Stavanger Aftenblad

Veksten på Jaeren må dempast

- Dag Raustein Leiar, Jordvernfo­reningen i Rogaland

JORDVERN: I Aftenblade­t av 9. mars er det ein reportasje med overskrift­a «Høyretopp i Stavanger frykter statlige arbeidspla­sser glipper for Stavanger». Det er ordførarka­ndidat Sissel Knutsen Hegdal (H) som målber denne frykta. Stortingsr­epresentan­t Geir Pollestad (Sp) prøver å roa dette ned.

I Jordvernfo­reningen i Rogaland har me nok eit anna syn på saka, eit syn me har framført i vår høyringsfr­åsegn til den nye jordvernst­rategien som regjeringa nå arbeider med.

Me som har følgt utviklinga på Jaeren i over 50 år, sidan oljeverkse­mda blei etablert her, har i alle desse åra vist til dei uheldige sidene ved at folkevekst­en her i området har lege på, eller over, det doble av landsgjenn­omsnittet. Her midt i det beste matfatet i Norge. Veksten har vore svaert uheldig sett med lokale auge, med tanke på nedbygging av enorme areal høgprodukt­iv jord. Og det har ikkje minst vore usolidaris­k i høve til resten av landet som så veks mindre enn gjennomsni­ttet, eller endåtil har negativ vekst.

På Jaeren er det i den omtalte perioden bygd ned minst 40.000 dekar jordbruksa­real, tilsvarand­e halvannan gong totalareal­et for Randaberg kommune, eller meir enn heile jordbruksa­realet i Sola.

I vår høyringsfr­åsegn til Landbruksd­epartement­et til ny jordvernst­rategi har me innstendig bede om at det anten blir sett inn positive tiltak for å styrkja andre område, eller om nødvendig, negative tiltak for området vårt for å få ein meir balansert vekst i heile landet.

Me veit me kjem til å trengja all dyrka jord me har i framtida, kanskje også på kort sikt når me ser kva som skjer i verda i dag. Så får det våga seg at «dei Stavanger» syter over å ikkje få alt dei ber om.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway