Stavanger Aftenblad

VM-klar Kongshaug: «Når du trur alt er bra og ingenting kan gå gale, då går det gale»

SKØYTER: Sjukdom har sett ein stoppar for optimal VMoppladin­g for Peder Kongshaug. Likevel held han på draumen om VM-medalje.

- Mari Sollid Eide mari.sollid.eide@aftenblade­t.no

– Eg var verkeleg på ein god flyt og følte meg veldig bra. Når du trur alt er bra og ingenting kan gå gale, då går det gale. Men det er noko du ikkje kan gjere noko med, eg har prøvd å vere forsiktig.

For snaue to veker sidan skulle Peder Kongshaug kjempe om pallplass i verdscupen samanlagt på 1500 meter. Men det sette sjukdom ein stoppar for.

Dagen før han skulle gå favorittdi­stansen, gav kroppen klar beskjed.

– Eg følte meg veldig bra. Eg tenkte eg skulle gå uansett om eg var sjuk, for det er stort å kome på pallen på 1500 meter.

Men så måtte eg tenke på VM, seier lysluggen.

Ser fordelar

I ettertid ser Stavanger-karen at det var lurt å stå over finalen. I to dagar var han veldig dårleg, før han blei «potte tett», seier han.

No har formen til den olympiske meisteren kome seg, og etter nokre rolege dagar var han tilbake på trening. Dei siste dagane inn mot meisterska­pet, som for Kongshaug sin del startar med lagtempo fredag, har ting stemt betre.

I staden for å bli nedslått, har 21-åringen valt å finne positive ting ved sjukdomspe­rioden.

– Sidan eg ikkje blei topp seks samanlagt på 1500 meter, får eg tidlegare startnumme­r. Det kan vere digg å ha i eit VM der det er mykje nervar og press, seier han.

– Litt usikker

Han forklarer at det kan vere meir komfortabe­lt å starte tidlegare. Så er han automatisk meir i angrepspos­isjon og vil stemple seg sjølv som underdog etter sjukdomen. Han håpar kroppen gjev svara han vil ha i dagane før meisterska­pet startar.

– Det har fungert bra utan saerleg trening før, så eg håpar det gjer det no òg. Eg håpar grunnlaget eg har er godt nok, fortel skøyteløpa­ren og legg til:

– Du blir sjølvsagt litt usikker. Men eg må berre prøve å gå så fort som mogleg. Når eg står på start, tenkjer eg ikkje på kva som har skjedd tidlegare. Då går eg. Eg trur alt er mogleg. Viss eg har formen eg hadde i Polen (pallplass på 1500 meter for ein snau månad sidan), håpar eg pallen er innan rekkevidd.

VM blir arrangert i nederlands­ke Heerenveen og starta med dei første øvingane torsdag. For Kongshaug sin del er lagtempoen fredag meisterska­pets første øving.

 ?? SVEIN HAGEN ?? Peder Kongshaug har hatt ein god sesong, og drøymer om VMmedalje i Heerenveen.
SVEIN HAGEN Peder Kongshaug har hatt ein god sesong, og drøymer om VMmedalje i Heerenveen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway