– Vil ha så mange rekordar som mogleg
FRIIDRETT: Til trass for fleire veker utan normal trening grunna sjukdom, er Jakob Ingebrigtsen stinn av sjølvtillit før EM i Istanbul. Der kan karrierens tiande og ellevte EM-gull kome.
– Eg trur eg vinn uansett kva som skjer. Eg spelar det spelet det blir. Kan eg velje sjølv, vil eg vinne lettast mogleg. Det handlar om å slite minst mogleg, seier Jakob Ingebrigtsen.
I dag står han igjen på startstreken i eit meisterskap når innandørs-EM i Istanbul startar med forsøksheat på 1500 meter.
Aftenbladet treff han under ei intervalløkt i Sandneshallen få dagar før avreise til Istanbul.
Storebror Henrik Ingebrigtsen følgjer nøye med på klokka. Forloveden Elisabeth Asserson fører an på sykkel med Jakob i høg fart like bak.
I morgen kan 22-åringen ta sin tiande europameistertittel på seniornivå. Søndag kan gull nummer 11 kome under finalen på 3000 meter.
Det er éin anna mann som har klart elleve EM-gull i karrieren: Sprinteren Valeriy Borzov som representerte Sovjetunionen.
Dersom Jakob skulle ta to gull i Istanbul, blir han den første mannlege utøvaren til å klare to gull i to ulike EM innandørs, ifølgje nettstaden Friidrett1.
Full av sjølvtillit
Etter ein trøblete start på året og ein dryg månad med sjukdom, har kroppen svart bra på trening den siste tida.
I Liévin for eit par veker sidan sprang 22-åringen inn til årsbeste i verda på 1500 meter, kring to sekund bak verdsrekorden han sette på same stad i fjor.
– Eg var ikkje god nok til å opne så hardt som eg gjorde. Eg kunne nok sprunge i alle fall eitt sekund fortare. Men eg tok heller farta til harane, gav litt blaffen og køyrde på. Det var i grunn veldig som forventa, seier Ingebrigtsen.
Han meiner sjukdommen ikkje har sett han noko tilbake. Formen er god. Og sjølvtilliten endå betre.
– Det syns eg er litt dumt
Førre veke sette Narve Gilje Nordås ny norsk rekord på 3000 meter innandørs. Han var snautt to tidel føre Henrik Ingebrigtsens gamle rekord då han sprang inn til 7.45,39.
Men den har ikkje Jakob som mål å forbetre under EM. Det kjem ikkje til å vere i bakhovudet under meisterskapet.
– Eg vil sjølvsagt ha så mange rekordar som mogleg sjølv. Eg har ikkje prioritert eit raskt løp på 3000 meter, det er difor Henrik har hatt rekorden. Det syns eg er litt dumt, uavhengig av om det er Henrik eller Narve som har rekorden. For eg ville gjerne sprunge ein bra 3000 meter, slik eg har gjort ute, seier han.
Han stressar ikkje med å ta rekorden. For det veit han han kan klare.
– Norsk rekord er ikkje eit mål i seg sjølv. Uansett kor fort eg spring i EM, kan eg springe fortare viss eg gjev det eit skikkeleg forsøk. Rekordar er kjekt å ha, men det handlar om kva som står til slutt når du legg skoa på hylla.
Tittelforsvarar
I Istanbul er det berre éin ting som er godt nok for 22-åringen: To EM-gull.
Ingebrigtsen får eit hektisk meisterskap med løp alle fire dagane. Han er tittelforsvarar på både 1500 meter og 3000 meter.
– Kva gull blir vanskelegast å ta?
– Definer vanskeleg. Viss begge er veldig lette, er det eine vanskelegare enn det andre. Men vil du då bruke ordet vanskeleg? Seier han og smiler godt.
EM startar i dag Då spring Jakob forsøksheat på 1500 meter klokka 19.05 norsk tid. I morgen er det finale på favorittdistansen 18.40. Laurdag morgon klokka 08.00 er det forsøksheat på 3000 meter før meisterskapet blir avslutta med finale på 3000 meter søndag 18.00.
PS! Narve Gilje Nordås var tatt ut til å springe 3000 meter i EM, men vel å priotere trening og står over meisterskapet.
Jakob Ingebrigtsen jaktar EM-gull nummer ti: