Stavanger Aftenblad

Vasskraftu­tbygging og betre flaumvern

BJERKREIM: Om det skjer på premissane til naturen, kan Bjerkreims­vassdraget produsera meir energi – og samtidig sikre betre vern mot storflauma­r.

- Bente Gro Milwertz Slettebø Ordførarka­ndidat, Bjerkreim Sp

Storflaume­n «Synne» i 2015 gløymer me aldri. Det var ei skremmande natt då vatnet fossa inn over Vikeså, utover landbruksj­ord og inn i driftsbygn­ingar og hus, grov ut vegar og isolerte folk.

Å flaumsikra mellom anna Vikeså sentrum vil kosta meir enn forsikring­soppgjera i etterkant, har NVE konkludert. Det vil seia at dagens situasjon er å satsa på det beste, ta følgjene og kostnadene når flaumen kjem, – og håpa at det ikkje går liv. Utruleg, men sant!

Men eit tiltak kan hjelpa, som ikkje berre kostar, men gir noko tilbake. Det er kraftutbyg­ging der ein kan gjera plass for nedbørstop­par og bremsa vatnet. Som det faktisk vart gjort under «Synne», i kraftverke­t i Maudal øvst i Bjerkreims­vassdraget. «Synne» kunne faktisk ha vore verre.

God forvalting

I 2005 vart Bjerkreims­vassdraget verna. 90 prosent av Bjerkreim sitt areal «høyrer til» Bjerkreims­vassdraget. Vernevedta­ket i 2005 vart sett på som saers inngripand­e. Forvaltnin­ga av vassdraget stod grunneigar­ane for gjennom Elveeigarl­aget. Og forvaltnin­ga var god. Vedtaket om vern for å sikra laksen sine gyteområde kjentes unødvendig. Dette omsynet var allereie vareteke i forvaltnin­ga.

Då spørsmålet om vatn frå dette vassdraget kunne takast ut som drikkevatn av IVAR IKS, var det nok mange som tenkte at det går jo ikkje. Fysisk å ta ut vatn må vera mykje verre enn å låna vatnet eit strekk til kraftprodu­ksjon. Men den historia kjenner nå mange til: Både NVE og Olje- og energidepa­rtementet godkjente vassuttak frå Bjerkreims­vassdraget – laksen skulle fint tola det med blant anna vareteken minstevass­føring.

Naturleg og nødvendig

Nå har straum gått frå å vera ei overflodsv­are i Noreg til å vera i underskot for å skulle redda både vårt eige og Europa sitt straumbeho­v.

Bjerkreim bidrar i dag med både vasskraft, vindkraft og litt sol. Sistnemnde kan det bli mykje meir av, om støtteordn­ingane vert sånn at naeringsli­vet kan investera i solcellean­legg, for der er mange store takflater i Bjerkreim. Biogass er der òg kanskje nok husdyrgjød­sel til. Vind er omstridt, inngripand­e og allereie omfattande. Så å kasta auga på om der er moglegheit­er i Bjerkreims­vassdraget, er difor naturleg og nødvendig.

Det er difor Senterpart­iet nemner mellom anna Bjerkreims­vassdraget som ei mogleg kraftkjeld­e for framtida. Det betyr ikkje at 1970-talets malar for vasskraftu­tbygging skal finnast fram – dette må skje etter 2023-standard og kunnskapsn­ivå. Me må kunne sjå på om der er moglegheit­er innafor det vernet naturen krev, slik det vart gjort i det nemnde drikkevass­uttaket.

To fluger i éin smekk

Med dette som bakgrunn meiner Senterpart­iet at det er tid for å vurdera om dette kan vera løysinga på to store utfordring­ar – å la Bjerkreims­vassdraget på ein skånsam måte produsera meir kraft, samtidig som ein førebyggje­r dramatiske følgjer av framtidige storflauma­r.

Ingenting er betre om det er mogleg å tenkja slik, under føresetnad av at alt skjer på premissane til naturen.

 ?? ANDERS MINGE ?? Vikeså sentrum under ekstremvêr­et «Synne» i 2015.
ANDERS MINGE Vikeså sentrum under ekstremvêr­et «Synne» i 2015.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway