Stavanger Aftenblad

Statleg sommel

LEIAR: Universite­tet i Stavanger klagar på statleg sommel frå Nokut. Det gjer dei heilt rett i.

-

Universite­tet i Stavanger (UiS) har søkt om å få oppretta profesjons­studium i psykologi. Den søknaden sende dei inn i midten av oktober i 2021. Det tok eit heilt år før dei fekk svar frå statlege Nokut, som er dei som skal godkjenna kvaliteten i høgare utdanninga­r her i landet. Svaret var ein foreløpig konklusjon, der det kom fram at det låg an til avslag på søknaden.

Dette fekk UiS tre veker på seg til å svara på. Ein så kort frist at ein kunne tru det var ganske små ting Nokut meinte skulle på plass. Det skal blant anna ha blitt peika på for lite forskingsk­ompetanse. UiS tilsette sju psykologar på den tida, alle med doktergrad, ved å ty til eit unntak i lovverket. Nokut brukte fire nye månader på å svara. Dei avslo søknaden. UiS kan søkja på nytt, men søknaden vil ikkje bli behandla før i 2024.

Når utdanninga­r skal etablerast utanfor dei institusjo­nane som alt har faget, er det alltid eit spørsmål om ein klarer å gi utdanninga høg nok kvalitet, og setja saman ein breitt nok fagmiljø for å få dette til. Sånn må det vera.

Samtidig er det alltid sånn at dei etablerte institusjo­nane, som universite­ta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø kjempar for å halda på sine revir.

Å brøyta seg veg i dette er ikkje lett.

I 1990 hadde Nord-Norge 21 psykologar. I 1991 etablerte Universite­tet i Tromsø sitt profesjons­studium i psykologi, og har seinare utdanna 45 psykologar i året, i 2021 var det samla talet 700. Tre år etter at dei er ferdig utdanna, jobbar 80 prosent ennå i landsdelen. I 2021 var UiT sitt studium dessutan det mest ettertrakt­a i landet.

Også frå psykiatrie­n ved sjukehuset vårt er erfaringan­e at å utdanna spesialist­ane sjølv gir meir stabil arbeidskra­ft. Folk blir.

For psykisk helsevern er også i vår region under sterkt press. Kommune og sjukehus konkurrere­r om dei same psykologan­e, barne- og ungdomspsy­kiatrien ved SUS har aldri hatt så mange innlagde som dei hadde i 2022.

Vi støttar UiS i å jobba hardt for å få på plass eit profesjons­studium i psykologi også her. Det må sjølvsagt ha høg nok kvalitet. Men det er heilt urimeleg at Nokut skal bruka eit heilt år på å finna ut om det er det, for så å gi universite­tet tre veker på å svara ut innvending­ane.

Ein kunne tenkt seg eit betre klima å jobba fram eit slikt studium i. Saksbehand­linga frå Nokut vitnar meir om stivbeint og gammaldags byråkrati, enn om vilje til å jobba fram høg kvalitet i viktige utdanninga­r.

Ein kunne tenkt seg eit betre klima å jobba fram eit slikt studium i.

 ?? CARINA JOHANSEN ?? Universite­tet i Stavanger (UiS) har søkt om å få oppretta profesjons­studium i psykologi. I januar i år fekk dei avslag.
CARINA JOHANSEN Universite­tet i Stavanger (UiS) har søkt om å få oppretta profesjons­studium i psykologi. I januar i år fekk dei avslag.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway