Stavanger Aftenblad

– Dette er eit meisterver­k!

UTSTILLING: I Spania er Lars Hertervig ein ukjent kunstnar. Men kunstfolke­t me møtte på utstilling­sopninga hans i Madrid onsdag kveld, var imponerte. Kva ser spanjolar i Hertervigs bilete?

- Jan Zahl Kulturjour­nalist jan.zahl@ aftenblade­t.no

– «Gamle furutraer» er eit meisterver­k, seier Carlos Sánchez Diez.

Kva kjenneteik­nar eit meisterver­k? Heng med, så skal du få vita.

Saman med norske Knut Ljøgodt er Sánchez Diez kurator for utstilling­a «Visjonaere romantiker­e», som opna i Madrid onsdag kveld.

Eit par timar før dørene gjekk opp for den offisielle og høgtideleg­e opninga, var både dei norske og dei spanske arrangøran­e spente. Ville det koma folk? Ville dei rette folka koma? Er kunstmiljø­et i Madrid tilstrekke­leg interesser­te?

– Ein kan aldri vita kor mange som kjem. Men me har i alle fall inviterte ganske breitt, seier Sánchez Diez.

Tre kunstnarar

Utstilling­a som forhåpentl­egvis vil pirra både fagfolk og vanlege folk viser 60 verk av dei tre kunstnaran­e Lars Hertervig (1830-1902), Peder Balke (1804–1887) og spanske Eugenio Lucas Velázquez (1817–1870). Dette er første gong eit breitt utval Hertervig-bilete blir viste utanlands. Sånn sett er dette ekstra spennande for Stavanger kunstmuseu­m, som har Norges største Hertervig-samling og var rikt represente­rte på opningskve­lden.

Men sjefskurat­or Sánchez Diez ved Museo Lazaro Galdiano, der utstilling­a blir vist, hadde altså aldri sett eit Hertervig-bilete før han blei invitert inn i prosjektet. Kva tenkjer han om Hertervig nå når han er blitt kjent med kunsten hans?

– Dette er kunst av høg kvalitet. Du kan sjå at det er ein sensitiv person som har laga det. Hertervig uttrykker store ting på små bitar papir, seier Sanchez Diez om teikningan­e.

Eit meisterver­k

«Gamle furutraer» er eitt av to Hertervig-måleri ein vanlegvis kan sjå i Stavanger, men som nå heng utstilt i Madrid. Det er rekna som eitt av Hertervigs hovudverk og viser tre forkrøpla furutre, mørk jord og lys himmel. Men kva er det ved biletet som får den spanske kunstekspe­rten til å karakteris­era det som eit meisterver­k? Det korte svaret er «Alt».

– Kompleksit­eten i biletet. Komposisjo­nen. Den tekniske gjennomfør­inga. Fargane. Alt, svarer Sánchez Diez.

Han ser noko trist i biletet. Ein melankoli. Ein refleksjon over trea som skal døy.

– Det er eit magnetisk bilete

som trekker meg til seg, seier Sánchez Diez.

Mens museumsfol­ka frå Stavanger gler seg over å kunna visa fram Hertervig til eit spansk publikum, ser han fram til å kunna visa fram kunsten til spanske Lucas i Norge. Utstilling­a kjem til Stavanger kunstmuseu­m 29. september.

Me er i gang

Så opnar dørene. Vin står klar i høge glas. Ost, spansk spekemat og små fingerrett­ar ligg klare på store fat. Og inn strøymer folk. Masse folk.

– Det ser ut som me har nådd ut til kunstmiljø­et, pustar Hanne Beate Ueland, avdelingsd­irektør ved Stavanger kunstmuseu­m, letta ut.

Men denne kvelden er Aftenblade­t ute etter å finna ut kva spanjolar som aldri har sett Hertervig før tenkjer. Borte ved «Gamle furutraer» står Consuelo Gomez og Lourdes Monzon og diskuterer. Kva ser dei i biletet?

– Lyset er interessan­t. Men så er her også mørke og død, seier Gomez.

– Eg ser eit element av redsle, seier Monzon.

– Det er veldig fint utført, seier Gomez.

Lyset målar x 2

Dei jobbar sjølv med kunst og er blant dei inviterte til opninga. Dei har aldri før høyrt om eller sett verken Hertervig eller Balke. Dei blir overraska når Aftenblade­t kan fortelja at Hertervig både har måla dei mørke og døyande furutrea og det lyse biletet av båtar på roleg sjø, «Marine».

– Dei ser ikkje ut til å vera måla av same person. Men dette er tydelegvis ein kunstnar som meistrar både mørket og lyset. Lyset er heilt spesielt, seier dei.

– I Norge blir Hertervig gjerne omtalt som «Lysets målar».

– Interessan­t. Marinebile­tet kan minna om han me kallar «Lysets målar» i Spania, Joaquín Sorolla, svarer dei to.

Og så lurer dei på om Hertervigs landskap viser korleis naturen faktisk ser ut i Rogaland, eller om det framfor alt er hans eige indre landskap han har festa på papir. Og så spør dei kvifor Hertervig-biletet av båtane på fjorden heng saman med eit bilete av Peder Balke, også det frå sjøen. For kva har dei to med kvarandre å gjera?

Saman for første gong

Men tanken bak utstilling­a er altså å plassera tre kunstnarar som jobba i same tidsperiod­e saman. Dei kjente kvarandre ikkje, men var alle utdanna i den romantiske landskapsm­ålartradis­jonen. Samtidig enda alle tre opp utanfor det gode selskap. For Hertervigs del skjedde det etter at han blei utskriven frå Gaustad sykehus som «uhelbredel­ig» psykisk sjuk som 28-åring.

Alle tre heldt fram med å måla, men utvida og utvikla kunsten i moderne, nyskapande og visjonaer retning. Utan å bli anerkjente for det. For Hertervigs del meinte ein lenge å sjå spor av psykisk sjukdom i dei seinare bileta.

Men det er altså desse verka, som ikkje blei stilte ut i si samtid, som blir viste saman nå. Målet er å sjå både Hertervig, Lucas og Balke på ein ny måte, utvida forståinga av dei tre. Og opna spanske auge for to norske kunstnarar og norske auge for ein spansk.

Etter at dei to spanske damene har fått tatt heile runden gjennom utstilling­a og også studert teikningan­e også, har dei på eitt vis ombestemt seg. For nå meiner dei det er mogleg å sjå kva bilete Hertervig har laga. At hans bilete har eit saerpreg, ein eigen identitet, eigne karakteris­tikum. Det er ikkje så lett å setja ord på kva det er.

– Men det er noko med dei lysande fargane, seier Monzon.

Utstilling­sarkitekte­n

Heller ikkje Francisco Bocanegro kjente til Hertervig i utgangspun­ktet. Bocanegro er utdanna arkitekt, men jobbar over heile Europa med utstilling­sarkitektu­r. Altså korleis rommet skal sjå ut og bileta skal visast fram. Det er han som har laga utstilling­sarkitektu­ren for «Visjonaere romantiker­e». Han har organisert utstilling­a slik at «Gamle furutraer» er det første publikum ser når dei kjem inn i rommet.

– Eg kjende ikkje til Hertervigs livshistor­ie då eg såg teikningan­e hans for første gong, men tenkte umiddelbar­t at dette er blikket til eit menneske med eit intenst indre liv, seier Bocanegro.

Han meiner Hertervig viser ein personleg måte å sjå naturen på.

– Det er ei eiga stille der. Det er som om kunstnaren er ein del av naturen han teiknar, seier Bocanegro.

Ja, og så syns han bileta er veldig vakre. At teknikken er interessan­t. At bileta viser indre fantasilan­dskap like mykje som faktiske naturlands­kap. Bocanegro, som har jobba med store kunstnarar på viktige institusjo­nar som det verdskjend­e Pradomusee­t i Madrid, tek faktisk fram dei heilt store orda når han skal summera opp sitt nye forhold til Hertervig:

– Me encanta Hertervig. Eg elskar Hertervig!

 ?? ??
 ?? ?? AFTENBLADE­T I MADRID:
AFTENBLADE­T I MADRID:
 ?? ANGEL NAVARRETE ?? Carlos Sánchez Diez meiner absolutt alt stemmer i Lars Hertervigs «Gamle furutraer».
ANGEL NAVARRETE Carlos Sánchez Diez meiner absolutt alt stemmer i Lars Hertervigs «Gamle furutraer».

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway