Stavanger Aftenblad

– Veldig glad for å få sjansen

KUNSTLØP: Ho er berre 17 år og kan framleis konkurrere i juniorklas­sa. Men Mia Risa Gomez frå Stavanger er alt klar for sitt første VM – som senior. Draumane er endå større.

- Mari Sollid Eide mari.sollid.eide@aftenblade­t.no

Popmusikk rungar over anlegget i Siddishall­en. I den kalde hallen er det full aktivitet på isbana.

Det er tett mellom spektakula­ere hopp, piruettar og krevjande triks.

Mia Risa Gomez frå Stavanger skil seg ut. Det er ikkje vanskeleg å sjå at ho held eit høgt nivå, også på trening.

I desember deltok 17-åringen på ein internasjo­nal konkurrans­e i Budapest. Der sette ho heile tre norske rekordar: I kortløp, friløp og totalt.

Samstundes klarte ho VM-kravet for seniorar som tredje norske kunstløpar gjennom tidene.

– Overgått forventnin­gane

På sidelinja i Siddishall­en står Sara Perl og gjev tydelege instruksjo­nar. Trenaren, som sjølv har deltatt i seks VM i synkronskø­yting for Kroatia, har følgd Mia sidan ho var åtte år.

– Ho utviklar seg veldig, veldig bra. Denne sesongen har vi forventa mykje, men ho har overgått planen og forventnin­gane, seier trenaren som kom til Stavanger Kunstløpkl­ubb i 2010.

Alt i sitt første løp denne sesongen, viste 17-åringen at nivået hennar var betre enn nokon gong. Då blei det ny personleg rekord på friprogram­met.

Og det tok ikkje lange tida før nye rekordar var sett.

– Veldig glad

I slutten av januar fekk stortalent­et debuten i eit internasjo­nalt seniormeis­terskap under EM i Finland. For første gong på fem år hadde Norge ei kvinne i finalen då Gomez blei nummer 22.

Den fantastisk­e sesongen stoppa ikkje der. Førre veke fekk Mia endeleg bekrefta årets store mål: Ho skal til VM i Japan i slutten av mars.

– Det er litt sinnssjukt. Eg er veldig glad for å få sjansen. Eg gler meg veldig, seier 17-åringen.

Tida fram mot VM blir brukt til å terpe. Detaljane skal sitte. Så brukar ho erfaringa ho fekk i EM inn mot verdsmeist­erskapet.

EM var hennar første verkeleg store konkurrans­e med eit stort publikum. No veit ho delvis kva ho kan forvente i VM. Ho kjenner atmosfaere­n og trykket frå publikum.

Det gjev ei tryggleiks­kjensle. Samstundes veit ho at nervane kan kome, slik dei gjorde då ho skulle starte langprogra­mmet i EM.

Handtere nervar

I VM i Japan er det venta stappfulle tribunar og opp mot 20.000 tilskodara­r.

– Det er litt skummelt, eg er ikkje vand med å skøyte føre kjempemang­e. Eg får prøve å ikkje legge for mykje fokus på det. Så er publikum der for å heie og sjå på, så det er litt koseleg. Eg får prøve å handtere nervane og presset, seier Gomez.

På tribunen blir det ikkje berre framande. Heile familien med mamma, pappa og veslesøste­r Ella reiser til Japan for å heie fram Mia.

12 år gamle Ella har, i likskap med storesøste­r Mia, tatt steg denne sesongen. Mellom anna har ho ein andreplass å vise til frå NM i klasse Debs A.

– Vi trenar saman. Eg syns det er kjekt å sjå utviklinga hennar. Ho er min største fan og støttespel­ar. Ho heiar alltid på meg, det syns eg er skikkeleg søtt. Eg er veldig takksam for ho, ho hjelp meg mykje, seier Mia om veslesøste­ra.

Storesøste­r meiner det hadde vore stor stas om både ho og Ella fekk delta i store meisterska­p saman, men peikar på at det blir svaert vanskeleg. Då må nemleg 17-åringen kome topp ti i eit meisterska­p året før dersom Norge skal få to plassar. Og slik det er no, er det krevjande nok å få éin norsk løpar til store meisterska­p.

– Men det hadde vore kjekt å sjå at ho klarte å kome til store meisterska­p. Eg skal prøve å heie på ho, slik ho heiar på meg, seier Mia.

Lokal 17-åring fekk draumebesk­jed:

Det store målet

Sjølv har Mia store ambisjonar på

kunstløpar­enaen. Det store målet, som ho alt har peika seg ut, er OL i 2026 i Italia.

– Eg er veldig motivert. Eg veit det er lenge til, men det er ikkje så lenge til. Eg tenker eg berre må trene og få til dei vanskelege elementa så fort som mogleg. Så kan eg få tid til å stabiliser­e dei, det er det som tar lengst tid: Å ikkje berre klare det éin gong, men mange gongar. Eg har tre år på meg til å trene og kvalifiser­e meg. Så eg håpar det går, seier ho og smiler.

Skal vi tru trenaren som har følgd Gomez sidan ho var åtte år, er det slett ikkje urealistis­k at vi får sjå ei kvinne frå Stavanger på OL-isen om tre år.

– Eg trur det er veldig sannsynleg dersom ho held fram som til no. Sjølvsagt er det mange eksterne faktorar som kan skje med skader, istid og treningsme­ngde. Eg likar ikkje å love ting, for vi veit aldri. Men om ho jobbar slik ho gjer, om vi stadig har dei fantastisk­e fasiliteta­ne og ho får den hjelpa ho treng, då er det oppnåeleg.

Sanke erfaring

Før jakta på OL-billett for alvor startar, skal Mia debutere i VM. Meisterska­pet føregår frå 20. mars til 26. mars.

Målet er først og fremst å få ei god oppleving og sanke erfaring. Forventnin­gane er senka samanlikna med EM, for Gomez fortel at nivået er mykje tøffare i verdsmeist­erskapet.

– Det er veldig vanskeleg å kvalifiser­e seg til finalen. Det hadde vore veldig kjekt, og eg håpar det litt. Eg skal ikkje seie det er usannsynle­g, men det er veldig høg konkurrans­e. Då må alt klaffe veldig, eg har ikkje råd til ein einaste feil. Eg vil ikkje ha for mykje press på det, det får gå som det går, seier ho.

 ?? GUNVOR BAY ?? Mia Risa Gomez har levert den eine rekorden etter den andre denne sesongen. Som tredje norske kunstløpar gjennom tidene klarte ho poengkrave­t til senior-VM.
GUNVOR BAY Mia Risa Gomez har levert den eine rekorden etter den andre denne sesongen. Som tredje norske kunstløpar gjennom tidene klarte ho poengkrave­t til senior-VM.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway