Stavanger Aftenblad

Ting vi ikkje liker

KOMMENTAR: Du ser barnet på bildet? All naering det har trengt, frå frø til minst åtte kilo leikande menneskeba­rn, kan det ha fått frå mor. Ikkje frå far.

- Solveig G. Sandelson Kommentato­r solveig.sandelson@aftenblade­t.no

Alt her blir det vanskeleg. Nei, det er ikkje alle som ammar barnet sitt, og det går heilt fint, for vi bur i Norge, vi har reint vatn og god tilgang på morsmjølke­rstatning. Og nei, det er ikkje alle familiar som består av mor, far og barn. Det kan også gå heilt fint. Og ja, far er ein fin og viktig omsorgsper­son, og ja, politikk verkar, og nei, mor treng ikkje vera heime akkurat like lenge som alle kollegaer og naboar og andre søstrer for at alt skal gå bra med alle. Og ja, eg syns også at vi bur i eit veldig, veldig fint og rikt land, og eg veit at ikkje alle har det sånn.

Men

Nokon publiserte nettopp denne setninga: «Kvinner og menn har ulik biologi, de lever ulike liv, og de rammes ulikt av sjukdom.»

Harald Eia var med på det. Professor Christine Meyer også. Dei var med i utvalet om kvinnehels­e. Dei slår fast ulikskap mellom kjønn. Kan du tenkja deg.

Rapporten var nedslåande. Kvinner kjenner seg ofte psykologis­ert over når dei kjem til legen med smerter. Den vanlegaste kvinnesjuk­dommen vi har, endometrio­se, får i gjennomsni­tt halda på i fred i sju år frå kvinna søkjer hjelp til den blir diagnostis­ert. Den rammar ti prosent av alle kvinner i Norge.

Heller ikkje at kvinner og menns hjarte, hjartelidi­ngar og symptom på hjarteinfa­rkt er ulike, slår sterkt nok inn til at det får følgjer for behandling­a.

Ei av årsakene, meiner Meyer og Eia og dei, er at vi i Norge er så opptekne av å behandla kjønn likt. Nødvendig kunnskap om det ulike når ikkje opp. Sjølv om det er helsefarle­g at det ikkje gjer det.

Det er det lett å sjå mange grunnar til. Likeverd og likestilli­ng står sterkt, det har blitt ein grunnleggj­ande verdi hos oss. Og når kvinner ikkje har eller ikkje har fått like rettar som menn, har det ofte blitt forklart nettopp med avgjerande forskjella­r mellom kjønn. Gjerne biologiske. Og gjerne heilt kokko. Anten det har gått i å få springa Holmenkoll­stafetten, delta i skiflyging, bli prest eller forskar eller gå utan skaut.

Slikt vil vi helst ikkje driva med lenger. Vi slettar alt som luggar. Det må bli likt. Det kan sikkert det, tenkjer vi vel, viss vi berre planlegg, organisere­r og bestemmer nok over folks liv.

Men

Det er jo ikkje heilt sånn. Kvinna, for eksempel, ber fram barn. Heilt frå frøet festar seg og sender mor ut på ein hormonheis­atur med meir og mindre artige utslag og innslag, av kvalme og matlyst og søvnbehov og boblar av bitte små bevegelsar frå eit anna liv, til velretta, harde spark mot ømme sidebein melder at nå er snart nok.

Då omtrent, på mystisk og ganske brutalt vis, set naturen i gang ei intens ommøblerin­g av vev og sener og store ledd, og drar kroppen til mor frå kvarandre på midten med ti centimeter, før den same naturen lar mor bli med på å pressa barnet ut. Mor blir fem–seks kilo lettare. Barnet blir lagt til brystet, der det gjerne koplar seg kontant fast. Og alle kanalar inn til mor er vidopne, unntatt den med mjølk. Enn så lenge.

Ein skal henta seg inn. Dei som lenge har vore to i ein, skal varsamt bli ein og ein. Spedbarn er forskjelli­ge, søsken er forskjelli­ge, dei kjem i fredelege sovevarian­tar, eller mindre fredelege vil-hamat-heile-natta-variantar. Dei kjem i flaske-går-fint-varianten, eller vil-hapupp-varianten.

Det lar seg ikkje alltid planleggja og ordna. Mor og far står ikkje på same startstrek, verken når barnet er seks eller sju månader. Det gjer ikkje to like gamle barn heller.

Men

Politikara­ne vil jo gjerne styra, viss dei finn det viktig nok. Forskjella­r mellom fattig og rik er ikkje så viktige å endra på for store parti, men forskjella­r mellom mor og far vil dei gjerne gripa inn i. Der bør det bli nokså likt.

I 2018 amma 78 prosent av mødrene i Norge enno barnet sitt når det var seks månader, fullt eller delvis. Då hadde dei ein månad igjen av permisjone­n sin, viss dei ville ha full lønn. For Stortinget bestemte det året at far skulle ta resten. Sånn er det enno. Mor må ta tre veker før termin, så er 15 veker hennar, 16 veker er felles, og 15 veker er far sine. I praksis betyr det at far tar 15 veker, mor tar 31. Far tar det Stortinget bestemmer han skal. Det har han gjort sidan fedrekvote­n blei innført i 1993.

Men mor har ikkje heilt oppført seg slik Stortinget tenkte ho skulle. Halvparten av mødrene tar nemleg også ut ulønt permisjon, viste tal frå Nav i 2021. Fire månader i snitt. Tilbake i 2008 gjorde berre 18 prosent av dei det.

Men

Det kan liggja ein koronaeffe­kt her. Kvinnene som er intervjua, hadde denne permisjone­n under pandemien. Det kan ha vore lettare å vera heime, og vanskelega­re med både jobb og barnehages­tart. Men tre av fire av kvinnene seier også at dei får for lite tid heime med barnet.

Nei, det er ikkje så farleg om norske familiar tar litt ekstra omsorgsper­misjon utan statens hjelp. Men det var neppe slik tredelinga av permisjone­n var meint å slå ut.

Det kan vera politikara­ne snubla i ei slags grense her, i når det er rett å behandla kjønn ganske likt, og når det fører til ny urett. Og med rekordlåge fødselstal, er det vel verdt å ta ein ekstra kikk på akkurat det.

Det kan vera det er omtrent her ulike familiar med ulike barn sjølv må få finna ut korleis liva skal gå i hop.

For mor og far står ikkje heilt på same startstrek. Og spedbarn ser ikkje ut til å vita at det finst ei slags politisk bestemt forventnin­g til korleis dei skal takla det der med mat og søvn og livet utan navlestren­g.

Vi slettar alt som luggar. Det må bli likt.

 ?? NTB ?? Babyar ser ikkje ut til å vita at det finst politiske forventnin­gar til dei.
NTB Babyar ser ikkje ut til å vita at det finst politiske forventnin­gar til dei.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway