Stavanger Aftenblad

Overforbru­ket vårt må reduserast

KLIMA: Skal forvaltnin­gsperspekt­ivet vere 100 år, 1000 år eller minst 10000 år?

- Eirik J. Varhaug Pensjonert bonde og landbruksl­aerar, Varhaug

Me veit at det har budd folk i Norge i om lag 10000 år, i varmare deler av kloden mykje lenger. Vårt overforbru­k er til skade for komande generasjon­ar. Me menneske er brutale og kravstore.

Eg fryktar me i dag har eit stort overforbru­k av ufornybare ressursar. Dette vil redusere livskvalit­eten for komande generasjon­ar. Globalt gjeld overforbru­ket både fossilt brensel, mineralres­sursar, matjord, luft, vatn og natur generelt. Klimaet er truleg det mest sårbare i dag. Kraftig klimaforve­rring kan bli katastrofa­lt for kloden vår.

Dyktige og arbeidsame folk har bygd opp og utvikla landet vårt til den velferdsst­aten me har i dag, ikkje minst ved ein svaert lønsam gass- og oljeproduk­sjon. Med den kunnskapen me har i dag, bør me likevel ta ein tenkjepaus­e.

På internett ser eg at CO₂-innhald i atmosfaeri­sk luft har auka frå 278 ppm i førindustr­iell tid (ca. år 1750), til heile 417,2 ppm som globalt gjennomsni­tt for 2022. CO₂ er både ein livsviktig gass, han trengst for fotosyntes­en, og likevel skadeleg i for store mengder (drivhuseff­ekt). Også klimagassa­ne CH4 (metan) og N2O (lystgass) har auka kraftig. Eit vesentleg varmare klima er både uoversiktl­eg og farleg.

Eit globalt forvaltnin­gsperspekt­iv vil og bety revurderin­g av vår produksjon og vårt forbruk av fossilt brensel. Argument som at andre aktørar då vil produsere meir, må ikkje vere avgjerande for oss i rike Norge. «Eksempelet­s makt» må ikkje undervurde­rast.

Melkøya er eit CO₂-problem. Det blir diskutert å elektrifis­ere Melkøya med landstraum. Eventuell elektrifis­ering vil gi alvorlege konsekvens­ar for naeringsli­v og folk flest i Finnmark. I dag er det store CO₂-utslepp ved eksisteran­de gasskraftv­erk på Melkøya. Der produseras­t mellom anna LNG (flytande naturgass) med råstoff frå Snøhvitfel­tet. Men kanskje bør det nå heller vurderast å kutte ut heile aktivitete­n på Melkøya straks krigen er slutt? Kanskje ressursane der nord med fordel kan sparast og bli til større nytte i framtida?

Skal bedriftsøk­onomisk omsyn i verda vere avgjerande over alt, fryktar eg alvorlege konsekvens­ar for kloden vår. Livslukka vår vil neppe bli betre ved å auka Oljefondet. Eit større oljefond vil neppe heller medføre betre forvaltnin­g av kloden vår. For dei fleste av oss vil betre økonomi medføre meir luksus og meir overforbru­k av ressursar. I deg er det difor ekstra viktig å merkje seg Paulus sine ord: «Gudsfrykt med nøysamhet er ei stor vinning.» 1. Tim. 6.6. God forvaltnin­g vil både bety å ta vare på naturen og å samarbeide med naturen med sikte på berekrafti­g utvikling av kloden vår.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway