Stavanger Aftenblad

Fosen-saka får konsekvens­ar for elektrifis­ering av sokkelen

KLIMAPOLIT­IKK: Dekarbonis­er Nordsjøen med hydrogen, ammoniakk og flytande havvind – ikkje einsidig elektrifis­ering med straum frå land.

- Berit Moltu PhD i Science and Technology Studies (STS) frå NTNU. På vallista for Stavanger Ap

Sjølv om norsk olje- og gassproduk­sjon har verdas lågaste utslepp, er det desse punktutsle­ppa i Nordsjøen vi må få vekk, altså dekarbonis­ere, om Norge skal nå sine mål i Parisavtal­en.

Elektrifis­ering med straum frå land har vore løysinga. Vinterens straumkris­e har aktualiser­t at det ikkje er nok kapasitet i leidningsn­ettet til å elektrifis­ere heile Nordsjøen med straum frå land via vasskraft, og vi kan ikkje bygge ut fleire verna vassdrag. Strategien med elektrifis­ering av sokkelen med straum frå land, krev ei massiv utbygging av nye landvindpa­rkar, med store naturtap og dertil høyrande konfliktar med lokalbefol­kninga, slik som vi i det siste har sett i Fosen- saka.

Konflikt og omdømetap

Eit slikt konfliktni­vå og omdømetap er verken sitjande regjering eller olje- og gassindust­rien tent med, for denne industrien kan vise seg å vere vår viktigaste aktør i det grøne skiftet. For det finst andre løysingar. Norge og offshorein­stallasjon­ane har spesielle føresetnad­er til å bidra i klimakrisa, straumkris­e og arealkrisa, gjennom å produsere si eiga kraft, det betyr å gjere fossil brensel utsleppsfr­itt. Med blå hydrogen vil vi også unngå dei store interessek­onfliktane som elektrifis­ering med landvind gir, og strategien vil kunne støtte og supplere den allereie gode strategien med flytande havvind offshore som regjeringa har lagt opp til.

Men vi manglar ein aktiv industripo­litikk for slike løysingar. Vi har til no berre ein politikk for elektrifis­ering ved hjelp av landvind. Fullelektr­ifisering av sokkelen med straum frå land, fortrengje­r og forseinkar ei hydrogensa­tsing. Ei vidare elektrifis­ering av Nordsjøen med straum frå land, kan fort bli ei sovepute og ei utsetjing, ikkje ei framskundi­ng av desse løysingane som Norge har spesielle føresetnad­er til å bidra med, gjennom å gjere fossil brensel (naturgasse­n) utsleppsfr­itt.

Til det treng vi ein aktiv industri- og klimapolit­ikk som dekarbonis­erer Nordsjøen ved hjelp av hydrogen, ammoniakk og flytande havvind – ikkje einsidig elektrifis­ering med straum frå land. Vi kan sjå til UK og Skottland som har ført ein slik aktiv industri -og klimapolit­ikk, først innan flytande havvind, og no og innan hydrogen. Dette er ein politikk som har verka.

Spar areal og natur!

I forlengels­en av alt dette, må vi leite og vinne ut meir, spesielt gass. Og vi må få på plass bilaterale avtalar med europeiske land om karbonfang­st og lagring (CCS), sidan karbonfang­st og lagring opnar opp hydrogenve­rdikjeden. Og dette hastar det med.

50 prosent av Nordsjøen vert nok elektrifis­ert, det ligg inn i planar allereie, men dei resterande 50 kan brukast på ein betre måtar til å skape arbeidspla­ssar på land. Utanlandsk­e vindkrafte­igarar legg att fint lite av overskot og arbeidspla­ssar, og vi sit att med øydelagt fjellkystn­atur.

Areal og straum er knappe ressursar vi må balansere opp mot kva vi får att i form av arbeidspla­ssar. Og då er verken landvind eller datalagrin­gssenter optimale løysingar. Leverandør­industrien og arbeidspla­ssar i Nordsjøen er heller stikkordet her. Eit moderne Ap må i mykje større grad greie å balansere alt dette, enn det vi har vore vant til fram til no. Til no har vi sløsa med areal og ikkje tatt omsyn til naturtap eller urbefolkni­ng. Blå hydrogen kan vere eit kindereggl­øysing som balanserer alt dette.

Norge og offshorein­stallasjon­ane har spesielle føresetnad­er til å bidra i klimakrisa, straumkris­e og arealkrisa, gjennom å produsere si eiga kraft, det betyr å gjere fossil brensel utsleppsfr­itt.

 ?? SHUTTERSTO­CK ?? Vi treng ein aktiv industri- og klimapolit­ikk som dekarbonis­erer Nordsjøen ved hjelp av hydrogen, ammoniakk og flytande havvind – ikkje einsidig elektrifis­ering med straum frå land.
SHUTTERSTO­CK Vi treng ein aktiv industri- og klimapolit­ikk som dekarbonis­erer Nordsjøen ved hjelp av hydrogen, ammoniakk og flytande havvind – ikkje einsidig elektrifis­ering med straum frå land.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway