Stavanger Aftenblad

Erna er Erna

BOK: Erna Solberg varslar nye tankar om framtidas utfordring­ar, men endar opp med eit resymé av velkjend Høgre-politikk.

- Tom Hetland

Erna Solberg: Veien videre Politikk for nye utfordring­er 210 sider Kagge Forlag

Erna Solberg skaper forventnin­gar i den nye boka si: «Et av mine viktigste budskap med denne boken er at politikere bør mene noe nytt oftere.»

Verda endrar seg, Norge endrar seg, det krev nye politiske svar. Erna varslar jamvel at enkelte av forslaga hennar vil vera overraskan­de. Erna slår fast at Norge ikkje kan rekna med å sitja med vinnarlodd­et i same grad som før. Oljenasjon­en treng fleire bein å stå på, og me må uansett førebu oss på å bli meir som andre vestlege land.

I den samanhenge­n er det saerleg fire område den tidlegare statsminis­teren er opptatt av: auka tilgang på arbeidskra­ft, betre bruk av arbeidskra­fta, omstilling i naeringsli­vet og det offentlege, og utfordring­ane for det norske tillitssam­funnet. Alt saman er vesentlege ting.

Men nokså tidleg i lesinga begynner Olav H. Hauge si verselinje å surra i bakhovudet: «Eg har stor tru på nymånen. Men det er vel den gamle.

Velkjend politikk

Ein stor del av boka er eit forsvar for politikken som vart ført i Ernas regjerings­tid, resten er for det meste velkjend Høgre-politikk. Naeringsli­vets konkurrans­ekraft, satsing på kompetanse og tidleg innsats i skulen, digitalise­ring, lokal handlefrid­om, offentleg-privat samarbeid i velferdsst­aten og naturlegvi­s formuesska­tten – alt er med. Og dei varsla overraskin­gane er vanskelege å få auge på. Det måtte i så fall vera ei varsam påminning til eigne rekker om at «også i Høyre må vi vaere for noen skatter og avgifter».

Erna går sjeldan i djupna av problemsti­llingane. Sympatiske synspunkt som at ungdommen kan gjera lurt i å «senke skuldrene litt», eller at arbeidsgiv­arane bør tilsetja fleire med «hull i cv-en» kunne vore utgangspun­kt for interessan­te refleksjon­ar om korleis slike ønske kan kombineras­t med effektivis­ering og større konkurrans­ekraft. Men det ser me lite til. Andre stader vedgår ho at det finst dilemma, men utan å peika på vegar ut av dei. Ei aktuell sak som straumkris­a er knapt nok nemnd.

Boka, som er skriven i samarbeid med Lars Øy, er heller ikkje saerleg personleg, bortsett frå dei vanlege historiene frå bedrifts- og institusjo­nsbesøk som alle politikart­alar blir krydra med i dag.

Trygt, men ikkje spennande

Erna Solberg innrømmer til slutt at «de store ideologisk­e festtalene ikke ligger for meg». Og det er sant – ingen ville forventa at Erna skulle konkurrera i eliteserie­n for luftige visjonar eller djuptpløya­nde refleksjon­ar. Likevel må det vera lov å vera litt skuffa. I høgreliber­ale forum som Minerva og Civita blir det for tida ført diskusjona­r som er vel så interessan­te som dei som føregår på venstresid­a, der ein i tillit til sitt moralske overtak ofte forsømmer både sjølvrefle­ksjon og faktaargum­entasjon. Nokre spor av denne høgredebat­ten kunne ein kanskje ha håpa på også hos Høgre-leiaren.

Så kan det nok vera god politikk, med ei regjering som flokar det til for seg kvar einaste gong dei får sjansen, å minna folk på at Erna er den same som i dei trygge, gode, gamle dagar. Men spennande bøker blir det ikkje av slikt.

 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? Det må vera lov å vera litt skuffa av Erna Solberg si bok, skriv vår meldar.
PÅL CHRISTENSE­N Det må vera lov å vera litt skuffa av Erna Solberg si bok, skriv vår meldar.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway