Stavanger Aftenblad

Norsea er eit av over 30 selskap i tøff konkurrans­e

TANANGER: Knallhard konkurrans­e ventar dei mange selskapa som vil bygga ut havvind utanfor Utsira og sør i Nordsjøen. For «oljebasen» i Tananger står mykje på spel.

- Kristine M. Stensland Journalist kristine.stensland@ aftenblade­t.no Jon Ingemundse­n Fotograf jon.ingemundse­n@ aftenblade­t.no

– Utbygginga­ne kan gje mange år med godt arbeid, og seinare kjem arbeid knytt til drift og vedlikehal­d, seier Tore Jacobsen, salsog marknadsan­svarleg i Norsea Logistics.

Alt frå internasjo­nale energikjem­per til nye spesialsel­skap varslar at dei vil konkurrera om å få vera norske havvind-pionerar. Sjå oversikta og kartet.

Blant dei er Stavanger-baserte Norsea som har 60 års historie midt i smørauget av norsk offshorein­dustri.

Basane til Norsea, i Tananger og Dusavik, er mest kjent som oljebasar. Men no håper Jacobsen at basane også vil bli flittig brukt når havvind for alvor skal bli ei naering i Norge. Dei fyrste store utbygginga­ne har aldri vore naerare enn dei er no.

Ein kort historikk og eit framoverbl­ikk:

12. juni 2020: Dåverande oljeog energimini­ster Tina Bru

(H) opnar områda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II for havvind.

Innan utgangen av mars,

2023: Regjeringa skal lysa ut områda, slik at selskap kan søka på dei.

Innan året er omme, kan det henda at me veit kven som får bygga.

Kanskje vil me innan 2030 kunna bruka straum produsert på dei fyrste store, norske havvind-anlegga.

– Stor som ein fotballban­e

– Havvind vil kunna gje oss fleire arbeidspla­ssar, seier Eline Lyngstad, oppdragsko­ordinator på Norsea-basen i Tananger.

Dersom havvind-delar skal gå via basen deira, må ho finna ut korleis dagens bruk kan kombineras­t med nye oppgåver.

Havvind-oppdrag vil innebera at dei får gjera meir av det dei allereie gjer, nemleg handtera og klargjera tungt materiell.

– Voluma blir større. Eit understell til ein av dei største flytande vindturbin­ane er på størrelse med ein fotballban­e, og tårnet kan vera 100 meter høgt, seier Jacobsen.

Logistikk-selskapet til Norsea er ikkje direkte involvert i konkurrans­en om sjølve utbygginga­ne. Men ei anna grein i Norsea-grup

Held fram side 10

 ?? ??
 ?? ?? –Havvind vil kunna gje oss fleire arbeidspla­ssar, seier Eline Lyngstad, oppdragsko­ordinator på Norsea-basen i Tananger.
–Havvind vil kunna gje oss fleire arbeidspla­ssar, seier Eline Lyngstad, oppdragsko­ordinator på Norsea-basen i Tananger.
 ?? ??
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway