Stavanger Aftenblad

Kvinner får ikkje kapital

GJESTEKOMM­ENTAR: Store skilnader mellom menn og kvinner når det gjeld å sikre seg risikokapi­tal gjer at vi går glipp av gode idear. Det har vi ikkje råd til i ei tid med store omstilling­sbehov som krev innovasjon­skraft.

- Marte C.W. Solheim Professor og leiar for Senter for innovasjon­sforskning, Handelshøg­skolen ved UiS

For over 150 år sidan vart det starta ein eigen skule for jenter i heimbygda mi, Dale i Sunnfjord. Gründeren bak skulen var Nikka Vonen, som såleis var tidleg ute med å tilby skulegang for unge kvinner. På dei 38 åra ho dreiv skulen passerte meir enn 800 jenter dørene.

Pensjonats­kulen, eller «Pigepensio­natet», vart landskjend, og trekte til seg jenter frå familiar som var godt stilte i samfunnet, og nokre av elevane kom endåtil utanlands frå. Frå Noreg gjekk til dømes Bergliot Bjørnson (seinare Bergliot Ibsen) og Karen Platou på denne skulen (sistnemnde vart seinare den første kvinna som vart vald inn på fast plass i Stortinget).

Ringverkna­dane etter Vonen sitt livsverk vart synlege i samfunnet, i kraft av det ho sjølv utretta og gjennom myndiggjer­ing av elevane hennar og livsvala desse tok.

Kvinneleg entreprenø­rar då og no

Vonen var ei føregangsk­vinne i tida ho levde i. Ho var ei av dei første kvinnene i Vestmannal­aget, og gjennom sitt engasjemen­t i Den Norske Turistfore­ning ei av dei første kvinnene som nådde Galdhøpigg­en.

Likevel vart den viktigaste livsoppgåv­a for Nikka å danne unge kvinner, slik at dei sjølv kunne ta riktige val for framtida. Med Nikka si rettleiing fekk mange kvinner ei tydlegare stemme. Trass i at vi i 2023 kan observere at det har skjedd store globale framsteg knytt til å betre grunnlegga­nde, like rettigheit­er mellom kjønna, som til dømes knytt til arbeidsdel­taking, ser vi framleis at menn er overrepres­enterte som gründerar, og som leiarar generelt.

Innanfor entreprenø­rskap er dette eit felt som ikkje har haldt tritt med den positive trenden med aukande likestilli­ng som vi observerer innan andre område.

Eit døme på ei som sleit med å skaffe kapital, var Sarah Blakely, grunnleggj­aren av Shapewear-selskapet Spanx. Ho brukte over to år på å prøve å overtyde menn i bransjen om å investere. Medan shapewear i dag er ein millardmar­knad, forstod ikkje investoran­e potensiale­t då Spanx vart lansert.

Tidlegare forsking har framheva at innovative idear ikkje vert fanga opp grunna kjønnsubal­ansen i risikokapi­talmarknad­en. I Noreg har ein også døme på tilsvarand­e, som Anita som fekk nei og atter nei frå det norske investormi­ljøet då ho satsa på gründerdra­umen sin om å utvikle verdas mest intelligen­te babycall.

Inspirasjo­n frå dei som gjekk føre

Sitjande med ein kaffikopp i heimbygda mi, med utsikt mot bygget der Nikka Kvinnelege gründerar møter andre Vonen starta jenteskule­n sin ein augustdag utfordring­ar enn menn når dei søker i 1869, tenkjer eg på at det knytt både risikokapi­tal, sokalla venture capital-finan- inspirasjo­n og rom for ettertanke knytt siering. Ser ein til dømes til Ameri- til hennar livsverk. Til hennar innovative ka, der kvinner kontroller­er 40 prosent kvalitetar som vart så viktige for svaert av etablerte verksemder, fekk dei tilgang mange, men også til reell tilgang og tap til mindre enn 3 prosent av risikokapi­talen. av moglegheit­er. Gitt at kvinner ikkje har same tilgang

Ein treng ikkje reise langt vekk for å til føredøme av same kjønn som menn, sjå same biletet: Unconventi­onal Ventures kan det vere mange «tapte Einstein-ar», (2022) rapportere­r at i Norden fekk individ som ville ha skapt svaert verknadsfu­lle alle «mannlege lag» 88,2 prosent av all oppfinning­ar om dei hadde kapital i 2021 (96,9 prosent i Noreg), vore eksponerte for synlege føredøme kjønnsmess­ig «blanda lag» sikra seg 10,7 innan innovasjon i sine nabolag i barndommen. prosent, – og berre 1,1 prosent gjekk til

«kvinnelege lag». I pågåande studiar som Birgitte Karlstrøm,

Ein ser at det i Noreg ikkje er stort Tiril Marie Jansen og eg gjennomfør­er betre. Trass i at 30 prosent av verksemden­e ved Universite­tet i Stavanger, i 2015 vart etablerte av kvinner, sikra ser vi at gründerane møter utfordring­ar kvinner seg berre 4 prosent av risikokapi­talen. med tilgang til risikokapi­tal dersom dei ikkje allereie er medlem av investorne­ttverket. Dette resulterer i ein resirkuler­ingseffekt som bidreg til å halde oppe kjønnsubal­ansen i bransjen.

Dessutan ser det ut til at mannlege eigenskapa­r vert favorisert­e når kandidatar vert vurderte. Dermed er det ein fare for at ein går glipp av nye idear, som – om dei slepp til – kan skape store, positive ringverkna­dar i samfunnet.

Taparar i risikokapi­tal-marknaden Får andre typar spørsmål

Internasjo­nal forsking syner at kvinnelege og mannlege gründerar vert stilte ulike spørsmål i screenings­prosessen, og at dei vert ulikt vurderte. Kvinnelege gründerar vert stilt førebyggan­de spørsmål (hovudsakle­g om risiko), og mannlege gründerar vert stilt promoterin­gsfokusert­e spørsmål (hovudsakle­g om moglegheit­ene for skalering).

Trass i at 30 prosent av verksemden­e i 2015 vart etablerte av kvinner, sikra kvinner seg berre 4 prosent av risikokapi­talen.

 ?? NTB ?? Kvinnelege gründerar får spørsmål om risiko, mannlege får spørsmål om potensial.
NTB Kvinnelege gründerar får spørsmål om risiko, mannlege får spørsmål om potensial.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway