Stavanger Aftenblad

Ein rasande soldats spørsmål

BOK: Pavel Filatjevs dagbok frå Ukrainakri­gen er ei avslørande innsidefor­teljing om russisk kaos og forfall.

- Tom Hetland

Pavel Filatjev:

Zov En russisk soldats forbudte dagbok fra krigen i Ukraina Omsett frå russisk av Steinar Gil 198 sider Vigmostad & Bjørke

Kvifor har Russlands invasjon av Ukraina blitt ein militaer fiasko? Korleis kunne den frykta russiske haeren visa seg så svak i kamp? Ei dagbok frå dei første par månadene av krigen, ført i pennen av fallskjerm­soldaten Pavel Filatjev, gir mykje av svaret. I august i fjor la han dagboka ut på det russiske sosiale mediet Vkontakte. Deretter flykta han frå landet. I dag bur han på hemmeleg adresse i Frankrike.

Filatjev (f. 1988) reknar seg som russisk patriot og var i utgangspun­ktet ingen opposisjon­ell, sjølv om han nok var mindre redd for å utfordra sine overordna enn dei fleste. Han har bakgrunn frå ein militaerfa­milie i Sør-Russland og gjorde sjølv teneste i Tsjetsjeni­a. Etter nokre år som hestetrena­r gjekk han på grunn av pengemange­l inn i haeren igjen.

Kaos og korrupsjon

Filatjev var med på angrepet mot Kherson og kjempa deretter ved Mykolaiv, der den russiske offensiven vart stansa. Han fortel ikkje om spesielt blodige kampar eller overgrep mot sivile. Det er den kvardagsle­ge, men katastrofa­le normaltils­tanden som er hans tema. Eks-soldaten skildrar ein haer i kaos, forfall og demoralise­ring. Ingen fortel soldatane kvifor dei er i Ukraina, dei blir respektlau­st behandla, gevaera er rustne, uniformene er gamle og sjuskete, maten knapp og den medisinske behandling­a dårleg. Korrupsjon­en og smiskinga for dei som sit høgare i systemet er øydeleggja­nde.

«Denne haeren trenger ingen fiende. Den tilintetgj­ør seg selv», konkludere­r Filatjev. Det einaste som held kampviljen oppe, er solidarite­ten med kameratane i det som er frontsolda­tens evige skvis: Enten drep du fienden, eller så drep han deg. Men samtidig veks raseriet: «Hvordan kan regjeringe­n drite i dem som med livet og helsen som innsats skal realisere deres helt ubegripeli­ge planer?» Erfaringan­e frå kampane får Filatjev til å stilla stadig fleire enkle, men sentrale spørsmål: Manglar Russland verkeleg meir territoriu­m? Kva moralsk rett har Russland til å angripa eit anna land? Korleis har millionar av russarar kunna tillata at landet har falle i grus på denne måten? Vil dei verkeleg at barna deira skal veksa opp i eit slikt samfunn?

Det rettferdig­e sinnet

Til slutt endar Filatjev, som så mange andre russiske opposisjon­elle gjennom tidene, med å følgja eit moralsk imperativ: Skal Russland bergast frå undergange­n, må nokon fortelja sanninga. Og kven er naermare enn ein som har opplevd krigen på kroppen? «Hvis ikke jeg har rett til å si: «Nei til krigen!», hvem har da rett til å starte en krig?» Filatjev avsluttar med patos at han er meir redd for Guds dom dersom han teier enn for ein russisk domstol dersom han snakkar ut. Tittelen «Zov» er i tillegg til ei militaer forkorting også det russiske ordet for «rop» eller «kall». Det er vanskeleg å gi terningkas­t til ei slik bok. Å snakka om form og litteraere kvalitetar blir underordna i forhold til autentisit­eten: naerbilda frå fronten, det rettferdig­e sinnet, systemkrit­ikken som spring ut av dei konkrete opplevinga­ne. Stilen er upolert og direkte, med soldatens sjargong. Verdien av Filatjevs dagbok for å forstå det som skjer på innsida av den russiske haeren og det russiske samfunnet gjer at eg landar på ein femmar. Til det medverkar også Steinar Gils framifrå omsetjing, ikkje minst dei mange nyttige forklaring­ane av russiske forkorting­ar og militaere uttrykk.

Ivan Ave: «All season gear» (Mutual Intentions)

Eivind Øygarden er rapperen Ivan Ave. Og han leker seg videre innover i sitt sjarmerend­e og skarpe univers. Som tittelen antyder er dette en plate som

 ?? LIBKOS / AP ?? Kvifor har Russlands invasjon av Ukraina blitt ein militaer fiasko? Ei dagbok frå dei første par månadene av krigen, ført i pennen av fallskjerm­soldaten Pavel Filatjev, gir mykje av svaret.
LIBKOS / AP Kvifor har Russlands invasjon av Ukraina blitt ein militaer fiasko? Ei dagbok frå dei første par månadene av krigen, ført i pennen av fallskjerm­soldaten Pavel Filatjev, gir mykje av svaret.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway