Stavanger Aftenblad

Hans Kristoffer Goa 85 år

-

JUBILANT: Laurdag 4. mars fyller Hans Kristoffer Goa, Tananger, 85 år. Hans Kristoffer er fødd i Randaberg, og her vaks han opp saman med 2 søsken.

Etter handelssko­le og bibelskole tok han i 1960 til som ungdomssek­retaer i Vestfold krins av Norsk Luthersk Misjonssam­band. Dei første 20 åra var han vekselvis i Vestfold og Skien krins. I Skien var han krinssekre­taer frå 1965-74 og i Vestfold hadde han samme stilling frå 74-80. I 1980 flytta han til Kristiansa­nd. Her var han først innsamling­sleiar for Gimlekolle­n mediesente­r i eitt år. Deretter var han krinssekre­taer i Agder fram til 1990. Så vart det 7 aktive år i Norea mediemisjo­n som produserer og sender evangelisk­e program i fleire medier både i inn- og utland. Goa hadde då ei stilling som medførte mykje reising til fleire land, både i Asia, Afrika og Sør-Amerika.

I 1997 tok han til som økonomikon­sulent i Misjonsamb­andet med saerleg ansvar for dødsbo og testamente­r. Denne stillinga hadde han til han var 67 år.

I 45 år var han altså tilsett i teneste for Misjonsamb­andet og Norea, og som pensjonist har han fortsatt vore aktiv på mange område.

I 1998 flytta han og kona til Rogaland og busette seg i Sola kommune. Her bur dei framleis. I 1961 gifta Hans Kristoffer seg med Solveig, f. Risa, frå Tananger. Solveig har vore ei god støtte for han i arbeidet. Heimen har alltid vore prega av gjestfrihe­t. Dei fekk tre barn. Og familien har auka, slik at dei nå også har tre svigersønn­er, 8 barnebarn og eitt oldebarn.

Hans Kristoffer er ein rikt utrusta person. Han er forkynnar, og han blei brukt, ikkje berre på bedehusa, men også i NRK. Her blei han i fleire år brukt til å ha morgenanda­kter. Som songar blei han også til stor velsigning for mange. Han hadde ei songstemme som gledde tilhøyrara­ne i mange ulike høve. Han deltok med solosong og i duettsong, både i større og mindre forsamling­ar. Ofte vart han også brukt som songar i gravferder.

Han har evne til å formidle den glade bodskapen, også gjennom det skrivne ord. Han har formidla stoff frå kristenliv og misjonliv, både gjennom tekst og foto. Dette har kome til nytte gjennom heile hans teneste og har inspirert mange lesarar. Framleis har han fast spalteplas­s i Sola-bladet.

Hans Kristoffer var aktivt med då foreninga Trygve Bjerkreims venner vart stifta i 2005. Han var den første formannen i denne foreininga.

I pensjonist-alderen hadde Hans Kristoffer mange Trygve Bjerkreimk­veldar. I desse kveldane fortalde Goa om Trygve Bjerkreim sitt liv, og kjende og kjaere songar vart løfta fram til inspirasjo­n for mange menneske i kyrkjer og bedehus. Solveig var då ofte med og les dikt av Bjerkreim. Som pensjonist har Hans Kristoffer også vore aktivt med i det lokale misjonsarb­eidet, både i Sola sentrum og i Tananger.

Nå vil vi gjerne gratulere Hans Kristoffer med 85-års dagen og takke han for alt han bidratt med gjennom eit langt liv!

Kåre Eidsvåg

 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway