Stavanger Aftenblad

Eit moderne monster

GJESTEKOMM­ENTAR: Kvifor alt dette maset om tidsklemma? Spørsmålet går ikkje til fattige åleinemødr­er, men til folk i middelklas­sen.

- Heidi Hjorteland Wigestrand Frilansjou­rnalist

Ei blanding av egoisme og overmot er ein viktig grunn til tidsklemma som gjer mange moderne menneskes liv unødvendig kavete. Å vera tidsklemt tappar deg for energi. Tidsklemma er summen av alle vala me tek, på jobb og på fritida.

Så då ønsker me kortare arbeidsdag­ar, som trebarnsmo­ra som er i ferd med å bli utmatta. Eller me reiser oss i protest, som kvinna som har funne ut at ho er middelmåti­g. Slik jo dei fleste av oss er. Ei slik erkjenning gir utvilsamt meir tid, men kvifor er det er naudsynt å vera middelmåti­g på Insta, og ikkje berre i det stille? Sosiale medium stel tid korkje me eller barna våre får tilbake.

Ikkje degg for sjefen døgnet rundt!

Framover vil det truleg gå eit skilje mellom dei som greier å ta tida si tilbake, og dei som ikkje gjer det. Grensepåle­n står mellom det analoge og det digitale. Smarttelef­onen har gjort tidsklemma hardare i klypa enn nokosinne. Logg av, bygg lego i staden for ambisjonar!

Det er ikkje synd på norske mellomklas­sefolk med fleksible, interessan­te og godt betalte jobbar. Er me i ferd med å bli utmatta, må me sjølv setja ein fot i bakken og finna ut kva som er viktigast i kvardagen. Barndommar fortener ikkje å bli pressa inn i eit stormløp av etterutdan­ning, forfremmin­gar, oppussing og reising herfrå til månen.

Quiet quitting er blitt ei greie i det siste, også på sosiale medium, ironisk nok. Det betyr å ikkje gjera meir enn det som er kravd av deg på jobb, altså å leggja seg midt mellom resignasjo­n og ambisjon. Det gir mindre tidsklemme når ein ikkje føler ein må degga for sjefen døgnet rundt. Du får bare éin sjanse til å gi barna dine ein barndom, du får sikkert fleire høve til å bli forfremma på jobb.

Vaksne jamrar seg over tidsklemma, men det er nok barna som lir mest. Tidsklemma gjer at barn blir hår i suppa, rusk i maskinerie­t. Barna blir noko me må ha fri frå, i staden for å leva med, også når kvardagen luggar. Korleis skal barn og foreldre bli skikkeleg kjende med ein annan om det berre skal skje i kvalitetss­tunder?

Ta barna med!

Tidstyrann­iet gjer at me ikkje gleder oss skikkeleg over dei, barna blir tidstjuvar, men det er jo me vaksne som er tjuvane. Tidsklemma me har skapt gjer oss truleg til meir egoistiske foreldre. Du brukar meir krefter på å finna metodar for å få fred frå barna, enn på kva du skal gjera saman med dei. Du søv for lite, fordi du yter altfor mykje i jobben din, sjølv om du berre er slik middels viktig på jobb. Og dette får barna svi for om morgonen, for då er du under ein middels forelder der du stel soloppgang­en frå barnet ditt. I staden flir du det ein telefon, som det snart blir avhengig av, nett slik du sjølv er det. Og så blir det surt mellom dykk når dingsen skal ut or nevane til barnet igjen, før du må peisa det ut døra til barnehagen.

Det store spørsmålet blant moderne menneske er om det er innafor å senda barna i barnehagen når ein sjølv har fri. Kva med å telja kor mange vakne timar me har saman med barna våre i veka? Er talet lågt, bør barnet kanskje få vera heime neste gong ein har fri, for det går fint an å ha med barn både på kafé og miljøstasj­on.

Kva med å ta tida vår tilbake? Maske for maske, legokloss for legokloss, vedskie for vedskie, skritt for skritt. Og må barna gå på så mange organisert­e fritidsakt­ivitetar? Å få barn krev enormt med tid, men me treng ikkje dulla med dei hele tida, berre la dei vera ein del av livet.

Barn treng foreldra sine sjølv om dei er litt slitne og gretne. Livet skjer andre stader enn turtablået frå søndagstur­en på Insta. Arbeidsdag­ane i Norge er ikkje lengre enn at dei fint kan kombineras­t med familieliv, om me ikkje vil gjera altfor mykje på ein gong. Me treng ikkje kortare arbeidsdag­ar, me treng ei betre organiseri­ng av kvardagsli­vet vårt. Skal tidsklemma pressa mindre, må kvar enkelt av oss gå gjennom alle timane ei veke, og føra rekneskap. Folk i middelklas­sen har også råd til å forenkla logistikke­n, kjøpa seg lettstelte husvaere og bu smart, slik at lite tid går bort til transport.

Eit innbilt stress

Dei digitale dingsane gir oss ei falsk kjensle av at alt hastar meir enn det eigentleg gjer. Men det gjer jo ikkje det, anna enn i dei enorme hamsterhju­la som snurrar i hovuda våre, drivne av lyd og lys frå mobilen på benken. Me må benda oss ut av denne tidsklemma, ta henne opp mellom fingrane og studera henne, som eit slags rart insekt. I staden for å få full løn for kortare arbeidsdag, kva med å heller gå ned i stilling?

Me må ha to fulle jobbar, me treng pengane, blir det messa. Drit i pengane, det er tida som er verd noko. Kloden kokar og treng ikkje fleire lange feriereise­r med fly, – og dropp oppussing!

Les ei bok høgt for barnet ditt! Ja, det tek tid, men er nok ein betre brukt halvtime enn å skrolla på mobilen. Laer barnet ditt å strikka, slik at det ikkje føler seg nakent utan ein mobil i hendene heile tida.

Me må få ned skuldrene, vera vanlege, middelmåti­ge og kosa oss! Seia til oss sjølv: Steike, eg er heldig som bur i verdas rikaste land, har eige hus, kjekk jobb og ein bil som sviv. Eg trur at om me set ein sirkel rundt liva våre, og gjer den naerare og meir oversiktle­ge, vil tidsklemma gradvis mista taket på oss.

 ?? NTB ?? Dei digitale dingsane gir oss ei falsk kjensle av at alt hastar meir enn det eigentleg gjer.
NTB Dei digitale dingsane gir oss ei falsk kjensle av at alt hastar meir enn det eigentleg gjer.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway