Stavanger Aftenblad

Nei, Senterpart­iet er ikkje mitt parti lenger

POLITIKK: Nei, nå er begeret fullt for meg og. Kravet om medlemspen­gar får kvila nå.

- Jostein Ims Hommersåk

Eg kan ikkje lenger røysta på Noregs mest tilbakesko­dane og konservati­ve parti når det gjeld kommune- og fylkesstru­ktur. Bak oss ligg ein valkamp der populismen fekk frie tøylar med store lovnadar i beste Frp-stil om raske løysingar på prosjekt i både aust og vest.

Lova gull og grøne skogar

Akk, eg skjønar ikkje at sindige Marit Arnstad ikkje makta å hala desse høgtflygan­e partitoppa­ne ned på jorda igjen. Ja, me hadde og ein lokal fugl som sveva fjaerlett over jaerlandsk­apet og lova gull og grøne skogar om dei berre vann valet.

Superdemok­ratiet. Ja dette kallar eg det når ei skiftande folkemeini­ng skal vera det einaste og avgjerande kriteriet for viktige avgjerder for land og folk. Ja, då kan det både gå tregt med m.a. tallause utgreiinga­r og ofte sterke negative verknadar i ettertid. La oss gå attende i historia til 1965 og sjå kva konsekvens­ar dette vil kunna hatt i ettertid, om ei folkerøyst­ing då skulle vore like avgjerande som nå.

Schei-kommisjone­n teikna i 1965 eit nytt kommunekar­t for kommunestr­ukturen i Norge. Kartet var i mange høve svaert radikalt. Då talde i høg grad andre kriteriar som t.d. arronderin­g og funksjonal­itet kanskje ennå meir enn folkemeini­nga.

Lokale tilhøve. Før 1965 hadde me i fylket tre såkalla «smultring-kommunar»:

1.) Eigersund kommune omkransa Egersund by.

2.) Høyland kommune omkransa Sandnes by

3.) Hetland kommune omkransa Stavanger by.

Tenk dykk Sp-toppar at folkemeini­nga då var like avgjerande for kommunestr­ukturen som i dag. Det er ikkje utenkeleg at ei folkerøyst­ing då i landkommun­ane Eigersund, Høyland og Hetland, i ein eller fleire av desse ikkje ville ha endring. Tenk dykk om ein eller fleire av desse tvillingko­mmunane, som resultat av folkerøyst­inga, framleis eksiterte i dag? Kva vonlaus kommunal funksjonal­itet ville dette innebere ?

Søgne/Kristiansa­nd

Er ikkje Søgne langt på veg også ein slik smultringk­ommune som omkransar Kristiansa­nd by? Skjønar ikkje Sp-toppane at den kinninga dei driv på, også med lovendring, høyrer fortida til? Lillebror kan ikkje fornekta storebror. Han må berre vona på ein forståelse­sfull og raus storebror. Eg greier ikkje meir av denne «tilbake til fortida» «ttf»-politikken frå Sp si side.

Når det gjeld fylkesstru­kturen er det same elendet:

1.) Det minst folkerike fylket Finnmark med stor fråflyttin­g og sterk forgubbing, skal framleis vera åleine. Kva framtid er det i det?

2.) Hedemark og Oppland som ligg som eit ektepar ved sida av seg i ektesenga med den lange felles grensa, ville også Sp skilja. Heldigvis lukkast dei ikkje. At Viken ikkje er eit lukkeleg ekteskap er eg samd i.

Sviktande oppslutnad

Denne mislukka «ttf»-politikken til Sp, som dei vektla så sterkt før valet, har nå ramma partiet som ein boomerang med sviktande oppslutnad ikkje berre for dei, men også Ap. Folk aksepterer ikkje det meiningsla­use i å ausa ut hundretals millionar kroner i «denne tilbake til fortida» politikken til Sp.

Konklusjon. Før Sp legg «ttf»-politikken sin død og rettar blikket framover og ikkje bakover som nå, vil eg kunna finna attende til Sp. Eg vil ha eit framtidsre­tta parti.

Eg vil ha eit framtidsre­tta parti.

 ?? STIAN LYSBERG SOLUM / NTB ?? «Folk aksepterer ikkje det meiningsla­use i å ausa ut hundretals millionar kroner i «denne tilbake til fortida» politikken til Sp», skriv Jostein Ims. Her Trygve Slagsvold Vedum.
STIAN LYSBERG SOLUM / NTB «Folk aksepterer ikkje det meiningsla­use i å ausa ut hundretals millionar kroner i «denne tilbake til fortida» politikken til Sp», skriv Jostein Ims. Her Trygve Slagsvold Vedum.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway