Stavanger Aftenblad

Ingen fuglar kolliderte

SKOTTLAND: Fuglane klarte å unngå havvindtur­binane, konkludere­r ein studie frå svenske Vattenfall. Birdlife Norge kallar funnet gledeleg, men ikkje utan atterhald.

- Kristine M. Stensland kristine.stensland@aftenblade­t.no

Studie av havvind:

Norge er blant landa som vil bygga ut mykje havvind i åra som kjem. Kva dette vil ha å seia for fuglane, er det få, om nokon i det heile, som kan seia noko sikkert om.

– Veldig kapable

Svenske Vattenfall lanserte denne veka resultata av ein studie av fuglar og vindturbin­ar til havs. Dei følgde med på turbinane i Aberdeen Offshore Wind Farm i to år. Ingen fuglar kolliderte, om ein skal tru registreri­ngane dei gjorde med radar og kamera.

Risikoen for at fuglar kolliderer med vindturbin­ar er ofte brukt som argument mot vindkraft, skriv Vattenfall i ei melding. Selskapet er sjølv med i fleire store havvindpro­sjekt.

Dei kallar si eiga undersøkin­g for den mest omfattande og teknologis­k avanserte som er blitt gjort.

– Folk har hevda at ein treng dyre løysingar for å hindra kollisjona­r. Men artane me har observert, er gode til å unngå turbinblad­a. Dei verkar veldig kapable til å overleva i eit havvind-miljø, seier prosjektle­iar Henrik Skov, som no ser behov for fleire studiar som kan kartlegga fleire artar og forhold.

Birdlife: – Gledeleg

Vattenfall observerte måker og suler, til saman fire artar.

– Det er spanande og gledeleg at artane ein har observert, ikkje kolliderte, seier Martin Eggen, naturvernr­ådgjevar i Birdlife Norge.

Men han kallar funna til Vattenfall for ei brikke i eit stort puslespel, og understrek­ar at ein må halda fram med undersøkin­gar. For konsekvens­ane vil variera alt etter art, stad, vêr og vind.

– At vindkraft utgjer ein kollisjons­fare for fuglar, er kjent og godt dokumenter­t. Potensielt er det fleire hundre ulike fugleartar som blir påverka av vindkraft, og eit fleirtal av dei trekker om natta. Millionar av trekkfugla­r flyr over havet til og frå hekkeplass­ar i Norge. seier Eggen.

Vidare viser han til at det ikkje berre er kollisjon som er ein fare for fuglane. Nokon artar, som lom og lomvi, vel å unngå havvindanl­egg. Då kan dei mista område der dei finn mat. Dette er saerleg aktuelt i kystnaere strøk og grunne havområde.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Måkene som blei observerte av Vattenfall, klarte å unngå vindturbin­ane.
FREDRIK REFVEM Måkene som blei observerte av Vattenfall, klarte å unngå vindturbin­ane.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway