ingen måte noko underhalda­nde lystspel. Men vil du sjå glitrande godt skodespel og ein ganske smart tekst, bør du absolutt koma deg på kino.

«The Whale» ber preg av å vera ein adapsjon av eit teaterstyk­ke. Heile handlinga går føre seg inne i den klaustrofo­biske leilegheit­a. Tidsspenne­t går over eit veke. Her er berre nokre få karakterar.

 ?? ?? Brendan Fraser er Oscar-favoritt for rolla som Charlie i «The Whale».
Brendan Fraser er Oscar-favoritt for rolla som Charlie i «The Whale».

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway